Artikel nr 10 fra blad nr 3-2024
David og Goliat


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Ragnar Opstad

Filistrane til strid mot Israel
1 Sam 17,3-5: ”Filistrane stod attmed fjellet på eine sida, og israelittane attmed fjellet på hi sida, så dei hadde dalen imellom seg. Då kom det ei holmgangskjempe ut frå filisterleiren. Han heitte Goliat og var frå Gat. Han var seks alner og ei spann høg (tre meter og tjuefem cm) På hovudet hadde han ein koparhjelm, og han var kledd i ei skjelbrynje. Brynja vog 5000 sekel kopar” (5,7 kg).
Han steig fram og ropa over til Israelsfylkinga og sa til dei: – Vel ut ein mann og lat han koma ned til meg! Dersom han kan kjempa med meg og fella meg, så skal vi vera trælar for dykk.
Men dersom eg får bukt med han og feller han, så skal de vera våre trælar og tena oss.”
Goliat steig fram i sitt eige namn, i kraft av sin eigen styrke, men David gjekk i namnet åt Herren og i tillit til han.

Vår redningsmann
Vi hadde alt tapt slaget mot undergrunnens Goliat og vorte hans slavar gjennom Adam, slekta sin representant, og gjennom våre eigne synder. Men David, vår redningsmann frå Golgata, den nye Adam, ville på vegne av heile menneskeslekta vinna oss tilbake og ta byttet frå han som hadde forført oss, vi som var Guds eigedom. Det første, store slaget då Jesus møtte Satan – og overvann hans freistingar, var i dei førti dagar og netter han var i øydemarka for å verta freista.
Siste og hardaste striden stod i Getsemane og på Golgata.
Striden galdt oss. Her kunne ikkje vi gjera noko; vi var alt i trældom under mørkets fyrste.

”Jesus vant og jeg har vunnet”
Goliat ville ha tvikamp som skulle avgjera lagnaden til alt folket. Han fekk det til slutt som han ville.
Vi kjenner til korleis det gjekk. David sigra – ikkje berre for sin eigen del, men sigeren galdt først og fremst alt folket. Folket som ikkje hadde lyfta ein finger i striden, fekk del i sigeren, alt folket i heile Israel. Filistrane rømde og vart forfylgde av mennene frå Israel og frå Juda. Det låg ei mengd slegne filistrar etter vegen.
Dette er jo ei hending eller bilete som viser fram til den sigeren Jesus vann for oss over avgrunnens Goliat.

Hans siger er vår siger
Tenk når krigsfolket vende heim att og fortalde om striden og utfallet av han. Skulle då dei der heime tvila på at sigeren også galdt dei? David sin kamp med Goliat resulterte i fridom for folket, og eg vil tru at fridomsbodskapen vart til stor glede då det nådde fram. Har ikkje ein kristen grunn til å gleda seg mykje meir over den siger som vår himmelske David vann for oss!
”Til fridom har Kristus frigjort oss –” (Gal 5,1).
”Mitt hjarta skal fryda seg i di frelse” (Sal 1,6).

Den dyre pris
Det kosta Jesus livet då han kjøpte oss frie; ja, meir enn det. Han måtte ta straffa for vår synd og vart forlaten av Gud. Det siste var det tyngste for Jesus. Vår synd og vårt lettsinn kosta han dyrt.
Jesus vart sjølv gjort til synd. Der var di synd med, også den du måtte liggja under for. Han oppfylte det som Gud gjennom si lov kravde av oss, bevist ved at Jesus vart vekt opp frå dei døde. Jesus fekk smaka den evige fortapinga for vår skuld. Kva det var, forstår vi ikkje. Det må gjennomlevast skal ein forstå det. Og Bibelen fortel oss at mange er dei som ein dag skal koma til å forstå det gjennom eiga erfaring; om ikkje i same grad som Jesus, som tok straffa for alle.
Så langt eg forstår av Guds ord, skal det vera gradsskilnad både i fortapinga og i himmelen; alt etter korleis vi har forvalta det lys vi har hatt. Men himmel er himmel og helvete er helvete. Vi står alle i fare for å hamna i fortapinga, du som les og eg som skriv. Får ikkje Herren ta seg av oss, hamnar vi der.
Då Jesus kunne proklamera at det var fullført, var det gjort soning for all synd, både den som er gjort, og som kjem til å verta gjort så lenge verda står. Den synda som Jesus døydde for, skal ikkje du gje rom i livet ditt.
No har vår David, Jesus Kristus, sigra over vår motstandar, avgrunnens Goliat, og fridomsbodskapen har gått ut. Har han nådd deg? Har han skapt glede? Du er kjøpt fri frå dine synder og Satans makt over deg. Har det gått opp for deg?

Du er fri
Dersom ein brotsmann venta på at dødsdomen skulle eksekverast; tenk då å få høyra orda: Du er fri! Det var det som skjedde med Barabbas.
Kva skulle Barabbas gjera då fridomsorda nådde øyro hans? Ja, om han trudde det han høyrde, så ville det skapa undring, glede og takksemd, vil eg tru.
Du er i same stilling som han. Jesus har gjort det same for deg. Du òg hadde fått ein dødsdom. Du var delaktig i Adams fall – saman med dine eigne synder. Alt dette tok Jesus på seg. Difor er du fri.
”All verdens synd på ham ble kast, hver fange frihet fikk.”
Verda har Frelsaren løyst ut or bandet, ja, på sitt hjarta kvar syndar han bar, då på sitt kors under hugverk og vande, til vår utløysing han sonofret var. Vreiden han sløkte då blodkjelda flødde, skuldbrevet vårt det var sletta med blod. Domaren sjølv for dei dødsdømde døydde, Gud er forsona og Gud er oss god.
Kome, då sjeler, ja, syndarar alle, tak imot nåden for synd og for brot! Om me enn alle i Adam har falle, har då vår Frelsar alt saman gjort godt. Er det då rett at dei utløyste trælar ennå vil tola den lekkja dei bar” nei, me vil alle som frikjøpte sjeler Lova i fridom vår Gud og vår Far!
Mildaste Jesus, mitt liv og mi sæle, døden på korset vert rekna som min, Jesus, min hyrding, eg kjenner ditt mæle, eg står då teikna i såra som din. Før skal du nekta deg sjølv og din Fader, førenn eg derfrå skal utstroken bli. Glad kan eg syngja: meg ingen ting skader, snara er brosten og fuglen er fri!
(Gml. Sb. nr. 135 ”Open står Jesu miskunnsame nåde”, v. 2-4)
”Jeg har vunnet, Jesus vant, døden oppslukt er til seier. Jesus mørkets fyrste bandt, jeg den kjøpte frihet eier. Åpen har jeg himlen funnet, Jesus vant, og jeg har vunnet!”

(Nr 666 i Sb.)