Artikel nr 08 fra blad nr 3-2026
Gamle Simeon i tempelet, i møte med Jesubarnet!


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Jon Arvid Bøckman

Beretninga i Bibelen om gamle Simeon i tempelet har så utruleg mange trusstyrkande og befestande sanningar.
Hovudpersonen er Jesusbarnet! Maria og Josef førde barnet opp til Jerusalem og til tempelet frå Betlehem, etter 40 dagar med reinsing for Maria etter Herrens lov ved fødselen av eit gutebarn!
Denne barneberetninga om Jesus har så direkte med eit påskenummer av Bibelsk Tro å gjere, kjære lesarar!
Ja, – Gamle Simeon drog parallellen med det same han tok Jesus i armane sine! Lat oss saman lese teksta, beretninga om Simeon saman no: Luk 2, 25-33: ”Og sjå, i Jerusalem var det ein mann som heitte Simeon, ein rettferdig og gudfryktig mann. Han venta på Israels trøyst, og Den Heilage Ande var over han. Det var openberra for han av Den Heilage Ande at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett Herrens Messias. Han kom til tempelet, driven av Anden. Då foreldra kom inn med Jesusbarnet for å gjera med han som skikken var etter lova, tok Simeon Han i armane sine og lova Gud og sa: Herre, no kan du la tenaren din fara herifrå i fred, etter ditt Ord, for augo mine har sett di Frelse, som du har gjort i stand for alle folks åsyn, eit ljos til openberring for heidningane, og ein herlegdom for Israel, folket ditt. Og Josef og mor hans undra seg over det som vart sagt om Han”.

Litt om profetitekstene om Messias, Jesus Kristus!
Lat oss stogga for v. 30 her i teksta! For augo mine har sett di frelse. Det er ingen tvil om at Simeon ser til profetitekstane om Messias, som er skriven om Jesusbarnet i GT, som han no held i armane sine!
Om den lidande, sonande Jesus i Jes 53, og i resten av GT. Å, kor trusstyrkande.
For eit herleg og alvorleg bodskap og evangelium me les ut av dette om Jesusbarnet i armane hjå Simeon i tempelforgården. Det er ei ny total stadfesting om at Jesus er Messias,
Frelsarkongen for Israelsfolket og den falne menneskeslekta! Også skapningen (skaparverket) sukkar og ventar på Guds barns forløysing. Rom 8,19-22.
Bodskapen her frå Simeon openberra ved Den Heilage Ande er nett den same som stadfestingsbodskapen på Betlehemsmarka frå Herrens engel til gjetarane. Luk 2,10: ”Men engelen sa til dei: Ver ikkje redde! For sjå, eg forkynner dykk ei stor glede – ei glede for alt folket. I dag er det fødd dykk ein Frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.”
Lat meg og ta med frå Apgj 4,12 ”Og det er ikkje frelse i nokon annan. For det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelste ved.”
Den Heilage Ande over Simeon og kvart eit gjenfødt Guds barn, kor trusstyrkande å sjå Den Heilage Ande sin gjerning her over Simeon! Simeon hadde vorte bevara, fornya, – halden oppe i trua på Guds Messias, – Jesus gjennom livet sitt ved Guds Ord og løfter, – ved Den Heilage Ande.
Anden hadde skapt den levande trua i Simeon gjennom forkynninga og lesinga av dei Gamaltestamentlege skriftene på bokrullane.
No i teksta her i dag vert Simeon driven av Anden til Tempelet, for ei vidunderleg lesing!
Simeon hadde vorte lova av Herren at han ikkje skulle døy før han hadde fått sett Messias, – Jesus i levande live.
No var tida fullmoden for løftesvaret! – Maria og Josef kjem berande med eit lite spedbarn i armane.
Det står ikkje i Bibelen korleis Gud stadfesta det for Simeon, men det må ha skjedd såleis at det ikkje var tvil hjå Simeon i hans indre: Han er det! Han er Messias, Herren, – du har venta på! Så tek Simeon spedbarnet Jesus i armane sine: i vers 28 tok Simeon Han i armane sine og lova Gud og sa: ”Herre, no kan du la tenaren din fara herifrå i fred, etter ditt ord, for augo mine har sett di Frelse, som du har gjort i stand for alle folks åsyn, eit ljos til openberring for heidningane, og ein herlegdom for Israel, folket ditt.”
For nokre vidunderlege, dyrebare Ord å lese, for ei beretning! Mitt hjarta flyt over av beundring og tilbeding til Herren.
Og tenk kjære lesarar: Den Heilage Ande har Jesus utgytt no etter Pinsefestens dag til alle frelste menneske utover jord ti dagar etter Jesus vart teken opp att til Himmelen ved Jesu Himmelfart. Halleluja.
Til kvar den som tek imot den nåde å kome til omvending og tru på Jesus, er Anden no gjeven.
a) Og Anden har den dyrebare oppgåve å openberre Guds Heilage Ord i Bibelen me les og høyrer forkynt. Me sjølve er ikkje i stand til å fatte Guds Ord, for me er totalt avhengige av Den Heilage Ande!
b) Anden er vår hjelper, Anden er gjeven oss til kraft i tru, til teneste for Herren, og til hjelp i bøn, og til å halde ut! Og Anden er vår rådgjevar, – trøyster, tukter og pantet på at den som er frelst i trua på Jesus, – er eit Guds barn.
Å du herlege Gud og Herre, for ein heilagdom, – evig kjærleik og omsut. Du syner for oss menneske som er i stor naud etter syndefallet, og treng redning, – frelse så me ikkje gjeng fortapt. Det var Guds eigentlege, endelege fullkomne Offerlam som Simeon heldt i hendene sine.
Påske tyder forbigang! Det gjeng tilbake til då dødsengelen gjekk Israelsfolket forbi: 2 Mos 12,12-13. ”For same natta vil Eg gå gjennom heile Egyptarlandet og slå i hel alt fyrstefødt i landet, både folk og fe. Og over alle gudar i Egypt vil Eg halda dom. Eg er Herren.
Blodet på dei husa de er i, skal vera til eit teikn for dykk. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi dykk. Ikkje eit einaste drepande slag skal råka dykk når eg slår Egyptarlandet.”

De som les dette stykket i bladet!
Det lytelause offerlammet eller kjeet, årsgamalt, av hankjønn, peikar direkte på Jesus som skulle kome og vere Guds fullkomne, – lytelause offerlam som gav sitt eige liv og blod til soning for våre synder. Den som må søkje frelse i Jesus for sine synder, får Jesu offerblod stroke åndeleg på vår lekam, fullkomen reinsa i Jesu soningsdød for oss, Halleluja! 1 Pet 1,18: “For de veit at det var ikkje med noko forgjengeleg, med sølv eller gull, de vart kjøpe fri frå den dårlege ferda som var ervd frå fedrane, men med Kristi dyre blod, som blodet av eit ulastande og lytelaust lam.”

“Det var en som var villig å dø i mitt sted,
for at jeg skulle leve ved Ham.
Ja, til korset Han gikk hvor Han kjøpte meg fred,
da Han sonet min synd, det Guds lam!

Kor: “Alt som var meg imot, ble utslettet med blod,
Det ble naglet til korset med Ham.
Hvilken byrde Han bar da Han sonoffer var,
og tok bort all min synd og min skam”.

Du som les dette: Kom til Jesus og la deg frelse!