Artikel nr 08 fra blad nr 5-2025
Guds føring med enkeltmennesket og med Israel


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Kjell Helland

Det viser seg at det finst likheiter mellom Guds føring av israelsfolket og korleis han arbeider med enkeltmennesket. Og sjølv om mykje av det Gud gjer er uforståelege for oss – hans vegar er usporlege og hans tankar uutgrunnelege – så vil eit studium av korleis han har ført og fører Israel òg kasta lys korleis han arbeider med oss enkeltmenneske av heidningeætt.

Utgangs- og orienteringspunkt er Salme 73, vers 23:
”Men eg vert alltid verande hjå deg, du har gripe mi høgre hand. Du leier meg med ditt råd, og sidan tek du meg opp i herlegdom.” I det følgjande skal me konsentrera oss om det som Gud gjer, og dette kan delast opp i tre hovudpunkt.

Han har gripe mi høgre hand
Så langt eg veit er dette den einaste gongen dette står i Bibelen. Og med ein gong er me inne i det rike biletspråket i den heilage Skrifta. Og eg spør: Kva ligg i omgrepet ”den høgre handa”?Og vidare, kva med å gripa denne handa? Med ein gong reiser det seg to spørsmål som krev svar. Først, kvifor høgre og ikkje venstre? At arbeid lettast vert gjort med høgrehanda og at denne kanskje er sterkare enn den venstre, kan nok vera så, men i denne samanheng har det ikkje så mykje å seia. Vidare finst det på gresk to ord for venstre, eit vanleg ord og ei omskriving. Kvifor omskriving, spør du kanskje.Den kom til på grunn av at det kleba eit uhyggevarsel til ordet “venstre” For å narra åndene sa ein derfor ikkje “venstre”, men “den godvarslande sida”. No er Salme 73 skriven på hebraisk, og om dei har noko tilsvarande der, veit eg ikkje.Det som verkeleg tel i spørsmålet om høgre og venstre handa, er at den høgre handa er den førande, handa som har kommandoen. At Gud så grip denne handa, vil då sei at det er han som overtar føringa, leiinga i livet.
Det var enkeltmennesket Asaf som i profetisk inspirasjon sa at Gud hadde gripe den høgre handa hans, at den Allmektige hadde teke plass på kommandobrua. Kan du og eg sei det same? Er det Jakobs Veldige, Israels Heilage, som får styra livet ditt, livet mitt? Er det Herren som har hand om roret? Ingenting er vel meir avgjerande enn dette. Inne i det enkelte mennesket er det kamp på liv og død mellom krefter som drar mot himmelen og krefter som drar mot undergang og død. At Herren får ha handa på roret er om å gjera.
Og sjølv om dette kan vera einaste staden i Bibelen der det står om å gripa den høgre handa, så er saka omtala fleire stader. I Josva 1,5 er det Josva som får høyra at Herren seier til han: “Eg vil ikkje sleppa deg og ikkje forlata deg.” Når Herren seier at han ikkje vil sleppa, må han jo på eit tidlegare tidspunkt ha gripe mannen. Her ser me at dette grepet ville han halda fast på. Han ville ha styringa i Josva sitt liv. I 1 Mos 28,15 får Jakob på veg til Mesopotamia høyra desse orda: ”Sjå, eg er med deg og vil ta vare på deg kvar du fer …” Dette må vel vera uttrykk for det same.

Til Israel sa Moses
I 5 Mos 3,6, før folket skulle gå over Jordan og inn i lovnadslandet sa Moses: ”Herren din Gud går sjølv med deg, og han skal ikkje sleppa deg og ikkje forlata deg.” Herren hadde gripe folket, hadde kommandoen.
Det er vel det same som kjem til uttrykk i 5. Mos 32,10f: ”Han fann han i eit audt land, i villmarka, mellom hyl frå villdyr i øydemarka. Han verna han, vakte over han, og vakta han som sin augnestein. Som ørna vekkjer reiret sitt og sviv over ungane sine, slik breidde han ut vengene sine og bar han på slagfjørene sine. Det var Herren åleine som førde han, og ingen framand Gud var med han.”

Han leier meg ved sitt råd
Sagt til enkeltmenneske i Salme 32,8: ”Eg vil læra og visa deg den vegen du skal vandra, eg vil gje deg råd med mitt auga.” (38 legg til … på deg.) Kva er så Guds auga? Eg for min del trur det må vera Guds ord. I salme 119 står det om dette ordet at det er ei lykt for min fot og eit ljos på min stig (v 105).
Sagt til Israel i Salme 78,14:
”Om dagen leidde han dei ved skya, og heile natta ved lysande eld.” Es 58,11: ”Herren skal leia deg heile tida.” Es 48,17: ”Så seier Herren, utløysaren din, Israels Heilage: Eg er Herren din Gud, som lærer deg å gjera det som er deg til gagn, som leier deg på vegen du skal gå.”
Han førte israelsfolket ned til Egypt. Så langt som eg kjenner til, står det ikkje direkte å lesa at det var Herren som førte jakobsfolket ned til Egypt. Men det står veldig tydeleg at det var han som førte dei oppatt derifrå med store under og teikn.
Kome inn i lovnadslandet, synda israelsfolket grovt mot Herren. 2 Kong 17,15: ”Dei vraka boda hans og den pakta han hadde gjort med fedrane deira, og dei vitnemål han hadde gjeve dei. Dei følgde dei tomme avgudane, og vart tomme sjølve. Dei tok etter dei heidningefolka som budde ikring dei, endå Herren hadde sagt: De skal ikkje gjera som dei.” Vidare i 2. Kong 17 står det endå meir å lesa om det dei gjorde. Korleis er det med deg og meg? Følgjer me avgudar og tek etter heidenske skikkar?

Han kløyvde Israel i to rike etter Salomo
2 Kong 17,21: ”For han hadde rive Israels hus” (nordriket) ”laus frå Davidsætta” (sørriket) … Då riket var i ferd med å klovna, ville folket i sørriket kjempa mot nordriket for å stansa prosessen, men fekk gjennom profeten Semajas munn høyra at det som hadde hendt, hadde kome frå Herren (17,24). Gjennom profeten Akia sin munn fekk Jeroboam høyra: ”Eg” (Herren) ”riv riket ut or handa på Salomo og gjev deg dei ti ættene. Men den eine ætta skal han få ha for min tenar David skuld og for Jerusalem skuld, den byen som eg har valt ut mellom alle ættene i Israel. Dette vil eg gjera av di Salomo og folket har vendt seg bort frå meg og tilbede Astarte, sidonarguden, og Kamos, moabguden…” og så vidare. 1 Kong 11,31f.

Han førte folket i nordriket til Assyria
Jeroboam, første kongen i nordriket, var det som lagde to gullkalvar, og sette den eine i Betel og den andre i Dan (1 Kong 12,29). Vidare laga dei eit astartebilete og tilba heile himmelheren og dyrka Baal (2 Kong 17,16). Enn vidare står det at Jeroboam drog Israel bort frå Herren og lokka dei til stor synd. Og det heile munna ut i det som 2 Kong 17,23 fortel: ”Til sist støytte Herren Israel bort frå åsynet sitt … Så vart Israel ført bort frå landet sitt til Assyria, …” Herren gav altså folket i nordriket i assyrarane si hand. Salmanassar, assyrarkongen, kunne ingenting ha gjort, om ikkje Herrens vilje, Herrens råd, låg bak.

Han førte folket i sørriket til Babylon
Jer 20,4: ”Heile Juda vil eg gje i handa til kongen i Babel, og han skal føra dei til Babel som fangar …” I Jer 19 vert ordet eg brukt heile 10 gongar, og i åtte av desse heiter det eg vil. Det startar med “Eg vil føra ulukke over denne staden”, og vidare handlar alle desse eg og eg vil om kva denne ulukka inneber og at det heile kuliminerer i bortføringa til Babel. I Jeremias 29,20 les me i et brev som Jeremias sende til dei bortførte i Babel, der det heiter: ”Men høyr no Herrens ord, alle de bortførde, som eg har sendt frå Jerusalem til Babel.” Eg har sendt … Nebukadnesar, kongen i Babel kunne ingenting ha gjort, om det ikkje var for at Herren vilje, Herrens råd, låg bak. 2 Kong 24,20: ”Fordi Herren var vreid, gjekk det slik med Jerusalem og Juda, til dess han kasta dei bort frå åsynet sitt.”

Han spreidde israelsfolket over heile jorda
Esekiel 11,16: ”… Då eg let dei fara langt bort mellom heidningfolka, då eg spreidde dei i landa, …” 12,15: ”… når eg spreier dei mellom folka og strør dei ut i landa”. Jeremias 9,16: ”og eg vil spreia dei mellom heidningefolk som dei ikkje kjende, …”. Det var altså djupast sett ikkje på grunn av romarane sine herjingar i år 70 og på 130-talet at folket vart spreidd over heile jorda, men på grunn av Herrens vilje. Det var hans råd som låg bak.
Veldig katastrofer har kome over jødefolket på grunn av trass og ulydigheit. Og dei har hatt det vanskeleg ute mellom folka. Legg berre merke til kva som står i Jer 29,18: ”Eg vil forfylgja dei med sverd og svolt og pest, og eg vil la alle folk på jorda fara ille med dei og gjera dei til ei forbanning og ei skremsle, til spott og hån mellom alle dei folkeslaga eg driv dei bort til.”
Men dette skal snu seg: Sak 8,13: ”Og det skal henda at liksom de var ei forbanning mellom folkeslaga, du Judas og hus og du Israels hus, så vil eg no frelsa dykk, så de skal verta ei velsigning ...” Sef 3,19: ”Eg vil … gjera dei til æra og gjetord over heile jorda, der dei før var vanæra.”

Han skal samla dei i Israels land
Jer 28,14: ”Eg vil … samla dykk frå alle folka og alle stadene som eg har drive dykk bort til.” Ikkje ein skal vera igjen der ute, seier Esekiel 39,28. Dei skal samlast opp ein for ein, seier Esaias 27,12. Es 43,15: ”Austanfrå vil eg la ætta di koma, og vestanfrå vil eg samla deg…” 43,6: ”Eg vil sei til landa i nord: Kom med dei! Og til landa i sør: Haldt dei ikkje att. Lat sønene mine koma langt bortanfrå og døtrene mine frå enden av jorda, …”
Alle eg vil viser kven det er som står bak det som skjer. Gjennom det heile ser me korleis Herren handlar og leier israelsfolket ved sin vilje og sitt råd.

Heile Israel skal verta frelst
(Rom 11,26) Det skal koma ei veldig vekking over Israel: Sak 12,10: ”Men over Davids hus og over innbyggjarane i Jerusalem vil eg renna ut nåde-Anden og bøne-Anden, og dei skal sjå opp til meg som dei har gjennomstunge, og då skal dei sørgja over han …”
Igjen ser me korleis Herren står bak: Jer 31,33f: ”Eg vil leggja lova mi i hugen deira og skriva henne i hjarta deira..., for eg skal forlata deira misgjerning og ikkje lenger minnast deira synd.”
Når dette byrjar å skje, at jødefolket får sjå at Jesus frå Nasaret er deira frelsar, deira Messias, er det at orda frå Esaias 53 vert levande for dei, og dei erkjenner si vantru og vraking av Jesus då han gjekk mellom dei og i tidene som kom seinare: ”Kven trudde den bodskapen vi høyrde? Og kven vart Herrens arm openberra for?”
”Sanneleg, våre sjukdomar har han teke på seg, og våre pinsler har han bore. Men vi trudde at han var heimsøkt, slegen av Gud og gjort elendig. Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom.”
Dermed ser me at Guds leiing med israelsfolket og hans leiing med oss som enkeltpersonar siktar seg inn mot eit møte med Jesus og ei erkjenning i hjartedjupet av at han og ingen annan er frelsaren. Han er jødefolket sin frelsar og han er vår frelsar. Han døydde og oppstod for jødefolket, han døydde og oppstod for oss.
Så heilt til slutt, for den som har funne Jesus som sin frelsar, både av jøde- og heidningeætt står lovnaden:
Sidan tar du meg opp i herlighet.