Velkommen |
Les artikler |
Taler - nye |
Taler - arkiv |
Taler - YouTube |
Nettbutikk |
Møter |
Støttefond |
Abonnere |
Kontakt oss |
Slik tek juleevangeliet til i fleire norske biblar – også den siste frå 2011. Det hende noko sentralt i verda. Me har t.d. vår tidsrekning frå dei dagane. Det har påverka soga over heile verda – sjølv om nokre har ei eigen tidsrekning, t.d. Islam.
Og det som hende var at Gud let sonen sin fødast ned på jorda. Ikkje alle ynskte han velkomen – då som nå. Somme tidfest ei hending med å seia: etter vår tidsrekning eller liknande. Men kva er vår tidsrekning? Jo, Jesu fødsel i Betlehem. Somme har eit anna utgangspunkt for si tidsrekning.
Kva hende?
“Eit barn er fødd i Betlehem.” Sikkert var det mange barn som vart fødde då. Men dette barnet var spesielt. Ingen kan måla seg med det.
Og dette barnet var venta. Ikkje slik som truleg alle foreldre ventar på sitt barn. Her er eit heilt folk som venta på denne guten, Joh. 2,38. Bibelen fortel om ein av dei, ein mann. Det var Simeon i Jerusalem. Luk 2,25. Han venta på Israels trøst. Det må vera Messias. Han kallar Jesusbarnet for “frelse” v. 30. Og han fekk vita at barnet ikkje berre kom for jødane. Han seier at frelsa var for alle folks åsyn – eit lys for heidningane. v. 31. Men barnet vart noko spesielt for Israel: ”ein herlegdom for ditt folk Israel” v. 32. I den nye pakta har ikkje Gud svikta sitt spesielle folk – Israel. Heile verda skal få og sjå noko. Og då er det ikkje underleg at Josef og Maria undra seg over det som dei høyrde. v. 33.
Misjonstanken er altså med heile vegen. Den vart ikkje fødd i Jesus siste dagar då han bad læresveinane om å gå ut i heile verda. Den var der heilt frå Jesu fødsel. Og heile Bibelen har dette perspektivet: Alle er elska av Gud, han vil at alle skal bli frelste, 2 Pet. 3,9.
Julehøgtida er altså ikkje ein “midtvinterfest” og eit framhald av ei heidensk solvervhøgtid, som somme seier.
Jul tyder at Gud stig inn i verda på ein ny og konkret måte med eit spesielt mål: Han vil at alle folk skal få tilbod om frelse frå synd. Og for alle er det heilt av nåde.
“Du skal intet gjøre for å frelse få,
nei, blott ordet høre - hvile deg derpå.”
Så kjem tanken: Kvifor venta dei på Messias i Israel? Svaret må vera ut frå Bibelen: Mange profetiar i GT, som var deira bibel.
Mange stader i GT står det skrive om frelse og frelsaren – Messias. Det er han som er salva av Gud. Ein profet skreiv slik: ”Han vart såra for våre brot, sundbroten for våre synder, straffa låg på han, so me skulle ha fred.” Jes 53,5.
Der ser profeten resultatet av det barnet i krybba skulle gjera.
Og dette frelsesverket var også for oss som lever i dag. Alle syndarar kan ta imot Frelsaren av berre nåde. “Kom som du er til din Frelser.” Lat oss be om at nokon får oppleva det denne jula.