Velkommen |
Les artikler |
Taler - nye |
Taler - arkiv |
Nettbutikk |
Møter |
Støttefond |
Abonnere |
Kontakt oss |
Vi møter Paulus som fange i Roma. Innesperra i eit underjordisk fengsel - fuktig, myrkt og kaldt. Mange av tilhengjarane hadde svikta han etter den store brannen i hovudstaden år 64, ein brann som keisar Nero stod bak, men som dei kristne fekk skulda for.- Paulus syrgde over at så mange kristne hadde svikta han, m.a. alle i provinsen Asia. Også Demas var ein av dei, då han fekk den noverande verda kjær. Jamvel Timoteus var freista til å gje opp. Det såg slett ikkje lyst ut for Guds sak, og nett difor såg Paulus seg nøydd til å skriva så hardt som han gjorde. Han var slett ikkje varsam med ordbruken, slik vi allereide har sett i 2 Tim 2,2fg. Det lyder som ein kommando til Timoteus: - «Framfor Gud og Jesus Kristus byd eg deg: Forkynn ordet! Ver reidug i tid og utid, overtyd, refs, påminn med alt langmod og all lære! - Men ver du edru i alle ting, lid vondt, gjer ein evangelie-forkynnars gjerning, fullfør di tenestel» Dette var eit påbod som han hadde fått av Herren, og no gav han det over til Timoteus. Merk imperativen i v.5: «Fullfør di teneste!» Paulus oppmoda han til å ha «Gå på»-innstilling, trass i motstanden som tårna seg opp. Og han bad Timoteus om å leggja vinn på å praktisera fylgjande tre ting for eit sendebod i staden for Kristus: l. Ver edru, d.v.s. vera nøkteren og redeleg i alle ting. 2. Gjer ein evangelísts gjerning. 3. Fullfør di teneste! Denne påminninga i tre punkt hadde heile tida vore avgjerande viktig for Paulus i heile hans tid som apostel for heidningane. Det burde dei vera for forkynnarar av Guds ord i dag også. Sjølv såg Paulus seg no ferdig med si eiga ten- este. Han hadde stridt den gode striden, og kunne sjå attende på mykje motgang og liding. Det gjekk så som Herren hadde sagt om han til læresveinen Ananias i Damaskus: «Berre gå du! For han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for heidningar og kongar. og for Israelsborna. Eg vil syna han kor mykje han lyt lida for mitt namn skuld» Legg merke til den siste setningen her om lidinga som venta han! Det gjekk så som Herren hadde sagt, slik det står i 2Kor 11,23b-28: «Eg har hatt større strev, fått fleire slag, vore oftare i fengsel,ofte i livsfåre. Av jødane har eg fem gonger fått førti slag; tre gonger vart eg hudflengd,ein gong steina, tre gonger leid eg skipbrot; eg har vore tre gonger i djupet. Ofte var eg på reiser, i fårar i elvar,i fårar mellom røvarar, i fårar mellom landsmenn, i fårar mellom heidningar, i fårar i by, i fårar i øydemark, i fårar på hav, i fårar mellom falske brør! I strev og møda, ofte i nattevake, i svolt og torste, ofte fastande, frosen og naken. Utanom alt det andre har eg endå det daglege tillaupet: omsuta for alle kyrkjelydane» - Men Paulus let seg ikkje skræma. Trufast mot kallet stod han i si teneste for Gud til det siste, og kunne då sumera opp det heile slik:»Eg har stridt den gode striden, fullenda laupet og teke vare på trua!» Han hadde hatt ein slitsam arbeidsdag,men no var det ikkje lenge att før han skulle få gå inn til den evige kvila heime hjå Gud. Og han såg fram til det som venta han på den andre sida:»Så ligg då rettferdskransen ferdig for meg ~ då ikkje meg åleine, men alle som har elska hans openberring (2 Tim 4,6).
Ver også du lydig mot kallet og trufast i di tenste for Jesus. Lat oss gjeme også ta lærdom av skopussaren i London, han som gjorde seg slik flid og var så nøye i arbeidet sitt at folk måtte spørja kvifor han gjorde det så perfekt. Då svarde han: «Eg gjer det for Jesus eg, og då vil eg gjera det skikkeleg». - Vår teneste i Guds rike må også gjerast skikkeleg. - Då vil arbeidet vårt verta ei teneste for Jesus. Men hugs påminninga i Kol 4,17: «Ta vare på tenesta som du har motteke i Herren,så du fullfører henne!» Og då er tenaren plassert på det horisontale plan, men med himmelen som mål. Dette er viktig; for då kjem det rette perspektivet over tenesta. Og då vil vi ikkje så lett gå oss trøytte og verta motlause. For sant er det som me syng: «Aller deiligst hjemmet er,når du gjenom tårer ser.»
Eg vil slutta denne vesle serien med å visa til Jesaja 55,10-13, eit ord som har vore til stor trøyst så mang ein gong når mismotet ville ta overhand. Det er beint fram ein garanti for at tenesta med ordet skal lukkast.
«Ja, liksom regnet og snøen fell ned frå himmelen og ikkje fer opp att dit, men vatnar jorda og får henne til å bera og gro, så ho gjev såkorn til såmannen og brød til den som et, slik skal ordet mitt vera, det som går at frå mannen min. Det skal ikkje venda tomt attende til meg, men det skal gjera det eg vil, og ha framgang med alt som eg sender det til» (Jes 55,10-11).
Guds ord vert her samanlikna med regnet og snøen. Me veit at regnet og snøen kjem til oss frå himmelen. Slik med Guds ord ogsâ: Ordet er kome til oss frâ himmelen, og me har det nedfelt i Bibelen! Lukkeleg kvar som ved enden av sitt liv kan seia med Paulus; «Eg har stridt den gode striden, fullenda laupet, og halde trua. Så ligg då rettjerdskransen ferdig til meg, den som Herren, den retterdige domaren, skal gje meg på hin dagen. Då ikkje berre meg, men alle som har elska hans openberring» (2Tim 4, 7-8)