Artikel nr 09 fra blad nr 2-1998
Emne: Påske
Tenaren og tenesta for Gud


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Olav Toft

Når Paulus talar om tenaren og tenesta for Gud, peikar han fyrst og fremst på dei to fundamenta som denne tenesta kviler på: nemleg frelsa i Kristus og kallet han gjev til ei teneste for Gud. Frelsa kjem fyrst, slik det står i 2 Tim l, 9: «Han som frelste oss og kalla oss med eit heilag kall.» Av dette ser me at tenaren fyrst og fremst må vera eit frelst menneske. Dinest må han ha kall frå Gud for rett å kunna tena som ein truverdig Jesu Kristi medarbeidar ute mellom folkeslaga og i heimlandet sitt.

Ifylgje Bibelen har kvart truande menneske fått ei eller fleire oppgåver å utføra for Gud, slik det står skrive i Pet 2,9: «Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, så de skal forkynna hans dygder som kalla dykk ut or myrker til sitt underfulle Ljos». Dei er såleis med og arbeider for at Bibelen - Guds ord - skal få vera grunnlag og rettesnor for folk både i heimland og ute mellom folkeslaga.

Me lever i ei tid då sterke nedbrytingskrefter gjer seg gjeldande. Sekulariseringsprosessen er i full gang i landet vårt også. Me merkar oss ikkje minst det undergravingsarbeid som porno - og valdsspekulantar driv i kulturlivet vårt. - Tida er for lengst inne til å kjempa av alle krefter mot nedbrytingskomplekset ut frå det grunnsynet at kristen tru og moral må vera grunnlaget og rettesnora for heile samfunnet. Dette grunnsynet byggjer på vissa om at Guds ord er sanning og at dei kristne moralboda er absolutte. Me vil kjempa for eit kristent Noreg. Ikkje minst må borna og ungdomen liggja oss på hjarta, slik som det heiter i ein song: «Dei unge i Noreg må vinnast for Gud. Den oppgåva herleg oss helsar» .

Me veit at dei som eig ungdomen, eig framtida. Som borna og ungdomen vår er i dag, slik vert Noreg i morgon. Bibelen og Bibelens Jesus må verta kjend og kjær for dei unge. -Du må gjera ditt og eg må gjera mitt til at me i framtida får ha Guds velsigning med oss i hein og skule, og med det verta eit lukkeleg folk. For det heiter i Salme 33, l2:»Sælt er det folk som har Herren til sin Gud». Eg vågar å tru at du som les denne andakten, er medviten om dette; men du kjenner likevel på at du ikkje duger, og vil helst vera anonym. Men det er nok ikkje tilfeldig at du bur der du bur, slik det står i songen av Sigurd Lunde Sangboken på nr 687, v.4 og 5:

Dine gaver er mange, din nåde er rik, 
Herre, velg for oss de gaver da vil!
Hjelp oss bruke dem rett og forvalte dem slik
at det merkes vi er tent av din ild!

Lær oss elske hverandre, og se hva det er 
du har ment at vi bor der vi bor!
Hjelp oss vitne om Jesus for fiern og for nær.
La ditt ord nå ut til hele vår jord!

Kor: Herre, led da oss frem, la oss bli til hjelp
for dem som da viser oss trenger en hånd.
Gi oss lys til å se, gi oss vilje til å be. 
Herre Gad,fyll vårt liv med din Ånd!

Kan henda du treng ein ny kveik til tenesta di for Gud. Du står gjerne åleine på din post, og har det kanskje både tungt og vanskeleg. Då gjer det godt å koma saman med andre truande brør og systre og få høyra korleis dei har det. Det står om Paulus at då han såg dei (truande), takka han Gud og fekk nytt mot (Ap.gj. 28,15).

Er det ikkje godt at me som Guds folk høyrer saman og får dela på oppgåvene. Me har den same Gud og Frelsar, same tru og same von. Og vårt felles ynskje og bøn til Gud er at alle menneske må verta frelste og koma til å kjenna sanninga. Då tenkjer me ikkje minst på våre eigne som me så gjerne ville ha med oss på himmelvegen; og me ynskjer at vekkinga skulle koma til vår plass også. Men skal det skje, må me kvar på vår stad gjera vårt, både i bøn og arbeid. For det er ikkje berre talaren og dei som steller med møta som har ansvar. Me ha nemleg alle eit ansvar for at vekkinga skal koma.

Det er vel sant for dei fleste truande at ein ikkje har høge tankar om seg sjølv. Det hadde ikkje Paulus heller. «Kva er då Apollos? eller kva er Paulus? Tenarar som de kom til trua ved, og det etter som Herren gav kvar for seg. Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vokster. Så er korkje den noko som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster»(l Kor,2,5-7). - Me skal ha småe tankar om oss sjølve, men store tankar om tenesta vår for Gud. - Det stod på ein gravstein: «Død som grosserer», og så årstalet for hans fødsel - og dødsdag. Men det er for lite at ein vart grosserar, lærar, gardbrukar, professor eller anna i livet, dersom ein ikkje har med det viktigaste, nemleg: «Til Guds ære."

«Kva skal du verta når du vert stor», spurde presten ein liten gut han møtte. «Eg skal verta tenar, eg»,sa guten. «Guds tenar?» - «Det og», sa han. Men nådegåva til å tene vert det lite snakk om. Ho glimrar med sitt fråvære når predikantar talar over det Bibelen seier om nådegåvene.

Skulle det likevel vera ein eller annan her som vil orsaka sin skort på iver i tenesta for Gud med at dei ikkje er løna arbeidarar, som læraren, kateketen eller presten, vil eg visa til 2 Kor 5,l9-21: «Gud i Kristus forlikte verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira og har lagt forliksordet ned i oss. Så er me då sendebod i staden for Kristus, liksom Gud sjølv gav føreteljing gjennom oss; me bed i staden for Kristus: Lat dykk forlika med Gudl» Ja, Gud skal ha takk som valde oss ut og sette oss til teneste. Og at me som Guds folk kan dela på oppgåvene. Paulus hadde høge tankar om tenesta si for Gud, men små tankar om seg sjølv og medarbeidaren hans. Er det noko me treng i dag, meir enn noko anna, så er det smålåtne, gode og trugne tenarar med kall frå Gud ~ heime og ute.

Det gjeld å få syn for dette. Eg trur at me meir må vera med og hjelpa folk til å verta klår over at kvar kristen skal vera ein tenar for Gud. Og til god trøyst for slike som meiner at dei ikkje duger, har me orda i Kor 1,26-29: «For sjå på dykkar kall, brør. Det var ikkje mange vise etter kjøtet som vart kalla, ikkje mange mektige, ikkje mange høgætta. Men det som var dårleg i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Og det som var lågt i verda og vanvørdt, det valde Gud seg ut, det som ingen ting er, så han kunne gjera det til inkjes som er noko, så ikkje noko kjøt skal rosa seg for Gud.»

Men dette skal me sjå litt nærare på seinare.