Artikel nr 04 fra blad nr 2-1998
Emne: Påske
Eit påskeminne. . .


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Peder Mork

Eg minnest frå påska1l942.

Om lag eit år tidlegare hadde eg fått kall frå Romsdal Indremisjon, ved sekr. Anskar Ellingsgård. Kall frå Herren hadde eg frå før - til å reisa med evangeliet. Men som ung gardbrukar vart det lite tid for reise-verksemd. Småturar hadde eg gjort, og stått litt i vekkingsarbeid også. 

Etter god hjelp og oppmuntring frå kona mi, og andre, tok eg ut denne påska. Eg skulle til Ødegård i Kleive. -Det kan nemnast at Hans Nilsen Hauge var i denne bygda og bygde eit sagbruk i 1802. Han forkynte også evangeliet her, og mange kom til trua.

Eg kom onsdags-kvelden, før skjærtorsdag. Eg vassa i djup snø oppover til den heimen eg skulle bu, og det var aning av vår i lufta. To systrer i 50-60 åra tok imot meg i ei lita, men lun stove. Eg kjende at eg verkeleg var velkommen og fekk godt stell. I stova var det etter måten ei stor bokhylle med godt utval av bøker. Og der fann eg den boka eg lenge hadde ynskt å lesa: «Guds Lam», av den danske presten A. Fibiger. Det vart ei velsigna oppleving. Boka vart også til inspirasjon for meg som forkynnar denne påska.

Skjærtorsdag var det føremiddagsmøte. Om lag 30 menneske hadde møtt fram. Guds gode Ande var nær på dette opningsmøtet. Formannen, ein eldre "haugianertype", sa det slik da han avslutta møtet: «Vener, no går me mot vekking og vår!»

På kveldsmøtet denne dagen var huset fullt. Nokre av ungdomane, som var reist på fjellet, hadde kome ned att og var på møtet. Det vart likeins langfredag føremiddag, og på kveldsmøtet var huset overfylt. Fleire av ungdomane hadde no kome ned frå fjellet og var på møtet. Dei fortalde seinare at dei måtte ned att. Det var noko som drog dei.

- Ei eldre kvinne bad om forbøn på dette møtet, og mange av dei truande takka Gud for «førstegrøda». - Men den Vonde var også til stades. Før me gjekk heim denne kvelden kom, ein mann bort til meg. Han var tydeleg opphissa og sint. Han bad meg fara heim att, og la til; «Du skulle ikkje fara rundt og tulle bort folk, slik du har gjort med kona mi i kveldl»

Eg svara: «I kveld tek eg også deg med i bønene mine». Han gjekk utan á seie meir.- - Me var fleire som ba...

Første påskedag var det møte kl 11. Da eg gjekk på talarstolen, var det berre to stolar tome, men før eg kom i gang å preike kom to personar inn og fylte desse plassane. Det var den nvfrelste kvinna og mannen hennar. Eg tala over teksta: «Eg er oppstoda og livet». Da eg var ferdig og hadde komen ned frå talarstolen. reiste mannen seg. kom bor: til meg og tok meg i handa. Kinna var tårevåte. Så sa han: «Kan du tilgi meg. og kan du be for meg?»

- Dette utløyste noko i møtelyden. Eg bøygde kne - og vart ikkje åleine. Dei fleste gjorde det same. mange for første gong.

- Det vart vekking i bygda-- Mange av dei truande sanna svndene sine. Dei hadde svikta. Eg minnest særleg at dei nemnde bønemøta kvar onsdag kveld på bedehuset. Dei hadde ikkje møtt opp slik dei skulle. -Men det var ai som var trufast, ho gamle Karen-Anna. Ho var oftast åleine på bønemota.

Eg hadde møtt Karen-Anna. På første møtet eg hadde, kom ho på sin stillferdige måte og ynskte meg hjarteleg velkomen til ei bygd som lenge hadde bede om vekking. Påskedagen - da den «sinte» mannen bad om forbøn. kom ho og bøygde kne ved sida mi. Ho takka Herren for at ho skulle få oppleve dette ibvgda si, før Jesus tok ho heim til seg.

Eg såg tårer på det furete kinnet. 
- Det var elles gildt å høyre dei mange eldre som lova og prisa Herren den dagen.

Også på fleire av dei andre møta denne påskehelga var det nokre som bad om forbøn. - Eg minnest særleg 2. påskedag, på kveldsmøtet. Huset var så fullt av folk at mange måtte stå i gangen, og fleire også utanfor.

Det var litt uro mellom dei unge der ute, og det var ikkje å undrast over. for mange i kameratflokken hadde gitt seg over til Jesus og sat nå inne i bedehusbenkene. Så langt eg hugsar, tala eg den kvelden om «Lammet som midtpunkt på jorda og i himmelen». Det vart stilt utanfor, men med det same eg sa «Amen», høyrde eg ein smell. Eg trudde det var ei glasrute som vart krasa. Men etter møtet fekk eg høyre kva som hadde skjedd. Han fortalde det sjølv, ungguten. Han hadde knust ei brennevinsflaske som han hadde i frakkelomma - mot ein telefonstolpe - like ved bedehuset, og gått inn og bøygd kne for Guds Lam.

Eg fekk diverre ikkje høve til å halde mange møte etter desse helgedagane. Ei våronn venta heime for den unge gardbrukaren. Men eg ringde sekr. Ellingsgård og fortalde frå påskehelga, og bad han komme og halde fram med møteverksemd. Han var nok i tvil og meinte vel at det ikkje vart det same. Men til det svara eg at denne vekkinga - slik eg hadde opplevd det - var Herrens gjerning. Då var det ikkje reiskapen som avgjorde.

Ellingsgård kom og vekkinga held fram. Han fekk også god hjelp av ein ung mann frâ bygda, Ottar Istad. (Istad hadde vore på Nordmøre i påska og vitna om Jesus. Seinare kom han til Sunnmøre i forkynnar- og sekretærteneste.)

Ødegård er ei bondebygd og bøndene måtte i gang med våronna. Men framleis var «vårløysinga» på bedehuset i full gong. Nær 30 personar kom til liv i Gud i påskehelga, og då møteserien var slutt, var talet kome nær 100.

Dette er nå over 50 år sidan, og dei fleste levde med Herren til Han tok dei heim. Nokre få er att og dei bed dagleg til Gud om ei ny vekkingstid over ei mykje fråflytta bondebygd.