Velkommen |
Les artikler |
Taler - nye |
Taler - arkiv |
Taler - YouTube |
Nettbutikk |
Møter |
Støttefond |
Abonnere |
Kontakt oss |
Det vert pinse på jord
når Guds skapande ord
gjer si gjerning i hjarta si mold.
Der vert blom, det vert frukt
ved Guds nåde og tukt,
det vert skinande, fullmogne foll.
Utan pinse og vår
vintervindande rår.
Ikkje kjærleik, men ugraset gror.
Herre, Anden din send
over by, over grend,
ved ditt veldige, levande ord!
Me treng pinse på jord,
langt i sør, høgt i nord.
Einast Anden kan fylla vår trong.
Han gjev liv, han gjev vår,
so mot himlen vi går,
med ein vonfull og sigrande song.