
| Velkommen |
| Les artikler |
| Taler - nye |
| Taler - arkiv |
Taler - YouTube ![]() |
| Nettbutikk |
| Møter |
| Støttefond |
| Abonnere |
| Kontakt oss |
1.
På verdi sin mørke himmel
ei strålande stjerna vart tend
Ho varsla: No er til verdi
ein frelsar send.
2.
Ho tindra i austerlandi,
og vegen dei vismenner fann,
Dei fylgde den store stjerna
som skein og brann.
3.
Ho stråla i julenatti,
ho skirt over Betlehem skein,
Og enno ho brenn over verdi,
den stjerna rein.
4.
Ja, brenn, du Betlehemsstjerne!
Strål over verdi mødd!
Skin for dei nye ætter:
Ein frelsar er fødd!
5.
Ja, brenn, du Betlehemsstjerne,
for borni i land og by!
For lyset frå dine strålar
må mørket fly!