Velkommen |
Les artikler |
Taler - nye |
Taler - arkiv |
Taler - YouTube |
Nettbutikk |
Møter |
Støttefond |
Abonnere |
Kontakt oss |
1. Innledning
Israelerane er flinke til å feira sine ulike høgtids- og minnedagar. Eg har sjølv vore regelmessig i Israel dei siste 25 år – eg har nok tilbrakt ca 1,5 år av mitt liv i Israel. For tida har eg eit barnebarn som gjer teneste i IDF. Eg var i Israel i siste halvdel av april og fekk vera med på diverse sterke markeringar og feiringar
Yom Hashoah – minnedagen for alle ofra etter Holocost (starta i januar 1943, men mest intenst frå medio april – medio mai 1943): 18 april 2023
Yom Hazikaron – minnedagen for dei falne: 25 april 2023
Yom Haatzmaut - uavhengighetsdagen: 26 april 2023
Alle desse dagane heng nøye saman – det går frå sorg, savn og tap og over i siger og jubel.
Den jødiske kalenderen er no i år 5783, dei ligg ganske mykje framfor oss også på det området!
Vidare hovedpunkt for denne talen: a) Historia som skapte Israel; b) Israel etter 1948; c) Status for 75-åringen, og d) Perspektiver og utfordringar for framtida – ref. Michael Orens siste bok ”2048”.
Eg har i hovedsak mest fokus på det jordiske og mindre på det åndelege i denne talen. Men det er heilt fundamentalt at landet og folket er Guds utvalgte folk og land.
5 Mos. 11,12: ”Det er eit land som Herren din Gud har omsut for. Herren, din Guds auga kviler på det, frå året byrgjar og til det tek ende.” Det er her vårt fokus må vera som sanne Israelsvenner – på Abraham, Isak og Jakobs Gud – som gav oss Frelsaren – Jesus Kristus, den levande Guds Son. ”Frelsa kjem frå jødane” –Joh 4,22. Det er difor eg står skulder ved skulder saman med Israel og jødane.
2. Historia som førte til opprettinga av staten Israel
Me feirer eigentleg ca 3875 års jubileet, for så lenge sidan er det at Gud oppretta si pakt med Abraham. Bibelen er jødane si historiebok for dei fyrste ca 2000 åra. Den var også prega av kamp og motstand, ein del oppturar og nedturar. Nehemja 4.2: ”Kan dei få liv i dei forbrente steinane som ligg i haugar?” Det såg håplaust ut og det var lite hjelp å få frå andre. Men jødane som folk gav aldri opp håpet!
Etter at Jerusalem vart øydelagt i år 70 i tråd med Jesu profeti, kom det nærare 2000 år prega av forfylgjing, drap, diskriminering, apartheid sett i system – inkl. Norge med Grunnloven av 1814 – me hadde tilsvarande paragrafar i Kristian den Vs norske lov av 1687. Det er eit ufråvikeleg faktum: Landa i Europa og Russland var dei som stort sett forfylgde jødane i denne perioden. Og mykje av dette skjedde i kristendommens namn – mange av kyrkjefedrene – inkl. Martin Luther – har blod på hendene pga sine antisemittiske haldningar. Det kulminerte med Holocost under 2. verdskrig der 6 millionar jødar vart drepne av nazistanes demoniske styresmakter – godt assistert av medhjelparar over heile Europa – også i Norge. Israel vart fødd i kjølvatnet av oska frå Holocost sine mordarovnar – samt det som etter mitt syn må kallast etnisk reinsing av jødar frå ei rekke arabiske land.
Men uansett kvar jødane måtte vera i diasporaen var dette ei fast bøn ved kvar påskefeiring og kvar markering av Yom Kippur – Den store forsoningsdagen: ”Neste år i Jerusalem!” Denne byen har ein heilt spesiell klang i dei fleste jødars øyrer. Og også i mange andres – som mine.
Mange jødar hadde lenge arbeidd for at det burde opprettast ein eigen jødisk stat.
Den ungarsk/østerrikiske journalisten Theodor Herzl var ei veldig sterk røyst og blir rekna som grunnleggaren av den moderne, politiske sionismen som ideologi. Han vart fødd i 1860 og døydde allereie i 1904 – men sette sterke spor. 14. februar 1896 publiserte han boka ”Der Judenstat”. Det var nasjonale interesser som dreiv han – ikkje religiøse eller sosiale krefter. Han skreiv m.a.:
”Palestina er vårt uforglemmelige historiske hjemland…..De jødene som vil det skal oppnå å få en egen stat. Vi skal til slutt leve som frie mennesker i vårt eget land og vi skal dø i fred i våre egne hjem. Verden vil bli satt fri ved vår frihet, beriket ved vår rikdom/formue, lovprist ved vår storhet. Og uansett hva vi måtte klare å få til som er til vår egen fordel, vil det også på mektig og fordelaktig vis, tilflyte hele menneskeheten.”
Store ord! Men profetiske og sanne! I 1897 tok Herzl initiativet til den første jødiske verdenkongressen i Basel, Sveits. Etter dette skreiv han i dagboka si: ”I Basel etablerte (egentlig gjenopprettet) jeg den jødiske staten. Dersom jeg sa dette høyt i våre dager, ville jeg bli møtt med universell latter. Men kanskje om fem år, og i alle fall om femti år, vil alle forstå dette.” Året etter – i 1898 – reiste Herzl med tog frå Tel Aviv til Jerusalem – denne togbanen vart opna i 1892. Og i november 1947 kom FNs historiske delingsvedtak som førte til at Israel vart oppretta i 1948.
Det er ei anekdote om ein jøde som gjekk inn på eit reisebyrå i Wien – den syner kor desperat situasjonen var. Dette var like etter at Hitler hadde annektert Østerrike i 1938. ”Jøden spurte om om muligheten for å emigrere. Kvinnen bak skranken pekte med fingeren på en stor globus mens hun sa: ”Det er stengt for utvandring til Palestina, den amerikanske kvoten er allerede oppbrukt, det er meget vanskelig å få visum til England. Kina, Paraguay, Uruguay og Brasil krever økonomiske garantier, og Polen tillater ikke en gang jøder å reise inn igjen.” Da hun hadde vært rundt hele globusen med fingeren sa hun: ”Det var alt”. Jøden pekte da resignert på den store globusen og spurte: ”De har ikke en annen globus?”
Så kom FNs delingsvedtak 29.11.1947 som gav Israel nok ein juridisk knagg for at staten kunne bli gjenoppretta. (Her er fleire andre slike knaggar, men eg går ikkje inn på dei her – vil berre seia at Israels folkerettslege posisjon er langt betre enn me kan få inntrykk av i media.) FNs første generalsekretær nordmannen Tryge Lie spelte ei avgjerande rolle for å få gjennomført delingsvedtaket i november 1947.
Så kom 14 mai 1948 – då las David Ben Gurion opp Israels Uavhengighetserklæring i Kunstmuséet i Tel Aviv. MIFF oppsummerer erklæringa slik:
”Kjerneinnholdet er: Det jødiske folk ble født i Israel. Her ble deres åndelige, religiøse og politiske identitet formet. Den moderne staten Israel erklæres på bakgrunn av jødenes naturlige og historiske rett til landet, samt FNs resolusjoner. Israel rekker en hånd i fred mot alle naboland.”
Staten vart til meir som frukt av ein idé – og kanskje framfor alt eit produkt av debatt. Kanskje det kan seiast at det var ordets makt, meir enn våpenmakt som skapte staten? Og den vart etablert berre 3 år etter at den hadde mista ca 1/3 av sin potensielle befolkning.
3. Israel 1948 - 2023
Hovedfokus i dei fyrste åra var eksistensiell – å overleva. Me veit korleis det gjekk – gong etter gong gjekk ei rekke av Israels naboland til krig mot landet – og tapte! Men prisen var svært høg. Sidan 1948 har meir enn 20000 jødiske soldatar vorte drepne i kamp. Går ein tilbake til 1880, som jødane ofte gjer, er talet på falne 28226. Det utgjer 4 dager av antal drepne under heile Holocost. (I Norge syrgjer me med rette over alle uskuldige liv som gjekk tapt under terroren i Oslo og Utøya 22.07.11. Men for å setja det litt i perspektiv – Holocost er som om me skulle ha ei Utøyatragedie kvar dag i 213 år.)
Og – berre i Uavhengighetskrigen som varte frå mai 1948 – mars 1949 vart ca 6,400 israelarar drepne – 2/3 av dei var soldatar. Totalt utgjer dette ca 1% av den israelske befolkningen på dette tidspunkt!
Under seksdagarskrigen i juni 1967 vart meir enn 20000 arabiske soldatar drepne og mindre enn 1000 frå Israel. Denne krigen var på mange vis ein milepæl – litt populært kan me kanskje seia at Israel då gjekk frå å vera David til å verta Goliat. Med ditto følger for sympatien i verds-opinionen. Men Jerusalem vart gjenforent, og Judea/Samaria frigjort – alt dette er bibelske kjerneområder. Og så blir Israel stadig vekk anklaga for å gjera desse kjerneområda altfor jødiske!
I tillegg fekk Israel kontroll over Golan, Gaza og Sinaihalvøya. Betydningen av seksdagarskrigen kan knapt nok overdrivast.
Så kom Yom Kippur-krigen i 1973 – då var det nære på at Israel tapte, men dei fekk etterkvart eit overtak nok ein gong. Fleire ”mindre” krigar kom seinare – ofte fordi Israel måtte ta eit oppgjer med terrorgrupper i nabolanda.
”Fredsavtalar” vart etterkvart inngått med Egypt (1979) og Jordan (1994). Så kom Abrahamavtalane frå 2020 – med ei slags normalisering av tilhøvet til Bahrein, UAE – og litt seinare Marokko og Sudan. Samarbeid – ikkje boikott – står sentralt her.
Parallellt med desse prosessane har det fleire gonger vorte prøvd såkalla ”land for fred” for å prøva å betra tilhøvet til palestina-arabarane. Dei såkalla Oslo-avtalane står sentralt her. I grove trekk må det kunna seiast at desse avtalane har vore mislukka. Palestina-arabarane har fått land og Israel har fått terror.
Eg deltok sjølv i ein Jerusalemsmarsj tidlig på 2000-tallet. Då sprang ein jøde som stod på eit fortau bort til meg som bar på ein norsk flagg og synte meg eit stort papir der det stod skrive ”Judas”.
Eg sa at seksdagarskrigen var ein milepæl – det same må me kunne seia om regjeringsskiftet i 1977 då Menachem Begin vart statsminister. Begin var grunnleggjar av partiet Likud og den første ikkje-sosialistiske statsminister i Israel. No kom det reformer på rekkje og rad – både økonomisk (meir frie markeder) og politisk (fred med Egypt). Spårsmåla var: ”Kva kan me gjera betre? Kva treng me å forandra?” Landet gjekk inn i ein ny historisk fase med Begin. Folket og leiarane må marsjera i takt – det har me diverre sett ein del motsette døme på dei siste åra.
4. Status for 75-åringen
Det er i sanning ein sprek 75-åring me ser framfor oss i våre dagar. På mest alle områder er Israel nå sterkare enn dei har vore nokon gong sidan landet vart gjenoppretta. Det gjeld områder som økonomi, infrastruktur (vegar, jernbane, bybane etc), vitenskap, innovasjon og nyskaping, teknologi, jordbruk, forsvar, medisin, vannforvaltning, energiforsyning (onshore og offshore) etc. – Israel er heilt i verdstoppen innafor desse områda og lista kunne vore laga mykje lengre. Eg kan også nemna at landet som opprinneleg var kjent for eksport av appelsiner nå er nettoimportør av appelsiner!
Israel har overlevd trass i svært dårlege odds. Israels første statsminister David Ben Gurion har uttalt at oddsa for at Israel skulle overleva Uavhengighetskrigen i 1948-49 var 1:40 – altså 2,5 %. Men dei overlevde! Og dei har overlevd alle andre krigar dei har blitt utsett for, sjølv om marginane fleire gonger har vore små. Kvifor har det alltid bikka Israels vei? Fordi dei er beskytta av Israels Gud! Amos 9,15: ”Eg vil planta dei i landet deira, og dei skal aldri meir verta rykte opp or landet sitt, det som eg har gjeve dei, seier Herren din Gud.” Tarje Noraberg sa ein gong på sin vakre nynorsk: ”Den som ikkje ser Guds finger i det som har med Israel å gjera, må be om klarsyn.” Det er kloke ord som me alle bør leggja oss på minne.
Israels noverande statsminister, Benjamin Netanyahu, siterer ofte frå Bibelen i sine talar. Då han talte i FN i 2017 oppfordra han fyrst alle tilhøyrarane til å lesa regelmessig i Bibelen, slik han sjølv gjer. (Når høyrde me Norges stats-minister eller konge seie noko tilsvarande??) Deretter siterte han frå Jesaja 49,6: ”Så vil eg då gjera deg til eit ljos for heidningefolka, så mi frelse må nå til enden av jorda.”
Israel er på mange vis ei fyrlykt i eit kaotisk Midt-Austen og eit lys for heile verda. Og eg trur for visst at dette lyset vil forsterka seg endå meir i dagane som kjem. Kanskje nærmar me oss dagane profeten Sakarja nemner i kap 8 vers 23 av si bok: ”Så seier Herren, allhærs Gud: I dei dagane skal det henda at ti menn av alle tungemål hjå heidningefolka skal gripa fatt i kappefliken til ein jødisk mann og seia: Vi vil gå med dykk, for vi har høyrt at Gud er med dykk!”
Dette siste kan kanskje nokre av Abrahamavtalene i alle fall ha elementer av. Alle som vil sjå realistisk på situasjonen må jo erkjenna at Israel er ei suksesshistorie – trass i kaotiske tilhøve i mange av nabolanda og for så vidt også til ei viss grad internt i Israel.
Samstundes må me erkjenna at den politiske situasjonen i Israel dei siste åra har vore krevjande med nyvalg på rekke og rad – 5 stk sidan 2019 - fordi ulike regjeringskonstel-lasjonar ikkje lukkast. Valget i november i fjor gav eit klårt høgrefleirtal og ringreven Netanjahu danna ny regjering. Han er nå Israels lengstsitjande statsminister med meir enn 16 år i denne rolla – 1996 – 1999 og 2009 – 2021. samt frå slutten av 2022 og fram til no. Men han måtte i dei siste regjeringsforhandlingane gi ein del løfte til ytre høgre og dei ultraortodokse. Den noverande regjering er svært nasjonalistisk, som det er stor trong for. Men samstundes er det alltid fornuftig å ta litt omsyn til mindretalet (sjølv om venstresida i Israel er sterkt svekka) og leita etter fornuftige kompromiss i dei mest omstridde spørsmål. Det gjenstår å sjå kor lenge denne regjeringa vert sitjande. For det er ei sterk polarisering i israelsk politisk liv. Her er ofte store demonstrasjonar og motdemonstrasjonar. Dette er ok og teikn på eit levande demokrati, så lenge ingen tyr til vald. Og dette er jo også på mange vis eit internasjonalt fenomen – ref USA, UK, Frankrike etc.
Trass i alt dette – israelarane trivest i landet sitt. ”Am Israel Chai!” Israels folk lever! Ein viktig grunn for dette er IDF – Israel Defence Forces. Israel er topp 5 i verda reint militært. IDF vart formelt etablert 31. mai 1948 og har vore heilt avgjerande for landets overleving. Formelt sett har landet ett års almen verneplikt (unntak for ein del ikkje-jødiske grupper og haredim); med unntak for emergency/nød-situasjonar. Og det har det vore kontinuerleg sidan 1948! Såleis har Israel vore i ein samanhangande krigstilstand i 75 år. Vernepliktstida er p.t. 2 år og 8 mnd for menn, 2 år for kvinner, kan også vera lenger dersom dei er kampsoldater. Før var det 3 år for menn og 1 år og 8 mnd for kvinner.
IDF står veldig sterkt i Israel, soldatar er ein del av dagleglivet – me ser dei overalt – ofte med våpen – i gatene, på buss og tog, på kafé etc. IDF har nok likevel vorte litt meir omdiskutert dei siste åra – også internt. Pensjonsalder for offiserar er 45 år – den må opp. Om lag 15% av forsvarsbudsjettet går til relativt generøse pensjonar – fleire gonger høgare enn andre offenleg tilsette i Israel. IDFs verdier er høgare enn mange andre lands hærar. Hovedoppgåva er: Forsvara landets eksistens, territorium og befolkning. Dette er prega av ei skikkeleg dugnadsånd. ”Nå er det min tur!” Landet har ein hær som er klar til heltemodig innsats så snart behovet oppstår. Det er svært verdifullt – ref. Ukraina. Og dei brukar masse ressursar på forsvar – 5,17% av BNP i 2021 – Norge brukte 1,84%.
Eit anna viktig aspekt for Israel er fødsels-raten. Den er skyhøgt over alle andre land i OECD-området – og det er ikkje berre arabarane og dei ortodokse som bidrar her, sjølv om desse gruppene er i ferd med å skapa ein demografikrise i landet. Høg fødselsrate er eit sterkt teikn på optimisme og tru på framtida. Israel har 15-dobla sin befolkning dei siste 75 år; me i Norge er framleis langt unna ei dobling i same perioden. Ein vel-kvalifisert og godt utdanna befolkning er eit dei største aktiva eit sivilisert land kan ha.
Borna blir svært tidleg lært opp til at dei har ein jobb å gjera. Både i forsvaret og ellers. Dette har gitt ein sterk identitet med tilhøyrande kjensler for kva som tener til landets beste. ”The power of belonging” – styrken i det å høyra til, står heilt sentralt. Det kan fort bli til eit kall. Og det kostar, men det er ofte verdt kostnaden. Eg høyrde ein seia nyleg: ”Comfort is the enemy of identity” – Komfort er identitetens fiende. Det kan vera noko å tenkja på for oss velfødde nordmenn – mange har alt – men det er også alt me har, syng Ole Paus. Identitet seier noko om den du er, ikkje den du ynskjer å vera. Det er det som gjer livet meiningsfylt, då må fokus vera på noko utanfor oss sjølv. Då eg var i Israel tidlegare dette året var eg på ei markering der 37 år gamle Tom frå Netanya vart intervjua om terrorangrepet på Park Hotel i 2002. Tom mista store deler av slekta si under dette angrepet; m.a. foreldre (som begge var født av Holocostoverlevande) og 3 besteforeldre. Men no er Tom gift og har 6 born – eldstemann er 7,5 år – og alle er kalla opp etter eit av desse terrorofra.
Israel vert ofte karakterisert som mosaikk. Det er ekstremt mange deler som på eit eller anna uforklarleg vis høver saman til eit heile. Me finn eit konglomerat av kulturar, språk – det er multietnisk, multireligiøst etc. Ca. halvparten av landet er ørken, men den minkar (eg har høyrt at Israel er det einaste landet med ørken kor ørkenen minkar). Landet har ei rekke verdensrekordar på ulike områder – og minst ein ny vert sett kvar dag – nemleg det stadig synkande Dødehavet! Israel må dog dela den rekorden med Jordan. Og me vonar at dei snart får kontroll med det synkande Dødehavsnivået.
5. Perspektiver og utfordringar for framtida – ref. Michael Oren og 2048
Som eg allerede har vore inne på - det manglar ikkje på utfordringar, både internt og eksternt. I samband med 75-årsjubiléet har politikaren og forfattaren Michael Oren gitt ut boka ”2048 The rejuvenated state” - ”2048 Den foryngede staten.” Den er gitt ut på engelsk, hebraisk og arabisk i same bok.
Strategisk tenking seier dette: Korleis ynskjer me at Israel skal vera på 100-årsdagen i 2048? Og, kva må me gjera no og framover for å koma dit me ynskjer å vera? Diverre er slik tenking mangelvare på mange plan i vår tid – dei nære ting får alt fokus. Men for Israel må dei ulike segmentene i mosaikken finna måtar å samarbeida på – til beste for felles-skapet. Fredeleg sameksistens kan synast urealistisk – men må likevel vera eit mål. Dei sterke tendenser til stat i staten (ein del arabiske miljø, beduinane og dei ultraordokse (haredim) må på eit eller anna vis bli ein del av systemet.
Skule- og utdanningssystemet er gjennomgåande ikkje så godt som det var. Her må det reformer til. Særleg må ultraortodokse og beduinar trekkast meir inn i det vanlege skule-systemet.
Økonomisk har landet hatt stor framgang – men framgangen er veldig ujevnt fordelt. Store inntektsforskjeller – 20% av befolkningen betaler 92% av skatten og dette gapet er aukande. 1,5 millionar born lever under fattigdomsgrensa.
Ei juridisk reform er heilt nødvendig, måten høgsterettsdommarar blir utnevnt på er noko liknande ein finn i India og Thailand; men ingen vestlege land har eit slikt system. Over tid må høgsterett reflektera hovedtrenden i nasjonalforsamlinga, det finn me ikkje i Israel. Dessutan må antal saker som blir handtert av høgsterett reduserast drastisk.
Blant haredi – dei ultraortodokse – lever 60% under fattigdomsgrensa; nokre av dei ynskjer å ha det slik for då er dei meir opne og forplikta på sine teologiske studier av toraen. Men reformer er på sikt nødvendig – dei må trekkjast inn i same livet som folk flest. Hvis ikkje kan det fort enda med ei form for nasjonalt sjølvmord. Haredim er styrka dei siste åra, dei utgjer ein aukande del av folket, p.t. 13%.
Når ein grev litt djupare vil me sjå at like-stilling mellom menn og kvinner har eit relativt langt stykke att i Israel, særleg i haredim og arabiske/muslimske/beduinske kretsar. Skandinavia er modellen for mange på dette feltet.
Eg vil gjerne stilla meg i rekka av gratulantar til Israel i samband med dette jubiléet. Det er med takk og undring me ser kva Israel og jødane har fått til på desse 75 åra. Eg trur det litt inn i framtida ligg nye og større ”milepælar” som ventar på å verta oppfylt, Eg har stor tru på Israel i dagane som ligg framfor – men eg har endå større tru på at Abrahams, Isaks og Jakobs Gud vil oppfylla alle løfter han har gjeve angåande Landet og Folket.
(Tale på Tryggheim Skular 7. mai. 2023)