Velkommen |
Les artikler |
Taler - nye |
Taler - arkiv |
Taler - YouTube |
Nettbutikk |
Møter |
Støttefond |
Abonnere |
Kontakt oss |
1.
Med Jesus eg døydde på Golgata kors,
No eig eg livet han kjøpte åt oss!
Sist han meg ber i sin herlegdom inn,
Stund etter stund eg, min Frelsar, er din!
Kor:
Stund etter stund han i kjærleik meg ber,
Stund etter stund han sin nåde meg ter;
Sist han meg ber i sin herlegdom inn,
Stund etter stund eg,min Frelsar, er din.
3.
Aldri ein strid fyre sanning og ljos,
Aldri ein storm der ei han er min los.
Fram får eg gå i hans heilage namn,
Stund etter stund har eg fred i hans famn.
4.
Aldri ei freisting der han ei er nær,
Aldri ei byrda som han ikkje ber,
Aldri ei naud som ei han tek på seg!
Stund etter stund har han umsorg for meg.
5.
Aldri ei klaga når noko er åt,
Aldri ei sorg eller sviande gråt,
Aldri ein fåre der han ei er med,
Stund etter stund til sitt folk ser han ned.
6.
Aldri ei vanmakt for stor for hans dåd,
Aldri ein sjukdom der han ei veit råd.
Stund etter stund, ja, i ve og i vel
Jesus er nær ved mi lengtande sjel!
(Samme melodi som sangen på nr. 323. Har jeg sorg som vil tynge mitt sinn.)