Artikel nr 17 fra blad nr 4-2023
Inga bok er meg så kjær


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Trygve Bjerkrheim

1.
Inga bok er meg så kjær
som min moders bibel er,
hennar tårer, hennar merke går’kje ut.
Han er sliten, gammal no,
men eg minnes vel kor ho
tok meg varmt på fanget sitt og bad til Gud.

Kor:
Gamle bok, kjære bok,
du meg minner om det dyre soningsblod!
Meire kjær fra år til år
blir du meg kvar helst eg går
på den tronge veg som
opp til himlen når.

2.
Som en god og stødig stav
Gud i mor si hand den gav
til eit våpen i dei harde, tunge år.
Han er sliten, tårevåt,
dogga titt av hennar gråt
- Han har lært meg om min Frelsars blod og sår.

3.
Trøysta frå den gamle bok
alltid varmt om hjarta tok,
jaga hjarteverk og sjeleangest bort,
ja, den heldt i mørkast stund,
den gjev trøyst i dødens blund,
den skal halda når eg står for himlens port.

4.
Å, kor vel eg minnest mor,
ho meg lærde livsens Ord,
bad meg leva som ein Josef for min Gud!
Mose gror på hennar grav,
men den bibel ho meg gav,
er ei lykt for meg når lyset mitt går ut.