Artikel nr 15 fra blad nr 4-2023
Ser du deg svart og urein


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Sigvard Engeset

Ser du deg svart og urein, Kjenner på syndig trå,
dømd av ditt eige hjarta, Kjære, på Jesus sjå!
Nåde han deg forkynner, Blodet hans rann for deg
då han for dine synder Vandra den tunge veg.

Kor: “Jesus, Jesus! Alt det du treng for
himmel og jord, er gøymt i det eine ord!”

Ber du så lite frukter, Lite av gledesong,
aldri du meir vil synda, Snåvar då gong på gong.
Gøym deg i Kristi rettferd! Fullkommen var hans veg.
Lev i hans frie nåde, så lever han sjølv i deg!

Ser du så mange farer, Kjenner deg veik og arm,
argaste fiend ber du Djupt i din eigen barm.
Veit ikkje du at Jesus Har slik ei mektig hand?
Han vil deg trufast bera Like til livsens land.

(Nr. 465 i Sangboken)