Artikel nr 06 fra blad nr 4-2023
Til fridom har Kristus frigjort oss


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Ragnar Opstad

“Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor fast, og lat dykk ikkje på nytt leggja under trældoms åk” (Gal 5,1).

Syndefallet sine fylgjer
Bibelen fortel oss at vi er født som trælar under synda og er djevelen sine born. Vi må difor synda og gjera det vonde. Slutten på dette livet endar i fortapinga.
“Og mellom dei ferdast vi alle før, etter lystene i vårt kjøt, og vi gjorde det kjøtet og tankane ville. Av naturen var vi vreidens born liksom dei andre” (Ef 2,3).
Men vi kan også vera trælar overfor Gud. Vi kan tru så godt vi kan. Vi kan be og lesa i Bibelen, gjera gode gjerningar osv, og ved dette vilja gjera oss verdige til Guds nåde. Men det er eit træleliv, og Guds ord seier oss at slike ikkje arvar Guds rike.
Syndefallet var så omfattande, så totalt, så djupt – at ein annan måtte ta seg av vår sak.
Jesus var åleine, som vår mellommann, til å ta seg av vår frelse. Han kunne ikkje utan vidare ta seg av vår sak og tilgjeva oss. Han måtte bli født som eit lite barn og leva vårt liv og ta straffa som venta oss. Han vart for oss, det som betyr så mykje: vår “Stedfortreder.” Ein mann i staden for oss.

Sette på prøve
Vi fekk ein ny Adam, Jesus Kristus; og denne nye Adam måtte leva det fullkomne livet, oppfylla lova og ta vår straff. Kva står no att?
I Edens hage skulle Adam prøvast i sitt forhold til Guds ord, og han fall og drog heile slekta med seg i fallet.
Slekta er no sett på ei ny prøve. No gjeld det deg og meg. Vår prøve gjeld vårt forhold til Jesus og hans frelse. Det er i grunnen same prøva som for Adam. Jesus er eitt med sitt ord, så det er i grunnen også for oss, som for Adam, korleis vi stiller oss til Guds ord.
Om alle synda og fall i Adam, treng ikkje alle gå fortapt. Og om Jesus oppretta fallet for alle, så vert ikkje alle frelste. Som sagt vert vårt forhold til Ordet det avgjerande.

Løyst frå den fyrste Adam
Korleis kan vi bli frie frå Adam sitt fall – og få del i Jesu oppretting av fallet? Vi kan tenkja på Nikodemus eller Paulus. Dei vart fråtekne all si trøyst til sin eigen kristendom. Det same gjeld for oss. Skal vi få alt av nåde, er vårt eige bidrag utelukka. Og godt er det!
Då får vi alt for inkje! Ein annan har kjempa vår kamp – og vunne.
Vi minnest Davids siger over Goliat som vart heile folket sin siger. “Jesus vant og jeg har vunnet.”
Ved det Jesus gjorde, kjøpte han oss frie frå trælelivet. Den som trur på han, får leva sitt liv under nåden, der han får alt for ingenting; slik borna har det hos far og mor. Dei får dekkja alle sine behov – fordi dei er born, medan trælar må kjøpa alt dette ved eigeninnsats.
Borna er ved trua på Jesus rettferdige, heilage og ulastande for Gud. I staden for å tena synda og det vonde, kan og skal dei tena Gud av eit fritt og villig hjarta.

Fri frå trældoms åk
Judaistane, “nokre frå Jakob” (Gal 2:12), ville leggja dei truande i Galatia under trældom igjen. Dei måtte omskjærast og halda lova. Nei, seier Paulus. Kristus har ordna opp alt for oss ved at han oppfylte lova og sona synda vår. Den som trur denne bodskapen har fått del i frelsa, han slepp å kjøpa noko hos Gud. Han får alt av nåde så lenge han lever i trua på Jesus, for til fridom har Kristus frigjort oss. Vi skal sleppa å træla for å arva Guds rike og hans velsigning. Du som gjerne vil få det i orden med ditt gudsliv, du må ta di tilflukt til Jesus, og du får vera barn av bare nåde