Artikel nr 07 fra blad nr 6-2022
Å Betlehem, du vesle by


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Phillips Brooks

1.
Å Betlehem, du vesle by,
me ser deg kvila der.
Og over deg så stille dreg
den store stjernehær.
Men i dei mørke gater
eit ævelys skin ned.
Til deg no går dei tusen år
sin lengsel etter fred.

2.
For denne natt ein frelsar stor
vart fødd, og englar kvad.
Mens verda sov, dei song Guds lov,
og himmelen vart glad.
Å, morgonstjerner alle,
forkynn at han er fødd!
Du stjernekor, pris kongen stor!
Og fred på jorda mødd!

3.
Kor stilt, kor stilt vår Herre gav
den julegåva god!
Slik himmelen gjev jorda enn
si rike signingsflod!
Me merkar ei hans kome,
men til kvar open sjel
stig Jesus inn med nåden sin
og gjer ein syndar sæl.

4.
Å, kongebarn frå Betlehem,
inn i vårt hjarta drag!
Me audmjukt bed: Stig til oss ned,
vert fødd i oss i dag!
Me høyrer englesongen
det glade bod fortel.
Å, kom til oss, å, ver hos oss,
Guds Son, Immanuel!

(Songen vart skriven til julehelga 1868,
av den amerikanske biskopen Phillips Brooks (1868-1893).
Tri år før rei Brooks på hesteryggen frå Jerusalem til Betlehem.
Truleg var det synet av denne byen som inspirerte han til denne songen,
som er ein av dei mest sungne julesongane.
Omsett til norsk i 1951 av Trygve Bjerkrheim)

(Fra ”Takk for sangen”. Utgitt i forbindelse med
Trygve Bjerkrheim sin 90 års dag 1994)