Artikel nr 16 fra blad nr 5-2022
For meg du blødde, Jesus Krist


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Trygve Bjerkrheim

For meg du blødde, Jesus Krist,
til siste drope blod var mist.
Frå hjarta ditt det rann ein straum,
som vart for meg ein livsens flaum.

So sårt du leid på krossens tre.
Min frelsar, hjartans takk for det!
So skal eg sleppa strida der.
Ved blodet ditt eg berga er.

For meg du døydde, Jesus Krist,
i angest anda ut til sist.
Ditt hjarta brast, – for meg det var
du krossen harde pine bar.

For meg du lagdest i ei grav, -
di livssol seig i nattsvart hav.
No gruar ikkje gravi meg,
fordi ho eingong hyste deg.

For meg du opp fra døde stod.
No eig eg liv og overflod.
Eg òg ein morgon opp skal stå,
og inn til livsens gleda gå.

For meg du lever, Jesus Krist.
So skal eg møta deg til sist.
Eg ser di naglemerka hand.
So går eg glad til livsens land.