Artikel nr 08 fra blad nr 3-2022
Nåde og ansvare


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Nils Dybdal-Holthe
Dette er to ord som høyrer saman. Gjer dei ikkje det, vil det få alvorlege fylgjer. Det kan føra til fråfall og hindra Guds rike på jord på ulik vis. Folk vil få eit feilaktig inntrykk av kva kristendom er, og kan til og med føra til avsky for kristen tru og liv.
Nåde. Nåde er eit stort og viktig ord. Det tyder gratis. Me får noko for ingen ting, og me skal ikkje gjera noko sjølv. Alt er Guds verk i Kristus. Som kristen er det slik: Me fekk frelse frå Gud utan å gjera noko- for me kunne ikkje gjera noko. Han tilgav oss alle synder, tok bort skuldbrevet og gav oss eit heilt nytt liv – også det var gratis. Me fekk barnekår og rett til ein palss i himmelriket. Det var uendeleg stort, og eg veit ikkje om me kan forstå det heilt og fullt her på jord. Men me syng med stort frimod: ”Nåde at han fant meg, kjærlighet som vant meg, nåde at han bar meg til sin fold.” – I himmelen skal me få takka av hjarta: Tenk eg fekk lov å koma hit-og sleppa fortapinga.
Og: ansvar.

Det er eit anna viktig ord ord i kristenliv og tru. Gløymer me det, vil livet og vitnemålet vårt missa sin verdi og kan til og med gjera skade.

Ansvar tyder her at kvardagslivet er prega av truslivet. Det er å leva eit sant og rett liv som menneske – i lys av Guds ord. Her kan me i fyrste omgang tenkja på dei ti boda,og sjå dei i lys av kjærleiksbodet. Det handlar faktisk om moral: Korleis lever eg i kvardagen? Og det kan me sjå i lys av Guds nåde: Eg får lov å leva rett etter Guds plan.

I praksis tyder det m.a.: Ein kristen trur på Gud i himmelen, han ærar og brukar Guds namn rett, han respekterer kviledagen og er glad i foreldra sine, Han drep ikkje nokon og held ekteskapet heilagt og bryt det ikkje. Han stel ikkje frå nokon og lyg ikkje, men talar sant og trår heller ikkje etter det som høyrer andre til. Og slik kan han leva av di han har fått alt av Gud, også ein ny kjærleik til alle menneske. Og ein slik kjærleik kan også gleda seg over at andre har det godt – ja, betre enn han sjølv.

Me har altså ansvar for livet vårt og for andre menneske. I lys av Guds nåde, blir det også nåde at eg får leva rett. Eg klarer det ikkje i eiga kraft. Eg må heile tida leva nær min Gud. Og når det ikkje lukkast, får eg altså koma på ny og be om tilgjeving for synder og feil-og hjelp til livet vidare. Då blir det meir slik det var for Paulus: Han fekk høyra ein dag: Min nåde er nok åt deg. Og han skreiv til ein kristenflokk: De er frelste av nåde ved tru – det er ikkje av dykk sjølve. Ef. 2,8; Ap.gj. 12,9. Og Peter skreiv: 2.Pet. 3, 17.m.fl.

Både ordet om nåde og om vårt ansvar fører oss inn i ransaking: Har eg det slik? –I 1934 skreiv lærar Emilie Bowim songen: Få komme på ny, det er hva jeg trenger ved kveld og ved gry. Då var ho 70 år. Ho miste foreldra som liten, og mannen døydde tidleg. Men ho hadde eit lyst sinn og glede gjennom livet. Likevel visste ho: Jeg må få komme på ny. Og ho sluttar songen slik: Takk at det ved korset er tilflukt og ly. –Slik blir vegen for oss alle som trur på Jesus.

(Fra «Med ham til Golgata», Lutherstiftelsens forlag1961)