Artikel nr 18 fra blad nr 1-2022
Emne: Bokklipp
Krossen


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Jon Berg

Eg stansar ved krossen der Frelsaren leid.

Der synda og Satan fekk endeleg nei.

Eg finn ikkje fred før ved krossen eg står

og skodar i undring min Frelsarmanns sår.


Eg freistar rett ofte så sjølstyrt å gå,

men hjelp til å leve eg berre kan få

når eg kan få skode min Frelsar så kjær,

for der er min siger, i krossgåta her.


Når motlaus og bitter i striden eg står,

og kjenner at foten er blodig og sår.

Når motgang og trengsel og kross tyngjer ned;

ved foten av krossen eg atter finn fred.


Du tuktar i nåde, min Frelsar, så god.

Eg har ikkje enno med død og med blod

forsegla mi tru og min kjærleik til deg,

eg strevde så ofte på lidingsfylt veg.


Den legande frukt eg ved krosstreet får

når trøytt og fortvila på vegen eg går.

Mi ferd heim til himlen, til sabbat og ro;

den frukt finn eg berre i Frelsarens blod.


Så vil eg fortsette i tru på min Gud,

eg er då i stormen hans blodkjøpte brud.

Eg sigrar ved synet av han som seg gav

og sigerrik oppstod frå død og frå grav.


Nå er eg snart heime der striden er endt

og glad eg kan takke for alt som har hendt.

For nåde det var, både glede og tukt.

Min Jesus blir alltid den rikaste frukt.


Og kan eg få tene den tid eg har att,

så vil eg deg følgje om vegen vert bratt.

Og kan eg få vinne og trøyste ei sjel

i storm og i mørke, eg endå er sæl.