Artikel nr 5 fra blad nr 5-2021
Emne: Troslivet.
Livet i Gud (Kol 3,3)


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Nils Dybdal-Holthe.

«Livet dykkar er løynt med Kristus i Gud,» skriv apostelen til nokre kristne. Me har eit liv i Gud. Det er skjult med Kristus. Dette livet ser ikkje folket, og heller ikkje me sjølve. Det er ein løyndom i Guds rike her på jord. 

Her tenkjer me på det indre liv og samfunn med Gud vår Far og Jesus Guds Son. Me har eit samfunn med Gud i vår tanke og indre hjarteliv. Her talar me ikkje om det andre ser, men om det skjulte liv i Gud. Det har kvar kristen, meir eller mindre. Lat oss stansa for noko av det som skjer i lønnkammeret og i stille stunder – «der eg og Jesus åleine er». 

1. Trua på Gud og Frelsaren 

Vårt liv i Gud tek til med trua og der vert me verande heile livet som kristne. Og tru er her det motsette av gjerningar og det me sjølv kan få til. Trua er å gripa Jesus, ta imot han og stola på at han vil føra oss fram til målet i himmelen. Trua blir då å leggja alt i Guds hand, «overgi oss» til Gud. Det tyder ikkje at me har gjort noko sjølv. Å ta imot og å gripa Jesus tyder eigentleg å kapitulera, gi opp alt og berre rekna med Jesus i alt. Rom. 3,28. Det var ved dette verset at Luther la til ordet «åleine» i si omsetjing. Og det står ennå i Luther-biblar i Tyskland. 

Slik blir det heile livet. Livet i Gud er eit liv med Jesus. Der får me leva til vår siste dag på jord. 

2. Alt er av nåde 

Nåde er at alt i Guds rike er gratis og ufortent. Me kom inn i Guds rike utan at me hadde fortent det. Ingen ting av det me gjorde eller var kunne skaffa oss billett til himmelriket. Alt var og er gratis. Og me får leva heile livet på nåde frå Gud. «Nåde er Guds uforskyldte godhet mot syndere, hans frie tilbud om syndenes forlatelse til enhver som i tro vil motta tilbudet,» som biskop Karl Marthinussen skriv. Ein annan peikar på at ordet nåde ikkje står i evangelia utan nokre få stader. Men hovudsaka er der. «Det vesentlege i Jesu forkynnelse er nettopp at Gud i nåde trer i samfunn med syndere» (E. Thostrup Pedersen). Og det samfunnet (guds-livet) får me altså ved trua, punkt 1. Ef 2, 8. Då er livet med og i Gud eit nådeliv. 

3. Guds Kjærleik 

Bak alt dette ligg Guds kjærleik. Det tyder at Gud elskar dei han skapte. Og denne kjærleik er uavhengig av korleis me lever og oppfører oss. Og det er ikkje berre dei som lever livet med Gud, han elskar. Heidningar og store syndarar er med i hans kjærleiksprogram. Det er stort. Då er me alle med der. Til og med Hitler. Den vesle bibel seier nettopp at Gud elska verda (Joh. 3, 16). Guds kjærleik kjenner ingen grenser her på jord. For Gud er kjærleik. 1 Joh. 4, 8 og 16. 

Den store grunn til at me er frelste, er nett Guds kjærleik. Og den er også nåde frå Gud mot oss. For me elska ikkje Gud. Det var han som tok initiativet. Joh 15, 16. Og det kan me takka han for! Men me måtte seia ja,når kallet kom. 

4. Golgata 

Grunnvollen for frelsa vår er Golgata kross – når me talar om det som hende på jorda. Jesus vart hengd på ein kross som ein forbrytar mellom forbrytarar. Og alle menneske er forbrytarar i høve til Guds vilje. Det vart synleg på krossen der han var mellom forbrytarar. Det var sagt i profetien, Jes 53, 12: han vart rekna mellom brotsmenn. 

Og her ved krossen er det me finn åndeleg fred og liv i Gud. Jes 53,5. Difor vert livet i Gud eit liv ved Jesu kross. Første gong var det slik. Og den frelsande tru lever av og ved det som hende på Golgata. Synda vart sona og gjelda betalt. Og det treng ein kristen høyra heile livet. I syndefall og anfekting er det krossen me treng. I tillegg får me næring der og nytt frimod gong etter gong. Lever du der, har du eit godt liv med og i Gud. 

5. Om å sjå folket 

Livet i Gud handlar om å sjå folket på ein ny og annan måte enn før. Jesus drog ikring og møtte folk. Han tala til dei og lækte sjuke. Matt 9, 35. Då står det: «Då han såg folket, tykte han inderleg synd i dei,» v. 36. Han hadde omsut for dei og ville dei vel. For dei var herja og forkomne. Og utan hyrde. 

Dette er også litt av livet vårt «i Gud». Me møter folk - unge og gamle. Kva tenkjer me om dei? Kva føler me, og kva gjer me? Jesus visste at hans tid var avgrensa her på jord. Difor trong han medhjelparar, arbeidarar i sitt rike. Vårt liv i Gud får litt av det same. Han ber dei ikkje om å gå nett då. Han seier dei må be. Nokre vers etter ser me at dei som skulle be om arbeidarar, vart sjølve sende ut (kap. 10,5). Så blir det altså slik: Dei som ser folket si åndelege naud, tek til å be for dei. Det er litt av livet i Gud. Men rett etter kallar Jesus dei til seg og sender nett dei ut i tenesta. Livet i Gud blir etter kvart eit liv i teneste.

6. Barnekår 

Livet i Gud er eit liv i Guds familie. Kvar einaste truande er eit «barn av Gud, den evige Fader». Son eller dotter, me eig arverett og har ein god far me kan seia alt til. Og treng me litt hjelp til småting eller store saker – Far er der for oss. Me treng ikkje vera redd å seia det til han. Han er jo vår Far. Det er eit liv i glede og sorg og takkesong. Og nokre gonger tårer – for andre og oss sjølve. Då er far som ei mor, ein open famn og ei mjuk hand som tek seg av oss. – For: alt er ikkje berre glede og medgang i livet. Som barn gjorde me feil og svikta og var ulydige. Slik er me som Guds barn også. Me er ikkje perfekte. Med tårer måtte me be om tilgjeving. Med audmjuke ord måtte me be: Kan eg få byrja på nytt? «Er det ennå rom for meg?» Og den nye reine gleda kom då svaret var Ja - i Guds ord. Det er også livet i Gud. 

7. Himmelen 

Her er me på reis gjennom heile livet. Men me har ein heim – der oppe i det høge. Når me kjem dit, skal me leva livet i Gud hundre prosent. Aldri ei tåre eller eit vonbrot. Jo, kanskje ei gledeståre – tenk eg kom fram! Eg nådde målet. Reisa er slutt. I himmelen skal eg få vera i alle æver. For der høyrer eg til. Då er det takkesongen som gjeld. «Takk Fader at du var så god mot Adams falne ætt. Du frelste oss …»