Artikel nr 09 fra blad nr 1-2021
Emne: Fra troens slagmark
Kvifor forlèt kristne Guds påbod til mann og kvinne?


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Øyvind Samnøy

Stadig fleire kristelege organisasjonar og kyrkjesamfunn forlèt Guds ord om at eldste- og hyrdetenesta mellom dei kristne er ei teneste Gud har pålagt mannen og friteke kvinna frå.

Kva er grunnen?

Ein artikkel frå Dagen 18. juli 2002 i samband med at Frikyrkja opna for kvinnelege pastorar og eldste, har sett meg på eit spor. Pastor Øyvind Hansen i Åsane frikyrkje uttrykkjer fortviling over at Frikyrkja tek dette steget bort frå Guds ord. Og han meiner årsaka til denne «kvinnevinden i Frikirken er et resultat av at mange ledere har vært redde for å forkynne hva Bibelen sier om kvinners stilling i menigheten.

Dette har lenge vært et ikke-tema, og ledelsen har verken hjulpet eller oppfordret pastorene til å undervise menighetene om dette. For at folk skal forstå hvorfor kvinner ikke kan være pastorer og eldste er det helt grunnleggende at dette av og til er tema på møtene.».

Dette rammar òg våre organisasjonar på bedehusa, inklusiv NLM. I heile mitt vaksne liv har det Guds ord lærer om skilnaden mellom mann og kvinne heile vegen vorte pressa attende og gjort usynleg. Stadig fleire stillingar og styre har vorte opna for kvinner. Til slutt er heile skilnaden gjeven opp i dei fleste samanhengar.

Dette heng utan tvil saman med forsømming i forkynninga. Bibelen lærer 1 Kor 11,3 «Men eg vil at de skal vita at Kristus er hovudet for kvar mann, og mannen er hovudet for kvinna. Men Gud er hovudet for Kristus.» Det er ingen tvil om at apostelen her legg ut Mos 2, og ved det seier at «hovudstrukturen» er Guds vilje heilt frå skapinga. Adam og Eva er ikkje berre det første ekteskap, men òg den første «kyrkjelyd» og det første samfunn. Slik er Guds vilje om forholdet mellom mann og kvinne. Denne Guds ordning får klare fylgjer både i kyrkjelyd og i heimen (t. d. 1.Tim 2.11ff. og Ef. 5.22ff).

Eg har så godt som aldri høyrt ein tale om dette i NLM eller bedehus samanheng, ja, knapt nok ein del av ein tale. Med få unntak har eg berre høyrd nokre røra ved det sporadisk. Det er utan tvil eit forsømt tema.

Kva skjer då?

Guds ords kunnskap om saka forsvinn vekk frå dei truande si erkjenning. Når då praksisen i forsamlingane etter kvart fjernar seg frå ordlyden i Bibelen, gjer orda om desse ting til sist inga meining lenger. Ein nærast skjemst om dei vert lesne opp. Nokre kristne samanhengar gjev opp heile saka. Andre minimaliser ho og delegerer ho bort til det nær usynlege, og bergar med det eit slags ord for bibeltruskap.

Kvifor denne forsømminga mellom forkynnarar av Guds Ord?

Eg trur ikkje det er så vanskeleg å tenkja seg til. Det er likestilling og kvinnesak som har vore hovud-orda og hovudsaka i samfunnet rundt oss dei siste tiåra. Der vert både naturens og Guds Ords skilnad på mann og kvinne forkasta i likestillinga sitt namn. Tidsånda i dette er så sterk at det kostar mykje å seia imot langt inn i kristen samanheng. Menneskefrykt gjer forkynnarane stille, ein etter ein. Til Jeremia seier Gud: «Ver ikkje redd dei, så eg ikkje skal gjera deg redd dei» (Jer.1.17). Når ein som forkynnar då gjev etter for menneskefrykt og ikkje vil stå ved det lyset ein har, så forsvinn lyset, litt etter litt. Etter kvart forsvinn det heile som «felleskristen» kunnskap. Ja, det sanne høyrest etter kvart galt ut. Så set ein utan å blunka, kvinner til eldste og til å leia dei kristne kyrkjene og organisasjonane.

Kvar gå vegen ut av uføret?

Omvending til Guds ord, først og fremst mellom dei kristne leiarane og forkynnarane! Det må føra til at ein bøyer seg for Gud og sannar òg denne synda, sviket mot Ordet og den kristne forsamlinga, for menneskefrykt og mangel på frykt for Gud.

Enno er Gud å nå for Jesu skuld, både til tilgjeving og fornya liv. Så kan ein i heilag styrke igjen både læra og leva etter Ordet, òg når det talar om forholdet mellom mann og kvinne.

(Innlegget ble først trykt i Dagen 08.12.2020)