Velkommen |
Les artikler |
Taler - nye |
Taler - arkiv |
Taler - YouTube |
Nettbutikk |
Møter |
Støttefond |
Abonnere |
Kontakt oss |
Å
Betlehem, du vesle by, me ser deg kvila der. Og over deg så stille dreg den store stjernehær. Men i dei mørke gater eit æve-lys skin ned. Til deg no går dei tusen år sin lengsel etter fred. |
Kor
stilt, kor stilt vår Herre gav den julegåva god! Slik himmelen gjev jorda enn si rike signingsflod! Me merkar ei hans kome, men til kvar open sjel stig Jesus inn med nåden sin og gjer ein syndar sæl. |
For
denne natt ein frelsar stor vart fødd, og englar kvad. Mens verda sov, dei song Guds lov, og himmelen vart glad. Å, morgonstjerner alle, forkynn at han er fødd! Du stjernekor, pris kongen stor! Og fred på jorda mødd! |
Å,
kongebarn frå Betlehem, inn i vårt hjarta drag! Me audmjukt bed: Stig til oss ned, vert fødd i oss i dag! Me høyrer englesongen det glade bod fortel. Å, kom til oss, å, ver hos oss, Guds Son, Immanuel! |
(Songen vart skriven til julehelga 1868, av den amerikanske biskopen Phillips Brooks (1868-1893). Tri år før rei Brooks på hesteryggen frå Jerusalem til Betlehem. Truleg var det synet av denne byen som inspirerte han til denne songen, som er ein av dei mest sungne julesongane.
Omsett til norsk i 1951 av Trygve Bjerkrheim) (Fra ”Takk for sangen”. Utgitt i forbindelse med Trygve Bjerkrheim sin 90 års dag 1994)