Artikel nr 08 fra blad nr 5-2020
Emne: Fra bibelhistoien
Kongane i det delte Israelsriket


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Kjell Helland

Det me kan kalla kongetida i det gamle Israel var tida frå Saul vart konge til Sidkia (Sedekias, Mattanja) vart ført til Babylon. Nøyaktig når Saul fekk kongemakt, veit me ikkje, for tidsrekninga i oppslagsverk varierer litegrann. Men årstalet for deportasjonen av Sidkia er det stor semje om - den vert sett til 586 f. Kr. Tar me utgangspunkt i det Bibelsk Oppslagsbok fortel, så vart Saul salva til konge i 1027 f. Kr. Dermed viser det seg at kongetida i det gamle Israel varte i bortimot 450 år.

Om dei tre første kongane fortel Bibelen veldig utførleg. Saul vart forkasta, David var kongen etter Guds hjarta og Salomo vart vide kjent for visdomen sin.

Under Salomo var Israels-riket på det største i omfang. Men det skulle ikkje stå seg, for under kong Rehabeam, son til Salomo, vart det delt i to. Etter Bibelsk Oppslagsbok skjedde dette i 931.

Det som hende på den tida var at Rehabeam opplevde at folket kom til han med klage på store tyngsler og bøn om lempelegare kår, og han rådførte seg med dei to gruppene av rådgjevarar han hadde. Dei gamle rådde han til å føya seg etter folket sine ønskje, dei unge eggja han til å vera hard. Ulukka vart at Rehabeam vraka det gode rådet frå dei gamle og lydde det fatale frå dei unge, med det resultat at halve riket glapp frå han. Han vart sitjande igjen med Sør-riket (Juda, To-stammeriket), og resten tilfall Jeroboam Nebatson, som fekk Nord-riket (Tistammeriket, Efraim, Israel).

I Sør-riket rådde til saman 19 kongar og ei dronning i dei ca. 350 åra frå Rehabeam og fram til 586 f. Kr., og Samuelsbøkene, Kongebøkene og 2. Krønikebok fortel om korleis dei var, desse kongane; kva dei gjorde og ikkje gjorde og ikkje minst, kvar hjarta deira hadde sitt feste.

Begge rika hadde både gode og dårlege kongar, men det viser seg likevel at det var tydeleg skilnad på kongekvaliteten i dei to rika. Om kongane i Sør-riket står det om åtte av dei at han gjorde det som var rett i Herrens augo (Jaàs ha jasjàr beène JHVH). Dette står det ikkje om nokon av kongane i Nord-riket – ingen av dei får denne attesten. I tillegg står det om to av desse åtte kongane (Esekias og Josias) at dei ikkje hadde sin like korkje før eller etter seg. Dermed ser me at nesten halvparten av kongane i Sør-riket var det me kan kalla gode kongar, kongar som vandra på Herren sine stigar.

Om sju av kongane i dette riket var det sagt at han gjorde det som Herren mislika (Jaàs harà beène JHVH), og mellom desse sju er alle dei fire siste kongane, endå tre av dei var søner til den særs gudfryktige Josias og den fjerde sonesonen hans. Dette at sønene ikkje går i fedrane sine fotspor er ikkje noko eineståande i soga til Israel; det same gjeld sønene til profeten Samuel og øvstepresten Eli, samt son til den gudfryktige kong Josafat og etterkomaren til den gudlege kong Hiskias/Esekias. Denne siste var Manasse, ein av dei mest gudlause kongane i heile Israel si soge.

Dei fire kongane som står igjen var òg av slett papir.

I Nord-riket rådde også totalt 19 kongar, men dèt over ein god del kortare tidsrom - godt og vel 200 år, fram til 722 f. Kr. Den første av desse, Jeroboam Nebatson, ville hindra at folket i riket hans for opp til Jerusalem for å bera fram offer, derfor laga han seg like godt to gullkalvar og sette den eine i Betel og den andre i Dan. Så sa han til folket at her er gudane dine, som førte deg opp frå Egypt. Så ofra han sjølv til kalvane. Dermed drog han folket inn i avgudsdyrking.

Av dei 19 kongane i Nord-riket får heile tretten denne attesten: Han gjorde det som Herren mislika/det som var vondt i Herrens augo (Jaàs harà beène JHVH) og følgde den syndefulle vegen som Jeroboam hadde følgt og fått Israel til å følgja. I tillegg til desse fekk Jeroboam og Akab vitnemål om at dei for verre åt enn dei som hadde vore før dei - ein negativ motpol til Esekias og Josias i Sør-riket. Med andre ord var det heile femten kongar i Nord-riket som det med reine ord vert sagt om, at dei gjorde det som var Herren imot - var avgudsdyrkarar. Det same var to av dei fire som var att av dei nitten - dei hang alle fast i kalvedyrkinga som Jeroboam hadde innført.

Eit lyspunkt i Nord-riket var at kong Joram fjerna Baals-søyla som far hans hadde fått gjort og ikkje gjorde Herren så mykje imot som dei andre kongane. Dette siste kan òg seiast om den siste kongen, Hosea. Likevel var også begge desse kongane fanga inn av kalvedyrkinga.

Om Jehu, ein av dei tre kongane som står att i Nord-riket, heiter det at han dyrka gullkalvane i Betel og Dan - samstundes - som han rydde Baal ut or Israel. Dette gir innblikk i korleis lys og mørke kjempa om herredøme i kongetida.

Om dei to kongane som står att, Ela og Sallum står det ikkje noko avgjort, dei hadde òg begge kort regjeringstid, to år og ein månad, så deira påverknadskraft i folket vart heller lita. Så dermed ser me at så godt som, ja, truleg alle kongane i Nord-riket var kalvedyrkarar og følgde i Jeroboam Nebatson sine spor, sjølv om tre av dei (Joram, Hosea og Jehu) viste tendensar til å vilja gå i rett retning.

Dermed ser me at kalvedyrkinga som den første kongen i Nord-riket oppretta, ikkje let seg utrydda i løpet av heile riket sin ca. 200-årige eksistens. Først assyrarane si erobring og deportasjonen av folket i 722 f. Kr. setter ein endeleg stoppar for uvesenet.