Velkommen |
Les artikler |
Taler - nye |
Taler - arkiv |
Taler - YouTube |
Nettbutikk |
Møter |
Støttefond |
Abonnere |
Kontakt oss |
Melodi: Jag kan inte rekna dem alla...
Eg kan ikkje anna enn takka for livet som vart meg til del, at ingen på spira mi trakka i livet sitt mangslungne spel. |
Eg kan ikkje anna enn vona på nåde og miskunn og trøyst, eg, syndar i alt, må få koma og høyra di kjærlege røyst. |
Eg kan ikkje anna enn lova den Herre som fridom meg gav, for livets ugløymande gåva for nådens utøymande hav. |
Eg kan ikkje annan enn venta på ropet som lyder ein gong, då Frelsaren sjølv vil meg henta til englanes heilage song. |
Eg kan ikkje annan enn opna mi tome og skjelvande hand, og ta imot alt det du sender på veg mot det ovsæle land. |
Eg kan ikkje anna - så hjelp meg. Eg snublar kvar einaste dag. Så fatig og rådlaus på villsteg eg bed: lat meg gå i ditt lag. |
Eg
kan ikkje anna enn leva i tru på det reinsande blod, som fløymde frå Frelsarens hjarta og vaskar meg heilkvit og god. (juli '93). |