Velkommen |
Les artikler |
Taler - nye |
Taler - arkiv |
Taler - YouTube |
Nettbutikk |
Møter |
Støttefond |
Abonnere |
Kontakt oss |
På Golgata hang han, min Frelsar.
Den midtre krossen var hans.
Han sa dei forløysande orda,
Som står i ein strålande glans.
Tre viktige ord: Det er fullført!
Tre viktige ord frå hans munn.
Dei berga mi sjel i frå domen!
No står eg på fjellsikker grunn!
No veit eg at syndene mine
Sokk ned i det botnlause hav.
Ingen kan henta dei oppatt!
Djevelen har ingen krav!
Evig skal sjela mi leve.
Songen i Guds paradis
Skal væra vår hylling av Lammet,
som betalte den høgaste pris