Artikel nr 07 fra blad nr 1-2019
Emne: Bibelforum
Jeremia (Del 2)


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Kjell Helland

II: Tida/åndssituasjonen 

Med sine femtifem år på trona var Manasse den lengstregjerande av dei tjue kongane i Juda si knappe 400-årige soge. 2 Krøn 33 fortel at han førde Juda og Jerusalems-folket på avveg, og at Herren tala til han og folket hans utan at dei akta på det, så babylonarane kom over han og førde han i lekkjer til Babel, men så skjer det noko stort, nemleg at han, då han var i naud søkte nåde hos Herren sin Gud og audmjuka seg djupt framfor sin fedre-Gud. Herren høyrde bøna hans og let han koma attende til Jerusalem og riket sitt. Då sanna Manasse at det er Herren som er Gud. Med andre ord: Ei oppleving av mykje same karakter som den Nebukadnesar litt seinare hadde i Babel. 

Tida under Jeremias sin barndom 

Akkurat når dette skjer, får me ikkje vita, og det kan henda at heile barndommen til Jeremia fall i denne fase av Manasse sitt liv. Son til Manasse, som kom etter på trona, følgde ikkje opp den gode avslutninga til faren, men heldt fram med avguderi og gudløyse i dei tre månadane han styrde. Etter han kom så den gudfryktige Josia, jamaldringen til Jeremia, ein av dei beste kongane i Juda, ja, 2 Kong 22,25 seier at det korkje før eller etter fanst hans make. Men om Josia og Jeremia treftest, veit me ikkje. Det er på ingen måte utenkjeleg, all den tid begge desse heilhjarta søkte Herren. 

Josia miste livet på tragisk måte. Farao Neko var på veg nordover gjennom Kanaan for å kjempa mot babylonarane, og så fór Josia ut med hæren sin for å stansa han. Josia hadde nett sett tempelet i stand og følte seg vel sterk og ovanpå. Men det å gje seg i kamp med egyptarane var heilt meiningslaust, og Farao Neko åtvara han innstendig. Så forkledd som vanleg soldat vart Josia felt ved Megiddo i 607. 

Utfallet av slaget mellom egyptarane og babylonarane vart eit knusande nederlag for egyptarane, og babylonarane gjorde Juda til provins under seg, men med høg grad av sjølvstyre. Godt hundre år tidlegare (722) hadde assyrarane erobra Nord-riket, så no i 605 var heile Israel – både Nord-riket og Sør-riket under framandt herredøme. 

Ikkje mindre enn sju kongar opplevde Jeremia - Manasse, Amon, Josia, Joakas, Jojakim, Jojakin og Sedekia - og han profeterte under dei fem siste av desse. Joakas og Jojakim og Sedekia var alle søner til Josia, og Jojakin - den siste ættledden av Davids-ætta - var son til Jojakim. Sedekia, som kom etter han og var den siste på Davids trona i Jerusalem, var altså onkelen. 

Politisk var det ustabilt, der Juda låg inneklemt mellom to stormakter. I nord eit grådig Assyria – og seinare Babylon - som la land etter land under seg, og i sør Egypt, som begge kjempa om hegemoniet i området. Kva skulle så Juda gjera, babylonarane hadde alt fått ein fot innanfor grensene. Jeremia åtvara inntrengjande mot å inngå forbund med Egypt. Dei skulle i staden setja si lit til Herren. 

Slik såg det altså ut på den storpolitiske arena. Eit lite Judea i fare for å verta oppslukt av ei glupsk stormakt. Kvar var hjelp å finna, allianse å søkja? 

Og kva med åndssituasjonen? Var det eit gudsøkjande folk Jeremias vaks opp imellom? Eit folk som henta tankar, vurderingar og visdom frå Herren sin Gud? Eit folk som støtta seg på Israels Veldige? 

Tar ein utgangspunkt i dei tjue kongane i Juda etter Israels-riket si deling på 900-talet og fram til Jerusalems fall i 586, får sju av dei vitnemål om at dei gjorde det som var rett i Herrens augo. Og på den tida var det langt på veg slik at "som kongen, så folket". 

Josia førde folket på rett veg 

Josia er ein av desse sju, og går heilhjarta inn for å føra folket på rett veg. Gjer pakt med folket om at dei skal følgja Herren og halda boda og vitnemåla og føresegnene hans av alt sitt hjarta og all sin hug (2 Kong 23,3). Dermed står den ein og trettiårige Josias-tida - om ikkje heilt frå starten av - fram som vekkingstid i Juda. Men etterpå tek søvnen over, gudløyse og avgudsdyrking sig inn att, og mørket vert kanskje endå tettare enn før, for ingen av dei fire kongane som kjem etter følgjer i spora hans, korkje dei tre sønene eller sonesonen. 

Det åndelege klima på Jeremias si tid 

Dette er altså situasjonen for Jeremia: Han skal vera profet for eit avgudsdyrkande folk som ein periode hadde ein gudgripen konge, som til ein viss grad fekk folket med seg, men ikkje sterkt nok. Vekkinga nådde ikkje inn til hjarta hos folket slik at ugraset igjen tok over. Han skal tala til eit folk som får vitnemål om at dei følgjer tomme gudar og sjølv vert tomme (2,5) og som har bytt æra si bort i det som ikkje kan hjelpa (2,11). 

Kva så med leiarane? I 2,8 får dei dette vitnemålet: "Prestane sa ikkje: Kvar er Herren? Og dei som sysla med lova, kjende meg ikkje. Hyrdingane fall frå meg. Profetane spådde ved Bàal og fylgde dei som ikkje kan hjelpa." Her er både prest, dommar, leiar og profet i drift for ver og vind. Og grunnen til dette får me i 8,9: "Sjå, Herrens ord har dei vraka. Kva skulle dei då ha visdom frå?"

I 6,13 får me vita at dei alle søkjer sitt eige, ikkje bryr seg om rett og gale og manglar omsorg for folket dei skal rettleia. At dei gjer andre vondt, forstyrrar dei ikkje, og diagnosen dei stiller når det gjeld den åndelege situasjonen er både overflatisk og falsk: "For både små og store, alle saman søkjer låk vinning; både profet og prest, kvar ein fer med svik, og dei fer lettvint åt med å lækja mitt folks skade, med di dei seier: Fred, fred! endå det ingen fred er." 

Folket som hyrdingane skulle gjeta, fer vill, utan tilsyn og omsorg (23,2): "De har spreitt sauene mine og jaga dei bort og ikkje sett etter dei." 

Både prest og profet får vitnemål om at dei er gudlause (23,11), og gudløysa spreier seg frå dei og nedover i folket; frå toppen og nedover, frå sentrum og utover (23,15f): "Frå profetane i Jerusalem er gudløysa gått ut over heile landet." Inga formaning om å venda om og å søkja Gud frå den kanten, nei, synda vert godkjent og syndaren jatta med (23,14): "Profetane i Jerusalem ... styrkjer hendene på illgjerdsmenn, so ingen av dei vender om frå sin vondskap."

Ikkje står dei i beit for ord heller, ordflaumen og ordgyteriet vil ingen enda ta (18,18): "... for det tryt ikkje på lov for presten, eller på råd frå den vise, eller på ord frå Gud frå profeten"

Er desse verkeleg sende frå Gud? 23,21 svarar: "Eg sende ikkje profetane, men endå sprang dei av stad; eg tala ikkje til dei, men endå spådde dei." (I Nord-riket hadde Akab og Jesabel eit par hundre år før dette 850 falske profetar på lønningslista si. Etter trefninga på Karmel vart dei døyvde ei tid, men uvesenet tok seg opp att.) 

Og kva er det så dei spår? (14,14): "Løgn spår profetane i mitt namn." Så vert dei vel avslørte og må stå til rette? (5,31): "Prestane styrer etter deira råd, og mitt folk likar det så." Dessverre, dei får berre halda på, å prøva åndene verkar ukjent. Heilt greitt for folket. Dei får det dei likar å høyra. 

Kvar har dei så bodskapen sin ifrå, når ikkje Gud har sendt dei? 23,15 gir svaret: "Dei fyller dykk med tomme innbillingar, sine eigne hjartesyner ber dei fram." Eigne fantasiar utgitt som Guds ord, fengjande og fargerike, i forlenginga av folket sine eigne tankar og førestillingar, knytt opp mot lengt og draum i folkedjupet. 

Og gudstenesta? "Borna sankar ved, fedrane kveikjer eld, kvinnene eltar deig for å laga kaker til himmeldronninga. Dei renner ut drikkoffer for andre gudar" 7,18. Og 44,19: "Når vi brende røykjelse for himmeldronninga og rende ut drikkoffer for henne, var det vel då utan at mennene våre visste det og ville det ...?" 

Kven var så denne himmeldronninga? Bibelsk oppslagsbok fortel at det var ei kanaaneisk fruktbarheitsgudinne som under ulike namn vart dyrka i heile den gamle orienten, og at hennar symbol var nymånen. Ho er kvinneleg motpart til Baal, som var den fornemste guden i eit område. Han var kongen, sola. Astarte var dronninga, månen. 

Dette gjorde dei i Jerusalem. I tillegg til himmeldronninga dyrka dei mange andre gudar (11,13): " For like mange som byane dine er, like mange er gudane dine, Juda! Og like mange som gatene i Jerusalem er, like mange altar har de reist for den skammelege avguden, altar til å brenna røykjelse på for Bàal." 

I Hinnomsdalen utanfor Jerusalem vart det bygt offerhaugar der søner og døtrer gjekk gjennom elden for Molok (32,35). Her er det snakk om menneskeoffer. Barnet vart lagt i dei utstrakte hendene på eit holt gudebilete med eld inni. Slik var skikken i Karthago i det første hundreåret f. Kr., og ein reknar med at det var slik det gjekk føre seg i Israel òg. 

Slik er altså den politiske og åndelege situasjonen i Juda på Jeremia si tid. Eit lite folk som prøver å halda sitt sjølvstende oppe inneklemt mellom stormakter, leitande etter hjelp, vinglande rundt i åndeleg mørke, påkallande avgudar og rettleidd av falske profetar. Med andre ord eit folk som etter eige val er underlagt krefter og åndsmakter som dreg i alle retningar, berre ikkje inn til Herren. 

Så langt vekk er altså folket som vart utvalt gjennom Abraham, Isak og Jakob og som vart ført ut av Egypt med teikn og under og som fekk Kanaans land til eige, så langt på avveg er dei komne. 

Derfor kallar Gud dei eit fråfalle folk, som Jeremia og dei andre sanne profetane skal prøva å kalla tilbake til sin rette ektemann, Herren, han som dei driv hor imot ved å ta seg andre gudar i fleng, gudar av stokk og stein og tilbe og dyrka dei, gudar som får dette vitnemålet frå det høge (2,8): Dei kan ikkje hjelpa.