Artikel nr 03 fra blad nr 1-2019
Emne: Sang
Så mange gamle så einsleg går


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Mikael Aksnes

Så mange gamle så einsleg går
Når det kveldar.
Så lite sol på sin veg dei får,
Når det kveldar.
Så lite gleda deim livet gav,
Og lyse voner dei bleiknar av
Når det kveldar.

Den nye tida dei titt finn rar
Når det kveldar.
Dei unge sjeldan deim skjøna har
Når det kveldar.
Dei vert så utanom eitt og alt,
Og livet einsleg det vert og kaldt
Når det kveldar.

Til deg, du ungdom, dei trøystar seg
Når det kveldar.
Å, send litt solskinn på deira veg
Når det kveldar!
Å, lat dei veta du har dei kjær,
Og at dei ikkje til overs er
Når det kveldar!

For oss dei stridde, dei kvila treng
Når det kveldar.
Det utakk er om dei gløymde gjeng
Når det kveldar.
Og vel me unge må tenkja på
Korleis me sjølve det helst vil få
Når det kveldar.

(Sangboken nr 780)