Artikel nr 09 fra blad nr 4-2018
Emne: Bibelforum
Jeremia


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Kjell Helland

Mannen

Om profeten veit me ein heil del: Presteson, født ca. 650 f. Kr., opplever som barn siste del av den kanskje mest gudlause av alle kongane på Davids kongsstol i Jerusalem, Manasse, si regjeringstid, nokolunde jamaldra med soneson hans, den gudfryktige Josias, som vert konge berre 8 år gammal.

Profetverksemda til Jeremia er lang. Den strekkjer seg over omlag 40 år, frå det 13. året i Josias si regjeringstid (1:2) og vidare gjennom kongane Joakas, Jojakim, Jojakin og heilt til slutten av Sedekia (Sidkia) si tid på trona i Jerusalem, då byen vert erobra og folket ført til Babylon.

Av natur må Jeremia ha vore sart og fintfølande. Dette kjem til uttrykk mange stader, ikkje minst i kapittel ni, der han sørgjer over sine landsmenn: "Gjev hovudet mitt var vatn, og auga mitt ei tårekjelde! Då ville eg gråta dag og natt over dei drepne i folket mitt." Dette viser at han har inderleg medkjensle med folket han profeterer til. I tillegg viser det at Jeremia slik David må ha hatt ei sterk lyriske åre. Dette kjem til uttrykk gjennom bruk av mange språklege bilete og dyrking av hebraisk poesi, dette å seie det same på to ulike måtar, det som òg vert kalla hebraisk parallellisme.

Profeten veks opp i prestebyen Anatot, ein liten times spasertur frå Jerusalem, og besøkjer den gylne by berre i høgtidene. Seinare buset han seg i Jerusalem og opplever i sin alderdom beleiringa og øydelegginga av denne byen.

Som person kjenner me Jeremia betre enn andre profetar. Det er sagt at i talane hans trengjer personlege stemningar langt sterkare fram enn hos ein Jesaja eller ein Esekiel, og mot hans milde og sarte sinn står ei urikkande fastheit og ukuande motstandskraft i hans profetiske kall (Orelli). Det er og sagt at vegen hans er ein martyrveg, og at det tyngste ikkje er dei ytre plagene han vert utsett for, men den indre lidinga. Han lir nemleg under ei dobbel smerte i og med at han kjenner seg som medlem av det folket han må koma med så strenge domsprofetiar imot. Det er vidare sagt at han kjenner i seg noko av Guds eiga smerte og medkjensle. I 8,21 seier han dette slik: "Eg er sundbroten fordi folket mitt vert sundbrote."

Han kjempar harde kampar både med seg sjølv og med Gud. I kap 20 vitnar han om at han vart overmanna av Gud, at han vart dregen inn i profetgjerninga utan at han sjølv kunne gjera noko til eller frå: "Herre, du lokka meg, og eg let meg lokka. Du vart for sterk for meg og vann." Så klagar han over at han må forkynna dom og bestemmer seg for at han ikkje vil tala meir. Men då vert det som ein brann i beina hans, som han ikkje klarer å halda innestengt, så det må han slå frå seg. Vidare klagar han over at han vert forfølgt og at motstandarar spionerer på han for å finna noko dei kan fella han for, men så slår han om og jublar: "Men Herren er med meg lik ei veldig kjempe..." Forfølgjarane skal snåva og ikkje få overtaket, for "eg har lagt mi sak fram for deg". Han vert fylt av indre glød og vissa og bryt ut i lovprising: "Syng for Herren, lova Herren!"

Men så slår han igjen heilt om: "Forbanna vere den dagen då eg vart fødd! ... Forbanna vere den mannen som kom og melde til far min: Du har fått ein son!" Å, at eg ikkje vart drepen i mors liv, så ho vart grava mi, sukkar han. Her fell han frå dei høgaste lovprisingstindar og ned i den djupaste gjørma. Han har det vondt. Det er kamp på livet. Kva vits er det for han å leva, når han berre skal møta møde og enda dagane sine i sorg, fortviler han.

I 15,10 les me om det same, igjen er det ekkoet frå Jobs bok som kjem imot oss: "Eie meg, mor mi, at du skulle føda meg, meg som alle folk i landet strider og trettar med!" Litt seinare er òg her tonen ein annan. For no seier han: "Eg fann dine ord, og eg åt dei. Og orda dine var til hugnad for meg og til glede for mitt hjarta."

Me ser kor det svingar. Det verkar nesten som om det er noko manisk-depressivt i hans sinn, som i eine augneblinken trykkjer han ned for så i neste løftar han opp.

Vidare fortel profeten i kap 15 at han har avsondra seg og halde seg unna lettliva underhaldning. "Eg har ikkje sete og jubla i lystig lag. Gripen av di hand har eg sete einsleg, for du fylte meg med harme." Men det har ikkje vore til hjelp, for han må klaga sårt: "Kvifor er pinsla mi evig, og såret mitt ulækjande?" Og så går han i rette med Gud: "Du har vorte for meg som ein sviktande bekk, som vatn ein ikkje kan lita på." Han har ikkje fått den hjelp frå Herren som han treng, slik han ser det.

Det står om profeten Elia i Jakobs brev at han var ein mann under same kår som oss. Profetane var ikkje supermenn. Dei var menneske. Så vert han teken i skule. Det er noko han skal læra: "Dersom du vender om, så vil eg la deg koma attende og stå for åsynet mitt. Dersom du skil det edle frå det uedle, skal du vera som munnen min. Dei skal atter venda om til deg, men du skal ikkje venda om til dei. Eg vil gjera deg til ein fast koparmur mot dette folket. Dei skal strida mot deg, men ikkje få overtak på deg. For eg er med deg og vil frelsa og berga deg, seier Herren. Eg vil berga deg or handa på dei vonde, og eg vil fri deg or hendene på valdsmenn."

Kva er så dette han må venda seg ifrå, som han må skilja ut og få frå livet? Fredrik Wisløff seier at det er mismotet og bitterheita. Det må han kvitta seg med om han skal vera talerøyr for Herren. Men så får han og sterke lovnader om Guds vern.

I 10,19 er han òg inne på eiga oppleving. Men her er det meir forsoning: "Eie meg for eit slag eg har fått. Ulækjande er mitt sår. Men eg seier: Ja, dette er ei plage som eg lyt bera." Denne erkjenninga viser at han har stridd med seg sjølv og vunne.

Men at det røyner hardt på, vitnar han òg om i 23,9, der han seier: "Hjarta i mitt bryst er sundkrasa, alle mine bein skjelv, og eg er lik ein drukken mann, ein mann som vinen har maktstole, for Herrens skuld og for hans heilage ord skuld."

Herren må bøya han. Det skjer gjennom kamp (12,1): "Herre, når eg trettar med deg, har du alltid rett."

Forkynninga hans fører til at han vert både misforstått og forfølgt (11,21). Herren let han vita at folket i Anatot, heimbyen hans, står han etter livet: "Du må ikkje tala profetord i Herrens namn, for då skal du døy for vår hand". Det vert det ikkje noko av.

I kap 38 les me om at hovdingane seier til kongen: "Lat dei drepa denne mannen." Anka mot han er at han ikkje søkjer folket sitt vel, men vil dra ulukke over dei. Sjølv vitnar han i 17,6: "Eg har ikkje drege meg unna, men fylgt deg og vore hyrding, og nokon ubøtande ulukkedag ynskte eg ikkje." No mister han ikkje livet, men vert i staden firt ned i ein vasslaus brunn, der han søkk ned i gjørma på botnen. Heldigvis er det ein tenar ved hoffet, ein etiopiar, Ebed Melek, som får drege han opp derifrå.

Mismodig over vondskapen til landsmennene sine spør profeten kvifor det går dei ugudlege godt, medan han sjølv vert så hardt prøvd, endå han er ærleg i hjarta. Herren svarar (12,5): "Vert du utmødd når du spring med gåande mann, korleis kan du då kapprenna med hestar?" Saka er at ei endå hardare prøving ligg framføre, nemleg at han skal verta sviken av sine eigne. "For jamvel brørne dine og farshuset ditt – jamvel dei er trulause mot deg. Jamvel dei ropar etter deg med full hals. Tru dei ikkje når dei talar fagre ord til deg!"

Ja, dette er profeten sin lodd. Men han gir ikkje opp. Lovnaden ved inngangen til profetgjerninga står ved lag. For då hadde Herren sagt (1,18f): "Og sjå, eg gjer deg i dag til ei fast borg og til ein jarnstolpe og til ein koparmur mot alt landet; mot kongane i Juda, mot hovdingane, mot prestane og mot lyden i landet; dei skal strida mot deg, men ikkje vinna på deg; for eg er med deg, seier Herren, og skal berga deg."

Når han for tredje gong står under trugsmål om å verta drepen, seier han (26,14): "Men sjå eg er i dykkar hand. Gjer med meg som de tykkjer er rett. Men de skal vita at om de drep meg, so fører de skuldlaust blod over denne byen ..." Men Akikam Safanson held si hand over han, så han ikkje vert gjeven i hendene på folket. Alle er ikkje i mot han.

Kong Sedekia, den siste på Davids kongsstol i Jerusalem, gjev inntrykk av å vera ein heller svak, men trassig konge. Han fengslar Jeremia sidan denne har forkynt at Jerusalem skal falla i hendene til babelkongen.

Ein tid seinare vil Jeremia reisa ut på landet for å sjå på eit arva jordstykke. Då vert han gripen i det han går ut or byen og klaga for å vilja gå over til babylonarane som omringar byen. Dei set han i eit fangehol i ein kjellar. Seinare lar kong Sedekia han få sitja i varetekt i vaktgarden. Der får han ein brødstump for dagen til det er slutt på brødet i byen.

Sjølv om Sedekia har Jeremia innesperra når babylonarane har omringa Jerusalem, så oppsøkjer han profeten i løynd og søkjer råd frå han. Jeremia oppmodar han til å gå ut til babelkongen og gje seg over til han, men av redsle for å verta gitt i hendene til sine eigne og verta drepen, vil ikkje kongen dette.

Etter at byen er fallen i hendene på kaldearane, viser det seg kong Nebukadnesar drar omsorg for Jeremias. Han seier til den høgaste offiseren sin (39,12): "Tak han og lat auga ditt vaka over han og gjer han ikkje noko vondt! Gjer med han slik han sjølv seier til deg!" Og denne offiseren seier til Jeremia (40,2): "Herren din Gud har varsla denne ulukka over denne staden." ... "Sjå, i dag har eg løyst deg frå lekkjene om handa di. Er det godt for deg å koma med meg til Babel, så kom, og eg vil la auga mitt vaka over deg. Men er det ikkje godt i dine augo å koma med meg til Babel, så lat det vera! Sjå, heile landet ligg framfor deg. Du kan gå dit det er godt og rett i dine augo."

Jeremia går til Mispa, til Gedalja, som Nebukadnesar har sett over dei jødane han let vera att i Judea. No vert denne Gedalja og alle jødane som er rundt han, litt seinare tragisk nok drepne, men Jeremia bergar livet.

Seinare vert Jeremia med jødane som på grunn av dette mordet flykta til Egypt. Der kjem han med sine siste profetiar for jødane, men dei vil heller ikkje der høyra på han, sjølv etter det som er hendt med Jerusalem. Så kjem Nebukadnesar ikkje lenge etterpå, i 568, og tek Egypt, atten år etter Jerusalems fall.

Korleis Jeremia enda livet sitt er ukjent. Det er usannsynleg at han kom tilbake til Judea, så han hadde nok sine siste dagar i Egypt, denne tåreprofet. Og skal me tru kyrkjefedrane, så vart han steina der i Egypt.