Artikel nr 16 fra blad nr 3-2018
Emne: Baksida
Be for Norge!


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Trygve Bjerkrheim

Be for Norge!
Be for landet,
At Guds gode Heilag-Ande
Vårliv må i miskunn sende,
Folket må til Gud seg vende!

Be for Norge,
For dei unge,
Dei som ligg i lenkjor tunge,
Dei som står i kveldens timar,
Høyrer afton-klokkor kimar!

Be for Norge,
At Guds nåde
Enno må i landet råde!
Herre, du vårt land må verna!
Leid oss under lovnads-stjerna!

Be for Norge!
Lat oss knela!
Myrket vil vår lukke stela.
Gud, må myrkemakti røma,
Landet som ein hage bløma!


(Fra «Våren og vona» side 181. Lunde forlag 2002)