Artikel nr 09 fra blad nr 1-2018
Emne: Bibelforum
Syndefallsberetninga


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Kjell Hellend

Dagen me les om i 1. Mos 3 er den mørkaste i menneskesoga, full av svik og list, fortviling og håpløyse. Men likevel lar Gud eit glimt av lys bryta mørket. Han har eit evangelium å forkynna sin falne skapning... 

Det Bibelen her fortel om korleis synda kom inn i verda blir av enkelte oppfatta som ei forteljing som på symbolsk og psykologisk måte skal forklara syndefallet. Det me her les om treet og frukta var ifølgje desse altså ikkje slik, men bilete, symbol på noko anna. 

Vidare blir det sådd tvil ved spørsmål som dette: Kan det å ta ei frukt vera så farleg? Underforstått: Ein så liten og skarve gjenstand, er det noko å ta på veg for? Men den som spør slik, har ikkje forstått mykje av det heile. For om eg tar eit kronestykke som ikkje er mitt, eller ein tusenlapp, så er saka djupast sett den same. For alvoret ligg ikkje i storleiken på det som vert teke, slik me gjerne har tendens til å tenkja. Alvoret ligg først og fremst i dette å gjera Gud imot, ignorera og trassa hans ord. 

For min del kan eg ikkje anna enn å ta forteljinga som ho står. Eg er ikkje den som kan setja meg til doms over Guds ord. Og sjølv om forteljinga her i 1. Mos 3 er nedslåande, så har ho lysglimt i seg. Ho kastar nemleg lys inn på vegen som går mot full oppreisning og frelse for mennesket. 

Då Gud hadde skapt, såg han på sitt verk og fann alt såre godt. Men likevel dukka det opp ein slu slange i paradiset. Kven var dette og kor kom han frå? Bibelen svarar ikkje med reine ord, men gir vink om at det i førstninga var ein majestetisk engel, skapt før jorda og menneska kom til, men som ikkje var nøgd med stand og stilling og sette seg opp mot Gud.

Den falne engelen i Esaias 14 og Esekiel 28 

Esaias 14 fortel om babelkongen, som ville reisa sin kongsstol høgt over Guds stjerner og gjera seg lik den Høgste. Men så kjem det: "Kor er du ikkje fallen frå himmelen, du strålande stjerne." I staden for å bli Gud lik, kom Guds dom over han. 

I Esekiel 28 seier fyrsten, kongen i Tyrus i sitt hjarta: "Eg er ein gud, eg sit i eit gudesete." Og Gud sa om han: "Du som var innseglet på den vel tilmåta bygnaden, full av visdom og fullkomen i venleik! I Eden, Guds hage, budde du. Dyre steinar dekte deg" ... og vidare: "Du var ein salva kjerub med venger som gav livd, og eg sette deg på det heilage gudefjellet; der gjekk du ikring mellom logande steinar. Ulastande var du i di åtferd frå den dagen du vart skapt, til det vart funnen urettferd hjå deg." Så vart han driven vekk frå gudefjellet. 

Det ser ut til at desse to beretningane har dobel botn. For det første omtalar dei to kongar, den første i Babylon og den andre i Tyrus, men så glir dei over til å omtala eit anna vesen i forlenginga av dette. Og eg trur dei har rett, som meiner at dette andre vesenet er slangen. 

"Du var ein salva kjerub, ..." Bibelen fortel t kjerubar er mektige englar som har sin verestad ved Guds kongsstol. Og i første og andre Samuelsbok møter me Gud som tronar på kjerubane. 

Det hebraiske verbet karàv, som ordet kjerub kjem frå, betyr å vera nær. Og i tabernaklet stod gullkjerubar på nådestolen, der Gud talte til Moses og øvstepresten. Dette var altså eit vesen med posisjon heilt inntil Guds tronstol i himmelen, men som var blitt forvist derifrå.

Slangen i hagen 

Så møter me han som slangen i Edenhagen. Han er klar over sitt nederlag, men vil gjera så mykje skade han kan den tid han har, og peilar seg inn på den skapning som lik han har personleg vilje og som står i direkte kontakt og i det mest inderlege samfunn med Gud, og vil dra denne med seg i opprør og avgrunn. Ved å angripa det fine samfunnet mellom Gud og mennesket og om mogeleg skada og øydeleggja dette, er mykje vunne, sett frå slangen si side. 

Og han kjem så fint og listig. Ingen skal sjå hans sanne ærend. Han vil då berre hjelpa mennesket til å forstå Gud på ein betre måte og få ei djupare forståing av tilveret. Dei skal bli lik Gud, verta kloke og få innsikt i det gode og det vonde, om dei et av treet. Det kan då ikkje vera Guds vilje å hindra tilgang til dette, som er så godt og nyttig. Her ser me at slangen blandar sanning og løgn. Han er løgna sin far, seier Bibelen. Når han lyg, tar han av sitt eige. 

Vel, innsikt i det gode og det vonde fekk nok mennesket, det har historia etterpå vist, men Gud likt var det ikkje. 

Elles er det slåande når det gjeld samtalen mellom Eva og slangen at Eva i det heile lytta etter og gav slangen sine ord rom i hjarta sitt, og at ho ikkje passa på vera nøyaktig når ho skulle vidareformidla det Gud hadde sagt. Ho la nemleg til " ... og ikkje røra" for eiga rekning. 

Forteljinga viser at slangen ved å omtala kor fortreffeleg treet var, som dei ikkje skulle eta av, gjorde Eva så interessert og fascinert at ho ikkje lenger følte seg bunden av det Gud hadde sagt, men kjende seg løyst frå det. Vegen derifrå og til fall var ikkje lang. Kva ho etterpå sa til Adam, fortel ikkje Skrifta noko om. 

Ifølgje omsetjinga av vers 6 i både -88 og 2011 omsetjinga kan det sjå ut som at Adam er med Eva då ho tar av frukta, for det står at ho gav til mannen sin, "som var med henne". I tidlegare omsetjingar står det at ho gav mannen sin "med seg". I "med seg" fekk Adam av frukta, men trong ikkje ha vore til stades der det skjedde, for ordet "som" manglar, eit ord som heller ikkje står i grunnteksten. Utelatinga støttar opp under formodninga om at Adam ikkje var til stades då samtalen mellom slangen og Eva gjekk føre seg. 

I alle fall vart òg motstandskrafta hos Adam broten. Han vart dregen med i fallet, men må ta hovudansvaret for det, sidan han er mann. Slik reknar Gud. For når Skrifta elles omtalar fallet i Edenhagen, heiter det alltid Adams fall, aldri Evas fall. 

Dei skulle ikkje døy, sa slangen. Igjen ser me korleis sanning og løgn vert blanda saman. Døydde gjorde dei jo heller ikkje, i ei forståing av ordet. Men likevel inntredde døden momentant. Den åndelege døden. Det nære samfunnet med Gud tok skade, og tilstanden av uskuld var slutt. Mennesket fekk ein fallen natur. 

Alt dette førte til at redsle for Gud fall over dei, og dei tok ut for å finna ein stad å gøyma seg. Dei hamna på flukt frå Gud. Og dette er mennesket sin situasjon frå den dag av på alle kontinent og under alle himmelstrok. I kongepalass som i blekkskur. På flukt. Når så Gud kjem for å dra til ansvar, ser me korleis både Adam og Eva fråskriv seg dette. Adam skuldar på Eva og Eva på slangen. Med andre ord: Det er andre som har skulda. Kjenner me til dette? Nei, du er mannen, sa Natan til David, då han hadde synda. Det fører ikkje fram å skulda på tida, miljøet, den og den og det og det. 

Så dreiv Gud Adam og Eva ut frå Edenhagen, og kjerubar med logande sverd skulle hindra dei i å koma tilbake.

Kvinna si ætt skal knuse slangen 

Men, som nemnt innleiingsvis, så har forteljinga lysglimt i seg som viser veg ut or uføret. Kvinna si ætt skal knusa slangen sitt hovud, står det i vers 15. Denne bilettale er heilt klar. Når hovudet er knust, då er det slutt. Og kvinna si ætt, kven er det? Er det heile menneskeheita? Skal menneskeslekta i samla sum ta oppgjer med slangen? Ut frå tidlegare omsetjingar kan det faktisk sjå slik ut, for der står det at Gud seier til slangen: "Dei skal krasa ditt hovud" Altså "dei", med andre ord fleirtal. Den nye omsetjinga er tydelegare, for her står det "han", og det er nøyaktig det grunnteksten seier. 

Ja, Bibelen fortel at kvinna si ætt er ein person, mennesket Jesus Kristus. Det same kjem fram i det som vart sagt til Abraham om at i hans ætt skal alle slekter på jorda velsignast. Det er snakk om Jesus her òg. Det er i han velsigninga er, og det er han som skal knusa slangen sitt hovud. Det er han som skal setja punktum for slangen si herjing på denne jord. 

Når skal han så gjera det? Er det lenge til? Det me sikkert veit, er at det avgjerande slaget allereie er utkjempa. Det skjedde på Golgata kors. Bibelen tolkar det som der skjedde med desse orda: "Han avvæpna maktene og herredøma og synte dei ope fram, då han viste seg som sigerherre over dei på krossen." Koll. 2:14. Denne avvæpninga var ikkje synleg for menneskeauga, men slik tok det seg ut for Gud. 

Dette er realitetane i den åndelege verda. Me ser det heller ikkje i dag. Men Gud har betre oversikt, og han seier at slik er det. På korset vann Jesus ein avgjerande siger over alle makter som står Gud imot. Dette skal me få lov til å tru, og ein dag skal det verta synleg for alle. 

Ormegifta som vart sprøyta inn i hælen må menneskeheita leva med, den treng ikkje vera til døden, for Gud har ordna det slik at denne gifta sitt frie løp i eit menneske kan bli hindra. Han gav oss nemleg ei motgift, for Jesus kom for at ormegifta ikkje skal få siste ordet. Den som ser opp til han på korset, skal ikkje døy, men leva.