Artikel nr 10 fra blad nr 6-2017
Emne: Bokklipp
Verda sin Frelsar


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Tormod Vågen

”Han skal frelsa folket sitt frå syndene deira”. (Mat 1, 21) 

Endeleg hadde frelse-soga si klokke slege. Tida var fullkoma, det utvalde folket og heidningverda var førebudd, og Guds son kunne koma. 

I ringe kår og fattigdom kom han, men i sin grenselause kjærleik gjorde han den gjerning som ingen annan ville eller kunne gjera: Å frelsa frå synda. 

Denne frelsa har to sider. Fyrst frelsa han oss frå synda si skuld. Han gjekk inn istadenfor den dødsdømde og tok straffa for all verda si skuld og bar henne bort. Då han ropa sitt ”fullført”, var denne sida ved frelsa ordna for evig. Det skal aldri meir verta gitt noko offer for synd. 

”Hvor er vår synd? Hvor er vår dom? 
Hvor er vår straff og last? 
Når alt tilregnet blev Guds lam – 
Til korset naglet fast?” 

Men frelsa inneheld noko meir. Kristus frelser også frå synda si makt. Høyr det du tapande, tvilande, motlause Guds barn. Gud kjem ikkje til deg i dag med svepe og harde ord. Mildt og kjærleg tek han deg i handa og leier deg inn til Kristus og gir deg denne store lovnad: ”Han skal frelsa folket sitt frå syndene deira”. Du har nok synd og synder som du treng å frelsas frå. Be han syna deg dei, og ta imot den kraft som ligg i denne lovnad frå Gud sjølv. La denne mektige hand lyfta deg gjennom kvardagens sorger og gleder, freistingar og kampar. 

(Fra andaktsboka ”I kongens nærleik”. 1. januar. Lunde forlag)