Velkommen |
Les artikler |
Taler - nye ![]() |
Taler - arkiv ![]() |
Nettbutikk |
Møter |
Støttefond |
Abonnere |
Kontakt oss |
"For ordet om krossen er vel dårskap for dei som vert fortapte, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.” (1 Kor 1,18)
Bølgjene frå opprørt hav kastar seg i desperasjon mot steile svaberg, ålar seg oppover glatte skarv med all si tyngd, brusar med alt sitt velde, men må heile tida vika tilbake, for dei treff eit punkt der dei må dei bøya seg. Dei møter nemleg noko som er sterkare enn seg sjølv, dei marmar mot fast fjell. Men ute på opne havet tumlar sjøane som dei vil, der er det ingenting som stansar dei.
I Esaias 58 les me: "Men dei gudlause er som det bårande havet. Det kan ikkje liggja i ro,..." Eller, som det tidlegare stod: "Det kan ikkje halda seg stilt." Og vidare les me: "... og bølgjene rotar opp gjørme og slam". Det er altså ikkje berre på overflata det er uro. Den forplantar seg mot djupet. Det er uro i folkehavet, og gjørme og slam - botnfall, berme - vert rota opp.
Midt i denne frådande uroa, midt i det larmande og ståkande menneskehavet, midt i synd og ureinheit har Gud sett eit fast fjell. Golgata. Jesus kross. Mot dette rasar dei ugudelege, men kjem ingen veg. For krossen er dýnamos Theoú; Guds kraft.
På Golgata møtest Gud og Satan til duell, her rasar kamp mellom dei, og Satan lid nederlag. Det står det om i Kol. 2:15: "Han (Jesus) avvæpna maktene og herredøma og synte dei ope fram, då han viste seg som sigerherre over dei på krossen." Dette kan òg uttrykkjast slik: "Han kledde av maktene og herredøma og hengde dei ut, då han triumferte over dei på krossen." Så dermed er Satan og all hans her overvunnen på Golgata kross, ved Guds kraft.
Her ved krossen vert det óg avslørt kor eit menneske står og kor det etlar seg. Her viser det seg, her kan det ikkje skjulast lenger. For den som vil til himmelen står krossen som eit fyrlys i opprørt hav og viser veg. For den gudlause, harde og forherda står krossen som eit fjell han knuser seg imot.
Golgata er det store vegkrysset. Her deler menneskeheita seg i to typar. For den eine er ordet om krossen - ordet om Jesu liding og død for vår skuld – dårskap, det vil seie av lite verdi. Ja, i ei synonymordbok står det om "dårskap": "Se dumhet, vanvidd." Dumheit er gale nok, men vanvit er verre, for då det spøkjer det med vitet. Den vesle forstavinga van- fortel nemleg at det som kjem etterpå både er knapt og mangelfullt. Ordet om krossen er altså for denne utan mål og meining.
Eit menneske som tenkjer slik kallar Bibelen av og til ein dåre, og om han les me i Salme 14:1 at han seier i sitt hjarta : "Det finst ingen Gud." I Salomos Ordtøke vert han inngåande skildra, i Forkynnaren står det at han vandrar i mørke (2:14) og hos Lukas vert den rike bonden, som berre var oppteken av å kara til seg og ikkje var rik i Gud, av Jesus kalla ein dåre.
Dåren sin veg fører til fortaping. Ordet om krossen er tomt for han. Han ser ikkje det Gud har gjort til hans frelse, bryr seg ikkje om det det heller.
Men så finst det ei anna gruppe menneske. For ein som er i den flokken er situasjonen ein heilt annan. Han har fått sjå verdien av ordet om krossen. Han har fått sjå at her er Gud i aksjon for mi skuld. Her grip Gud inn for å berga meg. Og det skjer i historia, på ein bestemt dag i ei bestemt helg i ein bestemt by i eit bestemt land. Her grip Gud inn med si kraft.
På Golgata møtest den dømande Gud, som seier at den som syndar skal døy og den Gud som vil at alle menneske skal verta frelste til oppgjer med seg sjølv. Dommen over meg vert lagt på den uskuldige, slik at eg som er skuldig skal sleppa fri. Jesus tar mitt på seg, mi synd og skam vert lagt på han på Golgata kors. Eg får det som er hans, hans rettferd og reinheit og står for Gud i kvit og plettfri drakt, som om eg aldri hadde synda.
Ordet om krossen er Guds kraft for oss som vert frelste. Den krafta som eg i meg sjølv fullstendig manglar, blir aktivisert på Golgata. For her grip Gud inn med si frelsande kraft frå himmelen, for å hjelpa meg, den kraftlause. For når det gjeld mi frelse, har eg ingen ressursar eg kan mobilisera, er heilt og fullt avhengig av hjelp utanfrå, ja, ovanfrå, frå himmelen. Og no har Gud ordna dette. For i mi frelsessak er det eine og åleine evangeliet - ordet om krossen - som gjeld. Kva eg har gjort og ikkje gjort er irrelevant. Gud har fått betalinga han krev. Prisen er betalt, og den var høg. Men den er betalt – fullt ut.
For oss som vert frelste er ordet om krossen òg ei Guds kraft til ny vandring. Dette ordet ber meg som kristen i kvardagen. For det er ikkje slik at Gud frelser meg gjennom ordet om krossen, og så skal eg sidan klara meg i eiga kraft. Men det er slik me har tendens til å tenkja. Gud har frelst meg, så no må eg verkeleg ta meg saman slik at livet mitt frå no av, herifrå, vert perfekt. Tanken er sikkert grei nok i teorien, men i verkelegheita, i kvardagen, der eg lever livet mitt, kan den nok ikkje realiserast.
Det er noko heilt anna som må til, evangeliet om Jesu sonande død for mine synder vil vera ei kraft i mitt liv, ei kraft som står til disposisjon kvar einaste dag. Dette ordet ber kristenlivet mitt. Eg kjem aldri korkje ved eiga kraft eller ved Guds hjelp til å nå opp på eit høgare åndelege nivå, der eg kan ausa av andre kjelder til hjelp og styrke i mitt kristenliv. Nei, gjennom ordet om krossen vert Guds kraft kanalisert ut til den som har bruk for denne krafta i livet sitt.
Tar du vekk ordet om krossen, rasar heile byggverket. Då vert Bibelen berre ord, himmelen berre draum og framtida berre mørke. Vert ikkje ordet om krossen min personlege eigedom i trua, er eg fortapt, same kor god eg elles måtte vera, menneskeleg sett.
Men no står ordet om krossen der og har ikkje mist si kraft, tilgjengeleg for alle som har bruk for det.
Ditt kors, o Krist, ble verdens sol,
dets lys ei grenser kjenner.
Ditt kors, o Krist, ble ærens stol,
der livets lue brenner.
På korset åpner du din favn
for hver forvillet synder.
Fra korset, i din Faders navn,
du verden fred forkynner.
Fra korsets tre din kjærlighet
hver ensom sjel bestråler.
Dets guddomsmakt vel ingen vet,
dets dybde ingen måler.
Og frøs enn alle hjerter til,
ble lukket alle hender,
din kjærlighet dog varm og mild
mot hele verden brenner.
La slukkes alle lys på jord,
la stenges alle veier!
Den som har funnet korsets spor,
har evig nok i eie.
Edin Holme