Artikel nr 05 fra blad nr 3-2017
Emne: Dikt
Ver hos meg, Herre Jesus!


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Henrik O. Stokkenes

I liv og død, ver hos meg, Herre Jesus! 
Følg du meg dag for dag på vegen fram! 
Du bar til krossen mine mange synder, 
Ja, du vart heile slektas offerlam. 

Du gjekk i døden, så mi sjel skal leve, 
Og eg får ha eit mål i himmelrik! 
Å, aldri kan min tanke heilt ut fatte, 
At du, min Jesus, kunne elska slik! 

Ja, før enn grunnvollen var lagt for verda, 
Var planen for mi frelse meisla ut! 
Når eg veit dette om din store kjærleik, 
Kor kan eg då bli tyngd av tvil og sut? 

Så er mitt endemål: Dei ljose salar, 
Der alle frelste ein gong samlar seg. 
Då skal vel jubelsongen aldri stilne, 
Når vi kring truna prisar Far og Deg!