Velkommen |
Les artikler |
Taler - nye |
Taler - arkiv |
Nettbutikk |
Møter |
Støttefond |
Abonnere |
Kontakt oss |
Eg vil peike på han som føddest i stallen
den sæle kvelden med englesong!
Eg vil takke min Gud i himmelens salar
for dette som hende på jorda ein gong.
Eg vil peike på han som stod imot freisting,
då djevelen prøvde å ringe han inn.
I hjarta mitt kjenner eg jubel og glede
fordi han gjekk den veg som var min!
Eg vil peike på han som hang der på krossen
og gav sitt liv for deg og for meg,
den dagen då skuldbrevet mitt vart sletta,
og åpna vart den himmelske veg!
Eg vil peike på han som stod opp frå grava
ein søndagsmorgon før sola rann,
då alle daudens band vart sprengde
og han det evige livet vann!
Det bryt ein jubel fram frå mi bringe,
for alt det min Gud og min Frelsar har gjort!
Så har eg eit æveleg liv i vente,
der attanfor himmelens port!