Artikel nr 17 fra blad nr 5-2016
Emne: Sang
skabelon-ny


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Trygve Bjerkrheim

Himmelkallet 
Melodi: ”Det lysnet i skogen” 

Eg høyrde i min ungdom eit høgt og heilagt kall,
Det hummelklokkor var som for meg tona.
Dei tala om oppreisning ifrå det djupe fall,
Ved Han som for meg leid og syndi sona.
Eg stod imot so lenge, men sistpå sa eg ja –
Og hjarta fann si kvila, sin fred på Golgata.
For det eg vil i æva Herren lova!

Han tok meg inn i våren, Guds rikes sæle vår.
Ein livsens straum som aldri skal ta ende.
Ein rikdom som skal vara sjølv under gråe hår,
Ha takk, min Gud, for dette tidarvende!
So er det ikkje fåfengt mitt eine liv på jord,
Nei, det har mål og meining, og gledelilja gror.
For det eg vil i æva Herren lova!

Og Han som maktar fylla dei fyrste ungdomsår,
Og hjelper i dei bratte motgangs – bakkar.
Han vil meg også signa i hausten still og klår,
Når det til sist mot æva lir og lakkar.
So vil han også koma i dødsens alvorstund,
Han sjølv vil ferja yver det siste tronge sund,
Og legg til land der alle stormar stilna.

(Skrevet på Kummervoll i Averøy kommune 
på Nordmøre 26. 08. 1963)