Artikel nr 14 fra blad nr 3 - 2016
Emne: Bladklipp
Guds vilje er god for samfunnet og alle menneske
Av Johannes Kleppa

Då Gud gav Moses dei ti boda på Sinaifjellet, var det ikkje ei gåve berre til Israel. Det var heller ikkje tenkt som normer som berre kristne seinare skulle overta. Det var Guds gode vilje til alle menneske, anten dei trur på Gud eller ikkje. Dei ti boda var heller ikkje ei nyoppfinning frå Guds side der ute i øydemarka. Det var ei openberring av den viljen som låg til grunn for skapinga av mennesket, og som Gud hadde skrive som lovas gjerning i menneskehjarta. Dette vitnar menneskets tanke og samvit om (Rom 2,14f). 

I luthersk samanheng talar vi om tre bruk av lova. Den første er den borgarlege, der Guds vilje gjennom boda vert gjort gjeldande for alle menneske, og som med det har med livet i samfunnet og alle folks liv å gjera. Den andre bruken er lova som tuktemeister til Kristus, ved at lova avdekkar synda og viser at vi treng syndstilgjeving og frelse – altså forkynning av lov og evangelium. Den tredje bruken er lova retta til kristne for å rettleia dei i livet, slik at det gamle mennesket ikkje skal få lura oss. Her høyrer formaningane heime. Det meste av kristen forkynning konsentrerer seg om dei to siste bruka av lova, men vi må ikkje gløyma den første. 

Ved at lovas første bruk er retta mot alle menneske, er det ein bruk av lova inn i det verdslege regimentet, altså ein del av den måten Gud styrer samfunnet på. Det er ein sentral del av kristen tru at Gud er god og kjærleg. Då er også hans vilje god, og uttrykk for Guds kjærleik. Ved at Guds vilje kjem til uttrykk i boda, må vi tenkja om boda som vi tenkjer om Gud. Då bør vi ikkje sjå i bakken eller stå med huva i handa når det vert snakka om dei ti boda. 

Dei skal vi frimodig halda fram for alle menneske, både i politikken og i kyrkja. 

Det er kyrkja si profetiske oppgåve å forkynna dei tida boda som Guds gode vilje inn i samfunnet – og då særleg boda på den andre tavla (4.- 6. bodet). Dette gjer kyrkje og misjon i alt for liten grad. Derimot har det vorte vanleg at ein opptrer med politiske og fornuftige synspunkt inn i samfunnet, noko det åndelege regimentet ikkje har noko med eller har noko særskild kompetanse til. 

Den som vil fremja kristen tenking inn i politikk og samfunn, må tenkja at dei ti boda er Guds gode vilje for alle menneske, og med det frimodig fremja desse og argumentera for at dei må få vera styrande for samfunnet. Historia her i landet – og mange andre stader – viser då også at der kristen tru og etikk vann fram, vart det til gode for folk og land. Ser ein på muslimske land, vil ein sjå det motsette. Ut frå denne tenkinga er det nokså meiningslaust at det frå programkomiteen for Kristeleg Folkeparti vert argumentert for at partiet skal framstå som mindre «kristeleg» og meir «folkeleg». Då underkjenner ein Guds gode vilje i boda, og ein har ikkje forstått det som ligg i lovas første bruk. 

(Innspel 07.04.2016 i Dagen. Gjengitt med tillatelse fra forfatteren)