Artikel nr 12 fra blad nr 6-2015
Emne: Bladklipp
Kyrkjemedlemskap og forkynning
Av Johannes Kleppa

Etter at det no er klart at det er fleirtal i Kyrkjemøtet for «vigsel» av likekjønna par, har spørsmålet om medlemskap i Den norske kyrkja (Dnk) reist seg med ny styrke. På grunn av den teologiske utviklinga som har vore i Dnk dei siste ti-åra, har ein del alt meldt seg ut. Andre har sagt at dei vil stå i kyrkja og kjempa så lenge det er von om at ein kan unngå eit vigselsrituale som inkluderer likekjønna «ekteskap». Nokre av desse har sagt at grensa går ved at det formelt vert innført ny lære i Dnk ved endring av ekteskapsliturgien, slik at denne vert kjønnslikegyldig. Denne tanken byggjer på at liturgien er uttrykk for kyrkja si lære. 

Det står att å sjå kor mange som melder seg ut. Dei fleste vert nok ståande som medlemmar, fordi dei anten er positive eller likegyldige til den endringa som no skjer. Andre vil verta ståande fordi det vert reservasjonsordningar for prestane, og fordi det i deira kyrkjelyd er prestar som dei har tillit til. Dette er uttrykk for at dei (motvillig) aksepterer at det lever to ulike syn og to ulike praksisar ved sida av kvarandre i Dnk. Dei aksepterer på sett og vis kyrkjesplittinga når denne vert synleg, og dei får rom for sitt konservative syn. Dette er ein uhyre problematisk strategi, fordi det i praksis legitimerer begge syna som rettkomne i Dnk. Ei slik legitimering vil over tid verka til at det eine synet får overtaket ved hjelpa tidsånda, og det er berre spørsmål om tid før det konservative synet er pressa ut over sidelina. Slik vil det verta, fordi det er innebygd ei så sterk åndsmakt i den kjønnsnøytrale ideologien. 

Ordninga med ei nasjonal kyrkje – som Den norske kyrkja – er ei menneskeleg ordning. Det same er ordninga med formelt kyrkjemedlemskap. Slike menneskelege ordningar har gode grunnar for seg, men dei er ikkje absolutte. Sidan det er menneskelege ordningar, kan vi tenkja ulikt om dei, og med det må vi ikkje binda kvarandre sitt samvit i slike saker. 

Det som derimot ikkje er ei menneskeleg, men ei Guds ordning, er forkynninga. Forkynninga er Ordets nådemiddel, og med det den ordninga Gud brukar til å formidla Jesu frelsesverk til oss, og til å skapa den frelsande trua i hjarta vårt. Kva forkynning vi lyttar til, er difor viktigare enn kva kyrkjemedlemskap vi har. Trua vert i samsvar med den forkynninga vi høyrer, og difor er det avgjerande viktig at vi lyttar til Ordets forkynning, og kva vi lyttar til. 

Den presten eller predikanten som forsvarar homofilt samliv, står for ein teologi som er i strid med openberringa i Bibelen, og med det i strid med ei sann forkynning av Guds ord. Av denne grunnen må vi unngå å lytta til slike forkynnarar, men spørsmålet om forkynninga er ikkje avgrensa til dette spørsmålet. Vi må søkja forkynning som totalt sett er i samsvar med Guds ord. Vi må ikkje la kyrkjemedlemskap styra kva forkynning vi lyttar til. 

(Fra Innspel i Dagen 08.10.2015, med tillatelse fra forfatter)