Artikel nr 12 fra blad nr 5-2015
Emne: Bladklipp
”En hånd er utrakt fra Herrens trone”
Av Johannes Kleppa

Gjennom heile menneskeslekta si historie har det vore ei sjølvsagt oppfatning at mennesket anten er kvinne eller mann. Kva kjønn ein er, kan ein finna ut ved å sjå på sin eigen kropp. Naturen definerer kjønnet, og det svarar til at Gud skapte oss til mann og kvinne. Det er ei skaparordning og del av at vi er skapte i Guds bilete. 

Rett nok er det ei talmessig svært marginal gruppe som har problem med å definera kjønnet sitt, anten av fysiske eller psykiske grunnar. Denne vesle gruppa skal vi ha respekt for og ta på alvor, men ho skal ikkje vera utgangspunktet for korleis vi skal tenkja om kjønn. Tvert imot er det dei naturgjevne kjønna som skal vera grunnlaget, og dei som opplever problem med sin kjønnsidentitet, skal hjelpast i lys av det. 

Gjennom den siste generasjonen har det vokse fram ein ny måte å forstå kjønn på, der ein nedtonar det biologiske og løftar opp det sosiale og kjenslemesssige. Det er ein naturalistisk og evolusjonistisk måte å tenkja på, der det heile har eit tilfeldig og ikkje eit normgjeve utgangspunkt. Den postmoderne filosofien og kulturen er som hand i hanske til denne tenkinga og forsterkar henne. Då vert det personleg skjønn, eigne kjensler og kva ein finn fungerer best for seg, som avgjer. 

Resultatet av dette har så langt toppa seg i den kjønnslikegyldige «ekteskapslova». Det er ikkje lenger naturen eller biologien som skal avgjera samliv og ekteskap, men eigne kjensler og erfaringar – og så tilpassar ein det øvrige etter det, særleg når det gjeld å få born. Alle veit at eit likekjønna samliv i seg sjølv ikkje har livsrett. Livet vil stoppa med det, om ein ikkje omgår det med den måten naturen ordnar liv på. 

No har regjeringa fremja ei lov som er eit ektefødt barn av den ideologien som ligg i den kjønnslikegyldige «ekteskapslova» - lov om kjønnsskifte. Om vi skulle ha ei lov på dette området, måtte ho ta utgangspunkt i slik naturen og biologien faktisk er, men då helseministeren lansert lova, sa han: «Lovforslaget er historisk ved at det ikke lenger skal være helsetjenesten, men personen selv som bestemmer om han er hun har endret kjønn.» Han fekk seg også til å seia at saka handlar om «en grunnleggende menneskerett, nemlig retten til å være seg selv». Også denne lova må ein finna måtar å omgå, om ho skal fungera, som i idrett. 

Ved presentasjonen av lova toppa det heile seg i at då helseministeren møtte motstand, sa han at det er «nettopp den typen holdninger vi skal bekjempe og få vekk med dette lovforslaget». Lova skal altså verka tankemessig og ideologisk einsrettande. All lov har det med seg at ho skal vera normdannande, men det må vera på eit naturrettsleg eller eit reint fornuftsmessig plan, om lova ikkje skal krenka samvitet. Når ei lov har eit bestemt ideologisk utgangspunkt og siktemål, som i dette tilfellet, set ho samvitet under press.

(Dagen 09.07.2015. Innspel. Gjengitt med tillatelse av forfatter)