Artikel nr 9 fra blad nr 3-2015
Emne: Bladklipp
Tenestedeling – frigjering eller avgrensing
Av Johannes Kleppa

Då Gud skapte mennesket, skapte han det i Guds bilete. I dette ligg også at Gud skapte oss som mann og kvinne, eller som mannleg og kvinneleg. Då Adam var åleine, heiter det at det ikkje var godt for mennesket å vera åleine. Blant dyra fann Adam ingen som kunne vera hans like og medhjelp, fordi igjen av dei var skapte i Guds bilete. Då skapte Gud Eva, og Gud arrangerte det første bryllaupet ved å leia kvinna til mannen, og gjorde dei til eitt kjøt. 

Den likskapen og den ulikskapen som slik kjem til uttrykk, ligg til grunn for heile menneskelivet og for alle relasjonane mellom mann og kvinne – og Gud definerte det som «overlag godt». Med tanke på å vidareføra menneskeslekta, er dette innlysande. Om alle skulle praktisera dagens likekjønnsideologi, ville menneskeslekta opphøyra med den generasjonen. 

I ekteskapet avspeglar forholdet mellom mannen og kvinna Guds kjærleik, ved at mannen skal elska kona si som Kristus elska kyrkja, og kvinna skal underordna seg mannen som kyrkja underordnar seg Kristus. Er denne relasjonen og praksisen god for kyrkjelyden, er han god for mannen og kvinna i ekteskapet også. 

Den harmoniske relasjonen mellom mann og kvinne som ligg i gudsbilete, vart delvis broten ved syndefallet, og mannen er freista til å råda over kvinna på syndig vis. Av denne grunnen er det særlege formaningar til mannen i høve til kvinna. Det er generelt slik at det er mannen som må bera ansvaret for at jorda vart forbanna ved syndefallet. 

Ordninga mellom mann og kvinne etter skapinga er vidareført og stadfesta ved syndefallet. Dette er altså ei god ordning, men ho har som menneskelivet generelt vorte problematisk ved syndefallet og kan misbrukast – særleg av mannen. Det er altså ikkje ordninga som er problematisk, ho er til det god og ho motverkar konsekvensane av syndefallet. 

Den ordninga som er mellom mann og kvinne i ekteskapet, gjeld også i Guds storfamilie på jorda, den kristne forsamlinga. Det er aktualisert slik at kvinna ikkje skal råda over mannen, men mannen skal gjennom lære- og hyrdingoppgåva tena forsamlinga i kjærleik. Denne ordninga går tilbake til skapinga og syndefallet, og til ekteskapets utgangspunkt i Kristus og frelsesverket. 

Ordninga med tenestedeling mellom mann og kvinne i den kristne forsamlinga er med dette ikkje uttrykk for avgrensing, men for frigjering – både for mann og kvinne. Difor bør ein ikkje ta som utgangspunkt at dette er eit problem, når ein skal utmynta det i dagens situasjon, men at det er eit gode. Det gjer ein best ved å gå til det Bibelen lærer om mann og kvinne, og det som kjem til uttrykk i dei tekstane som direkte talar om tenesta i forsamlinga. Ein må unngå å oppheva tenestedelinga gjennom eit lågkyrkjeleg kyrkjesyn, eller utvida henne gjennom eit høgkyrkjeleg embetssyn, men halda fast på henne ved å utfalda bibeltekstane. 

(Innspel i Dagen 26.02.2015. Gjengitt med tillatelse fra forfatter)