Artikel nr 11 fra blad nr 6-2014
Emne: Bladklipp
Ein trusposisjon: Bibelen er openberring
Av Johannes Kleppa

Det er mange element i bibelsynet, men det alle viktigaste er at Bibelen som Guds ord er openberring. Det inneber at Gud gjev oss av sin kunnskap, ein kunnskap som vi utan openberring ikkje ville hatt tilgang til. Sidan dette dreier seg om kunnskap på dei mest avgjerande livsområda, treng vi denne kunnskapen. At Bibelen er openberring, kan ikkje provast ved vitskapleg forskning eller filosofiske tenking. Det ligg i sjølve openberringa at det er ein trusposisjon. 

Kristent sett er det to typar kunnskap. Den eine er den som er på skapinga sitt plan, altså det som ligg til menneskets fornuft, tankekraft og evner. Denne typen kunnskap er avgrensa til den avgrensinga som ligg i å vera menneske. For alle daglege behov og for det som trengst for samfunnslivet, strekk denne kunnskapen til. Det er dette Forkynnaren i GT omtalar som «under sola», og det er ei grense som mennesket ikkje kjem over. Den andre typen kunnskap er det som er «over sola», det som berre Gud har greie på. Den kunnskapen kan vi altså ikkje finna fram til på eiga hand, men han må gjevast oss av Gud. Det har Gud gjort gjennom sitt ord i Bibelen, openberringa. 

Dette er vi avhengige av å tru, fordi det er berre ved denne kunnskapen vi kan få ei sann og rett gudstru. Trua på Bibelen som openberring er ein del av sjølve gudstrua, og gudstrua kviler på denne openberringstrua. Grunnen til at vi trur at Guds ord i Bibelen er openberring, er at dette ordet ber i seg ei overtydingskraft. Guds ord skaper sjølv tru på seg som openberring. Det er ein del av Ordets vesen at det har denne overtydingsmakta og denne trusskapande evna i seg. I det daglege tenkjer vi ikkje så mykje over dette, men det er avgjerande viktig at vi held fast på denne trusposisjonen. Slepper vi taket her, raknar det heile når vi får argument utafrå som underkjenner Bibelen som sanning. 

Vi tenkjer nokså sjølvsagt at Bibelen er openberring med tanke på det som høyrer framtida til, Jesu atterkome og livet på den nye jorda. Den boka som mest omfattande talar om dette, kallast då også med openberringsomgrep – Johannes openberring. Vi veit jo at vi ikkje har føresetnadar erfaringsmessig eller vitskapleg til å vita korleis framtida vert eller kva som skjer ved Jesu atterkome. Difor set vi vår lit til Jesu openberring av dette, vi trur openberringa. Det vert raskt annleis når det gjeld det som høyrer fortida til, særleg GT, og naturen. Det som høyrer naturen og fortida til, kan vi forska på ved naturvitskaplege metodar og historievitskap. Då vert det lett til at vi gjer vitskapleg arbeid til dommar og fasit. Då vert raskt vitskapen, altså den menneskeleg baserte kunnskapen, overordna Bibelen som openberring. Då trur vi berre det i Bibelen som samsvarar med det vi finn fram til ut frå vår posisjon under sola. Då har vi forlete openberringa som ein trusposisjon.

(Innspel i Dagen 12.06.2014, med tillatelse fra forfatter)