Artikel nr 11 fra blad nr 5-2014
Emne: Bladklipp
Frå Menighetsfakultet til Pluralismefakultet
Av Johannes Kleppa

Dagen hadde mandag denne veka ein avklarande og avslørande reportasje om situasjonen ved Menighetsfakultetet (MF). Denne viser tydeleg at fakultetet ikkje lenger kan definerast som ein teologisk bibeltru eller konservativ utdanningsinstitusjon. Bibelkritikk og liberalteologi har fått solid fotfeste, samstundes er nokre av lærarane moderat konservative. I tillegg har MF vorte økumenisk ope. Det teologiske menighetsfakultetet har vorte til Det teologiske pluralismefakultetet. 

Dette er ei svært dramatiske utvikling, og det er ei endring som ikkje berre ber i seg ei teologisk endring blant lærarane, men det fører med seg ei total endring av fakultets funksjon. På det personlege planet kan vi førehalda oss ulikt til lærarane ut frå kva dei står for, men med tanke på den utdanninga institusjonen gjev, må vi førehalda oss til den profilen fakultetet har. MF har vorte ein utdanningsinstitusjon som aktivt og vilja verkar til teologisk pluralisme, og som aktivt og vilja fylgjer og fremjar utviklinga i Den norske kyrkja (Dnk). Det er den motsette oppgåva i høve det MF vart skipa for. 

Det har i alle år vore ulike syn på nokre spørsmål ved fakultet, slik som i bibelsyn og kyrkjesyn, men lenge var det innan tydelege grenser. Mange har meint at det i det moderat historisk-kritiske bibelsynet låg ein kime til ei negative utvikling. Det har vist seg å vera rett, men det må samstundes seiast at det ikkje berre har vore ei glidande utvikling i liberal lei, men det har skjedd i sprang. Ved starten på 2000-talet må det som har skjedd, definerast som eit kvantesprang i bibel- og læresyn ved MF. Dette har openberra seg ved at halvparten av lærarane no seier ja til homofilt samliv. 

Det som har skjedd dei siste 10-15 åra, er nesten ikkje til å tru. Fakultet har plutseleg plassert seg i ein historisk ny posisjon. MF har omdefinert seg frå å vera eit «menighetsfakultet» som skulle fremja bibeltru teologi og ha front mot liberal teologi, til å verta eit pluralistisk fakultet som avspeglar og fremjar den pluralistisk teologiske situasjonen i Dnk. Ei ny forståing av akademisk fridom har oppløyst den forpliktinga som ligg i fakultets grunnlag og historie. Rektor ved MF, Vidar Haanes, forklarer og forsvarer utviklinga og posisjonen på ein slik måte at ein får inntrykk av at det heile er vilja og positivt. Dette gjer situsjonen fastlåst. 

Når ein stiller seg i ein slik bibelsynsposisjon, at ein forsvarer som rett, det Bibelen definerer som synd og som fortapingsgrunn, har ein i røynda gått til angrep på krossen, Jesu forsoningsverk. Det er situasjonen ved MF no, ved at ja til homofilt samliv har fått ein legitim plass og sterkt vert fremja ved fakultetet. Ein institusjon som har innteke ein slik posisjon og som baserer seg på teologisk pluralisme, er ikkje eigna for utdanning til teneste i den kristne forsamlinga. 

(Innspel i Dagen 07.08.2014, med tillatelse fra forfatter.)