Den liberale teologien kjem til oss i klede som høver til tida, men i sitt innhald er han alltid den same. Det er ein teologi som i siste instans alltid vil underminera evangeliet og med det alt som har med kristen tru å gjera. Liberalteologien orienterer seg alltid ut frå religiøse kjensler og erfaringar, og angrip alltid dei kristne dogma. Det er ein teologi som er oppteken med å tilpassa kristendommen til det til ei kvar tid ”moderne” mennesket.
For litt sidan høyrde eg eit tankevekkande føredrag om ”Klassisk og ny liberalteologi” av Peter Olsen, førsteamanuensis ved Dansk Bibelinstitutt. Han påpeika at den liberalteologien som vaks fram utover 1800-talet og som var på høgda straks før første verdskrigen, hadde eit positivt sikte. Det var ein teologi som rett og slett ville berga kristendommen. Det var oppstått eit veritabelt stormløp mot kristendommen frå kulturelt hald utafor kyrkja, og den liberale teologien ville vera eit kyrkjeleg svar på dette angrepet. Dei liberale teologane ville vera apologetar og redda kristendommen frå den totale undergangen. Resultatet vart omtrent det omsette.
Det er eit poeng å vera merksam på det føremålet som liberale teologar hadde, og at liberalteologien vaks fram innafor kyrkja, og slik var ei indrekyrkjeleg vranglære. Slik vil det alltid vera. Det gode føremålet er ikkje alltid nok, saka er kva som faktisk vert lært og forkynt. Då er det slik at liberalteologien alltid vert utflytande og utan noko felles substans, fordi ein ikkje orienterer seg ut frå det absolutte som ligg i ei guddommeleg openberring, nedfelt i Bibelen, men ut frå religiøse kjensler og det folk subjektivt sett er opne for. Med tanke på personleg andaktsliv kan liberalteologar vera blant dei mest fromme, men dei er utan ein fast læremessig bodskap.
Liberalteologien sviktar då på dei områda der det naturlege mennesket, folk flest, reagerer mest negativt og finn kristentrua mest fråstøytande. Det vil alltid vera i kjerneområda for kristendommen: det totale syndefordervet, Guds dom og vreide, Jesu straffeliding og soningsdød for synda vår og – kanskje aller mest – helvete. Det byrjar gjerne med det siste. Freistinga vert å tona ned, fortia, omtolka og i siste omgang fornekta det folk reagerer på. Resultatet vert ein kristendom utan kross og utan frelse, alt vert omgjort til ei etisk og sosial sak tilpassa tida.
Den grunnhaldninga som er i liberalteologien ligg tungt inn over Kristen-Noreg i dag, og vi vert alle lett fanga inn av det. Problemet er minst der fornektinga er tydeleg, og størst det enda ikkje er meir enn ein tendens. Forholdet til liberalteologien kan altså prøvast på i kva grad og på kva vis syndefordervet, Jesu straffeliding for og soning av synda, Guds vreide og fortapinga vert forkynt. Den pågåande debatten om helvete er slik eit testspørsmål.
(Innspel i Dagen 20.02.2014 med tillatelse fra forfatter)