Mitt barn, no er du bore
I Herrens hage inn. Ved livsens elv, den klåre, der gled seg hugen din. Med Gud du no kan tala, - meir fager enn ei sol, som aldri meir skal dala, - Ved Guds og lammets stol. |
Den lukka eg deg unnar: Ved gledehavet stå. Og hjarta mitt det stundar Dit opp til deg å gå. Å du for fryd og fagnad Når vi får møtast der! Å sæle ævelagnad Å leva Herren nær! |
Mitt barn i Herrens hender, Sov søtt – han signar deg! Han som hugsvaling sender, Deg elskar inderleg. Du levde Gud til glede, I Gud du sovna sæl. No syng du takkekvæde, Og lever evig vel. |
(Hallgrim Petursson,
1650/1655. Trygve
Bjerkrheim, 1954. Nr 812 i Sangboken) |