Artikel nr 2 fra blad nr 3-2013
Emne: Andakt
Synd og nåde
Av Ragnar Opstad

”Eg vil gjera mi pakt med deg, og du skal kjenna at eg er Herren, så du skal koma i hug ferda di og skjemmast, og ikkje opna munnen din meir på grunn av skamma di, når eg tilgjev deg alt det du har gjort, seier Herren Herren."
(Esek 16, 62-63)

Ein lovnad i skamma 

Desse orda vart talt til Juda stamme, som hade svike Herren og drive hor med avgudar. Det blir skildra i all si gru i Esekiel kapitel 16. 

Eg òg har mykje å skjemmast over i mitt kristenliv. Vonde, såre minner om synd og uforstand – som kan klaga og plaga meg og ta frimodet frå meg.

Juda fekk ein lovnad – ”midt i si skam”. (Esek 16). I vers 62-63 stod altså dette: ”…så du skal koma i hug ferda di og skjemmas, og ikkje opna munnen din meir på grunn av skamma di, når eg tilgjev deg alt de du har gjort…”. Alt! 

Retten til å gløyma 

I samanheng med lesnaden av Esekiel 16, leita eg etter ein song or songboka til husmøtet vi skulle ha om kvelden. Då fall augo mine på den som står på nummer 262 i ”Sangboken”: ”I syndsforlatelsens rike”. I vers fire står det slik: 

Et evig liv jeg nå eier. 
Tenk Jesus taler for Gud min sak! 
Jeg glemmer alt det som ligger bak 
I kraft av korsdødens seier. 
Min frelse bygges på Golgatas verk, 
Og troen, om den er svak eller sterk, 
Og følelser er forsvunnet, 
På Jesus troen er grunnet. 

Det som her gjorde meg så godt, var denne strofa: ”…Jeg glemmer alt det som ligger bak I kraft av korsdødens seier...” 

No hadde det nettopp blitt til så stor trøyst at Herren hadde tilgjeve meg alt det eg hadde gjort. Så seier han altså her – gjennom sitt songvitne, at Jesus har også vunne meg retten til å gløyma ”alt det som ligger bak I kraft av korsdødens seier”! 

Paulus vitnar det same: 
”men eitt gjer eg, eg gløymer det som ligger attanfor og strekkjer meg etter det som er framanfor, og jagar mot målet, til den sigersprisen som Gud har kalla oss til der ovanfrå i Kristus Jesus.” (Fil 3,14) 

Dersom dette galdt meg åleine, så kunne eg berre hatt det for meg sjølv, men det er til alle som har bruk for det! 

Du som freden meg forkynner, 
Du en Frelser, jeg en synder, 
Du med Amen, jeg med bønn. 
Du med nåden, jeg med skammen - 
Å, hvor vi dog passer sammen, 
Du Guds salvede, Guds Sønn!”