Av Trygve Bjerkrheim
Ave crux – spes unica!
Ver helsa, kors! Ver helsa, kors!
Du er vår einaste von.
Ver evig lova, Kristus, Guds Son!
Du valde korset sin tunge veg.
Du ville livet ditt gjeva.
Du døydde so me skal leva,
leva evig ved deg.
Vel var han lang og tung, den dag
du stridde i vande og våde.
Å sjå til du då leid nederlag,
so mørket si makt fekk råde.
Men Kristus, du vann det store slag.
Du kjøpte åt oss det kvite skrud,
ei evig rettferd og fred med Gud.
Du vann oss hans salige skrud.
Du gav for oss so dyr ein pris.
Den vann oss rett til paradis.
Ja, korset vart eit livs – symbol.
Og Kristus er vår skjold, vår sol.
Me difor priser Golgata,
og glade syng halleluja!
Ave crux, spes unica!
Ver helsa, kors! Du er vår einaste von.
Ver evig lova, Kristus, Guds Son!
(Fra påskekantaten Ave Crux – Spes Unica 1978. Skrevet på
oppdrag fra Ganddal pikekor. Hentet fra ”Dagen og Kallet” bind IV,
Lunde forlag 2002)