Artikel nr 2 fra blad nr 3-2012
Emne: Andakt
Kven klagar, fordømer og skil?
Av DagRune Lid

Kven vil klaga Guds utvalde? Kven er den som fordømer? Kven vil skilja oss frå Kristi kjærleik? Desse tre spørsmåla mot slutten av Romarbrevet kap. 8 er på eit vis ei oppsummering av bodskapen som Paulus har formidla utover heilt frå Rom 3,21. 

Kven vil klaga? 

Både lova og djevelen klagar den truande. Når Guds lov anklagar, er det med på å driva den truande til Kristus. Der har han erfart at i Guds ords lys verkar Jesu blods reinsande kraft, og at det frir han frå lova sine anklager. 

Kvifor dømer Herren?«Når me vert dømde, då er det Herren som refsar oss, så vi ikkje skal verta fordømde saman med verda.» 1Kor 11,32 Denne domen er til berging for meg, så sant den driv meg til Kristus. 

Djevelen derimot klagar Guds utvalde heile tida for fall, nederlag, svikt, forsømingar – ja, at ein i det heile kan kalla seg ein kristen. Ein må gje djevelen rett i hans klager. 

Men når Paulus skal svara på spørsmålet: «Kven vil klaga Guds utvalde?», svarar han ikkje på kven som klagar. Han svarar derimot på det motsette – kven som rettferdiggjer, og svarar: «Gud er den som rettferdiggjer.» 

Det er ikke kven som klagar, eller kva tilstand den truande er i som vert sett i fokus, men korleis Gud handlar. Det er Herren som rettferdiggjer, og når han gjer det, då er det ingen anklage eller anklagar som kan døme den truande. 

Kven fordømer? 

Det andre spørsmålet lyder: «Kven er den som fordømer?» Som kristen møter eg fordøminga frå andre menneske. Eg kan kjenna på fordøminga frå mitt eige samvit. Djevelen fordømer meg heile tida osv. 

Romarbrevet 8 vert innleia med dette veldige: «Så er det då inga fordøming for dei som er i Krisus Jesus.» Tenk det! Tru det! Sjølv om djevlen, verda og mitt eige kjøt rasar – og fordømingane haglar. Det finst inga fordøming i Kristus! Kvifor? Når eg er i Kristus Jesus må alt som møter meg først møta Kristus - også fordøminga. 

Dei truande skal få kvile i at «om hjarta vårt fordømer oss, så er Gud større enn hjarta vårt og kjenner alle ting.» 1Joh 3,20 

Kven vil skilja? 

Det er mange ting som prøver å skilja den truande frå Kristus i denne verda. Det kan vera trengsle, angst, sjukdom, svolt, fare osv. Den truande må også rekna med å gå gjennom mykje fordi han er ein kristen. 

Paulus hadde opplevd både å verta steina, hudfletta gong etter gong, fleire forlis på havet osv. (2 Kor 11,25). Han hadde også ein «torn» i kjøtet som han aldri vart kvitt. Likevel kunne ikkje noko av dette skilje han frå Kristi kjærleik. 

Han vitna derimot at gjennom alt dette «vinn me meir enn siger ved han som elska oss». Tenk, meir enn siger! 

Korleis kunne han seia noko slikt? Jau, han hadde erfart at Herren stod ved sine løfter til minste detalj! Difor kunne han også konkludera så forunderleg: «For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, korkje høgd eller djupn eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.» Rom 8,38-39