Artikel nr 2 fra blad nr 6-2010
Emne: Andakt
Guds kjærleik og det evige skille (Luk 16,19-31)
Av Otto Jakobsen

Evigheten og det store og endelege skillet er ei sentral sak i Guds ord. Det kjem ein dag når det store skillet som er allerede no, skal bli openbart. Innerst inne veit nok dei fleste om det fordi evigheten er lagd inn i hjarta, så det er ikkje så greit å kome unna. At dette referatet frå evigheta skulle ha så mykje med Guds kjærleik å gjere er vel vanskeleg å sjå for mange. Gud var verkeleg god mot den rike mann. Gud let han få oppleve at det tilflaut han velstand og overflod. Kanskje om mogleg kunne all denne godleiken drive han til omvending. Eller han såg at dette ikkje kom til å skje,slik at han ikkje fekk gi han noko i evigheta. 

Me skal lære av dette at ein aldri må misunne verda deira rikdom. Det er berre ei lita stund så er han borte, kva skal ein så leve på. Det er farleg å leve på det ein ikkje kan døy på. Alt det som fungerte så greit her i tida ,var borte når evigheta inntrådde. No var det ikkje ein dråpe vatn å svala seg med for han som hadde levd i slik overflod. Den rike mann rekna nok med at overflodslivet skulle fortsetje som før, men då han slo opp augo sine i dødsriket var alt som han sette si lit til her i tida, borte. 

Det ser ut til at han hadde eit slags Gudstru. I alle fall ytra han seg: Far Abraham. Og Abraham kvitterte: Son min. 
Det kan nok hende at han var respektert som ein mann som hadde Guds velsigning over seg, det er det rimeleg å tru. Guds godleik mot han ga seg det utslag at han sendte Lasarus til han som vitne. Han var fråteken alle livets mest nausynte goder. Han var dumpa der. Han var full av sår, altså utanfor samfunnet, Han hadde berre det matrielle ynskje, å få metta seg med smulane som datt frå bordet til rikingen. Sosialhjelpa hans var hundane som sleika såra hans. Den rike mann vart dagleg undervist i kor godt du har det, sjå berre på Lasarus. Alt dette gjorde inntrykk på den rike mannen. Då han opplevde den evige realiteten utan Gud, bad han om at Lasarus måtte bli sendt til farshuset. 

Skulle noko vitnesbyrd nå fram, måtte det vera Lasarus sitt vitnesbyrd, så stort inntrykk hadde Lasarus gjort på han. Ein skal her merkja seg at den rike mannen ikkje framførde noko klage over at han var hamna der han var. Då han såg Lasarus, forstod han kva som var satsa for at han skulle unngå pina. Han hadde forkasta redningsaksjonen og hadde dermed bedt om å få kome dit. Skrifta fortel oss (Fil 2,10-1), at på den store dag skal kvart kne bøye seg og kvar tunge skal bekjenne at Jesus er Herre til Gud Faders ære. Abraham viser til ordet: Høyr ordet! Kom til ordet! Den som kjem til ordet, kjem til Jesus og han støyter ingen bort som kjem for å ta det frelsande oppgjeret som vil føre oss over det store skillet her i nådetida. 

Utset det ikkje, men kom. Bli ved å kome til han som bevarer syndarar og frelsar dei frå den evige pina. Lasarus stunda etter det den rike mann ikkje hadde bruk for ved bordet, nemleg smulane. Idag er det også mange som ikkje har bruk for smulane som ikkje smakar så godt, nemleg ordet om synd og nåde, dom og frelse. Den som kjem til Jesus med noko, får ingenting. Den som kjem til Jesus med ingenting, får alt.