Artikkel nr 8 fra blad nr 1-2010
Emne: Guds ord og løfter
”Gud er på tronen ennu”

Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.

Av Jon Olav Østhus

Den 29. November i 2009 talte Jon Olav Østhus på Skjæveland Misjonshus over tema ”Gud er på tronen ennu”. Vi har fått manus til talen og gjengir den her i delvis muntlig form. 

Salmane – ei av dei mest sentrale bøkene i Bibelen. Dei har vorte til over ein lang tidsperiode, omlag 1000 år. David er den som har skrive flest salmar. Salmane er Bibelens lengste bok. 

Det er den boka i GT som oftast er sitert i NT. Det mest siterte verset er Salme 110,1: ”Herren sa til min Herre: Set deg ved mi høgre hand, til eg får lagt dine fiendar til skammel for føtene dine!” 

Luther kalte Salmane for ”Bibelen i Bibelen”, dvs. ein slags Bibel i miniatyr. På hebraisk heiter dei Tenillim som betyr lovsongar. Visse deler er fast standard under ein del jødiske høgtider, til dømes Pesach, Salme 113 – 118. Det store hallel, ”lovsangen”, som det står om i påskeevangeliet. 

Me er mest vant med å lesa dei, men dei kan også syngjast, f.eks. Salme 121! 
Salmane vert ofte trykt saman med NT som ei lommeutgåve. 

Grupperinga, Salme 22 – 24 er ganske nøye knytta saman. Salme 22 referer Jesus på korset. Salme 23 er resultatet av Jesu storverk. Salme 24 vert ein naturleg reaksjon på Salme 22 og 23. 
    Vers 1 – 2 er eit slags preludium for heile Salmen. Dei set eit perspektiv på det heile. Det er ei viktig påminning at me er forvaltarar. Om du eller eg har ein liten flik av denne verda som me kan kalla vår, så har me det berre til låns. Og ikkje berre jorda, men verda og dei som bur der. Gud gav oss rett til å styra over denne verda, men diverre gav menneskeslekta denne råderetten over til Satan. Dette gjenoppretta Jesus med sigeren på Golgata, og så gav han denne råderetten attende til oss. Gjennom vårt bøneliv gjev me Gud ein slags legal rett til å gripa inn i våre liv, og det me er opptekne av. Slik kan hans sterke krefter verta forløyst gjennom oss. 

Me kan også referere til då Jesus vart freista siste gongen av Djevelen i Mat 4,8-10. Men det er himmelens og jordas skapar som eig sitt eige verk. 

Då Paulus var i Aten, vart han kalla ”Ordgytar” (Apg. 17,24-28). Men han kom med eit veldig klårt vitnemål om den levande og allmektige Gud. 

Den 1. trusartikkel. Herren, Elohim, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, Israels Gud held heile verda i si hand. Det blir då veldig galt om me hoppar bukk over alle dei spesielle løfter han har gjeve sitt utvalgte folk. Landet høyrer Herren til (3 Mos. 25,23), men samstundes hadde Israels folk ein Gud som var Gud over heile verda. 

Aschenfeldt- Hansen meiner denne salmen vart skriven i samband med at David fekk lov å flytta paktens ark frå Kirjat-Jearim og opp til Jerusalem ( 2 Krøn. 15 og 2 Sam. 6). Det var i Jerusalem ho høyrde heime. Israelsfolket hadde prøvd å flytta henne ein gong før, men då greip Gud inn og Ussa døydde fordi han tok i kista. Dette skræmde David. Så vart ho flytta inn i Obed-Edoms hus som frå då av vart gjenstand for stor velsigning. Då David får høyra om dette fører han kista til Jerusalem, til Davidsbyen. 

Paktsarka var det viktigaste inventar i tabernaklet. Arka var 1,2 m X 0,72m X 0,72m. 

Ho var dekka av gull både innvendig og utvendig og hadde eit lokk som også var av gull, nådestolen. Her stod to kjerubar av gull med vengene utbredt slik at dei dekka heile nådestolen. 

Det som var i arken var lovtavlene, seinare vart Arons stav som blomstra, ei krukke med manna og lovboka stillt ved sida av arka. 
    Arka var på mange vis eit symbol på Herrens nærleik f.eks då Jeriko vart teken. 

Det står ein modell av tabernaklet med paktens ark i Timna Park heilt sør i Israel. Eg hadde gleda av å vitja denne staden våren 2009 og hadde då ein kristen (ikkje-jødisk) guide som forklarte symbolikken og linken til NT. Det var ei stor oppleving. 

I Jerusalem måtte arka vera. Byen vert også kalla ”Fredens bustad” eller ”Staden for Herrens navn”. Det er verdas mest omstridte by, nevnt omlag 800 gonger i Bibelen, einaste byen Jesus gret over og einaste byen som me spesielt vert oppmoda til å be for, sjå Salme 122. Byen har ein heilt eineståande posisjon i verda. Israels hovedstad frå 1980 og på mange vis verdas sentrum. Det er trist med den pågåande diskusjonen om deling av Jerusalem. Malcolm Hedding, leiaren i Den Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem, hadde nyleg eit lesarinnlegg i Jerusalem Post der han skreiv at jødane har større rett på Jerusalem enn franskmennene på Paris, engelskmennene på London og amerikanarane på New York. Dette er jo heilt rett fordi byen har vore ein jødisk by i omlag 3000 år. Det var David som tok byen frå jebusittane. 

Jesus vil koma fysisk tilbake til Jerusalem (Oljeberget). Han skal bli ynskt velkommen på sitt eige språk, “Baruch Ha Ba B’Shem Adonai”, frå Salme 118 : ”Velsigna vera han som kjem i Herrens navn!” Det betyr eigentleg ”velkommen”, me har venta på deg! Og er der ikkje jødar i Jerusalem, kan han ikkje koma att! Profeten Sakarias seier: ”Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folka rundt ikring. Jamvel Juda må vera med og kringsetja Jerusalem. Den dagen skal det henda at eg gjer Jerusalem til ein lyftestein for alle folkeslag. Kvar den som freistar å lyfta han, skal berre riva seg opp. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot byen” (Sak 12,2). 

I Aftenpostens nettdebatt i slutten av november var det ein som skreiv: ”Kanskje den eneste løsningen er å gjøre Jerusalem til en VERDENSBY, underlagt verdenssamfunnet. 

Nå når verdenssamfunnet bruker militær makt der hvor man ønsker det ... burde ikke tanken være altfor fjern om å stille opp også i Jerusalem”. 

Det stramar seg til. Denne byen står veldig sentralt i endetida (Jes. 2,1-5). Vers 3b – står skrive på grunnsteinen i Knesset: ”For frå Sion skal lovlære gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem.” 
Vers 4b står skrive utanfor FNs hovedkvarter i New York: ”Dei skal smi sverda sine om til hakker og spyda sine til vingardsknivar. Eit folk skal ikke lenger lyfta sverd mot eit anna, og dei skal ikkje lenger læra å føra krig.” Men legg merke til at FN kutta ut vers 4a: ”Han skal døma mellom heidningfolka og skifta rett for mange folkeslag.” Dette er jo ikkje veldig politisk korrekt, men det er bibelsk, sjå også Mika 4,1-4. 

Dette syner oss Jerusalems sanne og gudgitte rolle: ”Og eg vil jubla over Jerusalem og fryda meg over folket mitt. Gråt eller skrik skal ikkje høyrast meir” (Jes 65,19). Dette treng ikkje liggja veldig langt fram i tid. 

Bak all striden om denne byen ligg den åndskamp som nå blir stadig klårare for alle som vil sjå. Dei gjer alt dei kan for å bera dei åndelege restene av paktens ark ut att frå Jerusalem og på det viset prøver dei å fjerna Herrens nærvær frå byen. Men dei skal mislukkast. 

Likevel skal me ta islams agenda djupt alvorleg. 
S. E. Omdal hadde ein artikkel i Stavanger Aftenblad 28.11.09 med overskrifta: ”Gud er ikke godt stoff”, underforstått; slikt stoff sel ikkje godt i markedet. Han skriv mellom anna: ”Det foregår en omfattende usynliggjøring av protestantismen og en tiltakende demonisering av islam i norske medier. Kristendommen er noe vi har lagt bak oss, islam er noe vi må beskytte oss mot.” Det er mogeleg Omdal her ironiserer litt. Men faktum er at me ikkje kan verna oss skikkeleg mot islam utan å ikle oss Guds kraft, sjå Ef. 6. Dette er grunnen til at islam er så vanskeleg for mange vestlege land å handtera. Det er fordi at den åndelege dimensjonen er ikkje-eksisterande hjå dei fleste. 

Såleis kan vi seia at ”alliansen” mellom sekulær humanisme og radikal islam kan ta knekken på den vestlege verda slik me kjenner henne. Fyrstnemde har jo avsett Gud fullstendig. Tenk på bussane i London og ein del andre byar som køyrer rundt med reklame om at Gud er død, lev som du vil! Men Guds ord seier: ”Eg, Herren, har ikkje forandra meg og det er ikkje ute med dykk, Jakobs born.” (Mal. 3,6) 

I Dagbladet 26.11.09 fortel ein svensk journalist om ein episode ved frukostbordet i heimen hans. Brått spør den fem år gamle sonen: ”Pappa, er jeg muslim?” Faren vert heilt overrumpla over spørsmålet, men tek seg saman og svarer: ”Nei, du er svensk!” Forvirringa i våre dagar er enorm. Svaret var ikkje dårleg, men statsborgarskap er ikkje det same som religionstilknytning. 

Kven får ha fellesskap med Gud? (Vers 3-4). Svaret er dei rettferdige, sjå Mat. 5,6 og 8. Dette er ikkje dei syndefrie, men dei som ynskjer å vera syndefrie og syrgjer fordi dei ikkje held mål, men som får trøysta seg til han som held mål, forsonaren Jesus Kristus. Dei som ynskjer å vera av sanninga og som hatar hyklarskapet. La oss tenkja på den gamle inngangsbøna (klokkarbøna):”læra av ordet ditt, syrgja over syndene mine og tru på Jesus i liv og død ….”. 

Det har blitt meg fortalt at gamle misjonær Olav Espegren på sitt dødsleie vart spurt av ein av sine søner: ”Er det noe du ønsker, far?” Han svarte: ”Jeg ønsker meg et rent hjerte.” Slik er det å leva nær Gud! 

Den som har det slik vert rikt velsigna ( v 5). Han/ho får: a) Velsigning frå Herren b) Rettferd frå Gud, sin frelsar. Uansett kva du måtte finna på, ikkje still deg slik at du misser Herrens velsigning! Ta hans ord på alvor! Lev i det, bruk det! Så er det viktig å understreka at Herrens velsigning ikkje er det same som medgang, sjølv om det kan vera det også. Martin Sandve song ofte: ”Han lutrer nok sine i ildprøvens luer: Men aldri forlater han noen av dem. Så derfor de trengsler hvorover du gruer, er bare velsignelser omkledt, min venn.” 

Guds ord seier: ”Lat Kristi ord bu rikeleg mellom dykk – - - -”. (Kol 3,16) 

Bibelsk Tro er eit flott navn på ei forsamling. Det katastrofale i vår tid er at folk flest ikkje les Bibelen, og dette problemet går langt inn i kristenflokkane. Mange synest å ta seg tid til det meste, unntatt dette aller viktigaste. Me treng ein skikkeleg bibelvekkelse mellom oss kristenfolk. Eg treng det sjølv også. 

Vers 6 er ein slag førebels konklusjon. Dei kjem inn i ei ny slekt som har dette fellestrekket: ”Dei spør etter han”. ”Søkjer ditt åsyn”, dvs. Herrens nærvær, arka, åndeleg sett. Er det ikkje flott? 

”Så seier Herren, Israels Heilage, han som skapte det: Spør meg om det som kjem!” (Jes. 45,11). Alt står i Bibelen. For eit privilegium å vera eit Guds barn. ”Det er dog noe å være barn, av Gud den evige Fader, og her på jorden ha ham til venn, som aldri sine forlater ….”. 

”Så sa Herren: Stå på vegane og sjå etter. Spør etter dei gamle stigane. Spør kvar vegen til det gode går, og ferdast på den. Så skal de finna kvile for sjelene dykkar....” (Jer. 6,16). 

Me refererte tidlegare til ”Jakobs born” frå Mal. 3,6: ”det er ikkje ute med dykk, Jakobs born.” Dette inneber at me får eit tett fellesskap med Israels 12 stammer, herunder Josef som har så mange parallellar til Jesus. Josef er ein slags prototype på Messias, Jesus. 

I 1 Mos. 41,45 får han navnet ”Sofnat-Paneah”. Det betyr Livets brød, og det er eit av dei navna Jesus brukar om seg sjølv. Før Josef berga si eiga ætt, berga han heidningefolket i Egypt. 

Hovedgrunnen til at denne salmen vart skriven er for å minna om dei som ber paktens ark inn i Jerusalem. Ser du dei for deg der dei nærmar seg bymurane! Her er ein enorm stemning med song og musikk, til og med dans anført av David sjølv. Dei er klar over kven det er som kjem: ”Herlegdomens Konge” Og salmisten synest det er for trongt. Portane må utvidast: ”Lyft hovuda, de portar.” Det må bety at dei må utvidast i høgda. Det må vera romsleg når Herlegdomens Konge skal dra inn. 

”Gjør døren høy; Gjør porten vid, Se ærens konge kommer hit! Han hersker over alle land, og er all verdens Frelser sann.” Det er dette det handlar om: Å gi Jesus adgang i våre liv (Opb 3,20). 

Eg vonar me alle kan svare som songforfattaren: 
”Mitt hjertes dør jeg åpner deg, O Jesus kom hit inn til meg. Og ved din nåde la det skje. At jeg din vennlighet må se.” 

To gonger vert spørsmålet stilt her: ”Kven er denne Herlegdomens Konge?” 
Svaret er fyrst: ”Herren, sterk og veldig. Herren mektig i strid.” Det har Israelsfolket erfart gong på gong gjennom si historie. Og her kjem meir av same slaget, fordi Guds løfte gitt i 2 Mos. 14,14 står ved lag: ”Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille”eller 15,3: ”Herren er ein stridsmann. Herren er namnet hans.” Det er ikkje heilt god latin alle stader å snakka om dette. Gud er jo kjærleik, mykje kjekkare å snakka om fred etc. Men me kan ikkje underslå det Bibelen seier om dette. Slutten av denne salmen peikar klårt fram mot Jesu andre komme. Og då seier Bibelen at han kjem som ein militær herskar på ein kvit hest, som seierherren. 

Det andre svaret som blir gitt på kven som er Herlegdomens Konge er: ”Herren, allhærs Gud.” Eller som det ofte står i engelske bibeloversettelsar: ”King of the Universe.” Universets Konge. Han er på truna framleis uansett kva folk måtte meina om han. Salme 2 talar noko om at han som tronar i himmelen, ler når han ser kongane på jorda som reiser seg mot han! Han ler mot alle desse som har vonde planar mot Herren og den han har salva. 

Lat oss førebu oss på å ta imot han, både i den helga som nå ligg framfor oss, og til hans andre komme. Då vil eg råda deg til å fylgja Hebr. 4,16:

”Lat oss difor gå fram for nådens trone med frimod, så me kan få miskunn, og finna nåde til hjelp i rette tid.”