Baksida fra blad nr 3-2009
Emne: Sang
Hald meg vaken

Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.

Av Annbjørg Helland Sævareid

Hald meg vaken, kjære Jesus,
eg er trøyt og sovnar lett.
Skumringstimen er snart over,
så kjem mørket svart og tett.

Hald meg vaken, kjære Jesus,
til du kjem og hentar meg.
Falske hyrdar hevar røysta,
lat meg følgja etter deg.

Hald meg vaken, kjære Jesus,
i det kallet du har gitt.
Så eg må i alt eg møter,
halda fast på ordet ditt.

Hald meg vaken, kjære Jesus,
når ditt ord blir oversett.
Og den synd som du må hata,
av dei lærde går for rett.

Hald meg vaken, kjære Jesus,
når eg syns eg har det godt.
At mitt hjarta ikkje sløvest,
ved det gode eg har fått.

Matt 24,41-42
”To kvinner skal mala saman på kverna, den eine vert teken med, den andre vert att. Vak difor! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem”.