Baksida fra blad nr 2-2009
Emne: Påske
Via Dolorosa

Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.

Av  Annbjørg Helland Sævareid

Via Dolorosa

Utan forsvarar, einsleg og sviken.
Skuldfri, men dømt i staden for meg.
Krona med tornar, spotta og plaga.
Sjølv bar du korset ein pinefull veg.
Enda Pilatus fann ingen synder.
Sjå dette menneske! Ropte han ut.
Utan eit ord og lydig som lammet
vart du mitt sonings offer for Gud.

2. Kledd i ei kappe av purpur, og håna.
Bøygd under korset mens blodet ditt rann.
Menneskehopen som først hadde hylla,
spotta og ropte: Korsfest denne mann!
Gjennom dei reine, skuldfrie hender
nagla dei kroppen din fast til eit tre.
Straffa som eg skulle hatt bar du villig.
I dine sår har eg frelse og fred.
Kor: Å, kor du elska like til døden.
Bar mine synder og sletta dei ut.
Hjelp meg å alltid leva i nåden.
Skap i mitt hjarta ei levande tru.

3. Himlen var lukka og dødsriket åpna.
Verda fortapt og angsten var stor.
Midt i det djupe mørket som rådde
tende du ljoset og vona på jord.
Døden har tapt og livet har vunne,
forhenget revna frå øverst i to.
Vegen til himlen vart åpna for alle.
Inn får eg koma på grunn av ditt blod.

Annbjørg Helland Sævareid
(Fra boka Nardussalve)

 

 ”Jesus kom då ut og hadde på seg klungerkrona og purpurkappa. Og Pilatus sa til dei: Sjå det mennesket” Joh 19,5.