Artikkel nr 15 fra blad nr 1-2009
Emne: Baksida
Etter jul

Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.

Av Annbjørg Helland Sævareid

Etter jul

Då englane var borte og songen tona ut,
var hyrdingane fylte av helsinga frå Gud.
Dei skunda seg mot stallen
der Himmelen steig ned,
og fann det vesle barnet
som kom med evig fred.

Eg møtte ikkje englar. Eg høyrde ingen song,
men i mitt hjarta kjende eg litt av same trong.
Eg ville møta Jesus
og eiga freden hans.
Men stallen han var borte,
og krubba utan glans.

Eg gjekk ei stund å leita blant halm og gule strå.
Så fann eg han på korset. Og høyr kva eg fekk sjå:
Her tok han mine synder
og sa at dei var hans.
I byte tok han på meg
si kledning og sin krans.

Til deg som enda leitar og lengtar etter fred,
som englane bar bod om då Jesus kom her ned:
Du finn han ikkje lenger
i krubbe eller stall.
Men lyft ditt blikk mot korset
og høyr hans milde kall.

Annbjørg Helland Sævareid